HEIA NORGE , på " gamlesenteret" i Puerto Rico, er eit kjent og kjært sted for mange. Turistar og fastbuande, her har dei trivst i mange år. God mat og god musikk fekk ein servert her. No har dei slitte lokala gjennomgått ei total endring. Kjøken er utvida, baren og scenen er flytta. Lokala er lyse og moderne, toalett er gøymt bak ein vegg, noko dei fleste set pris på...Nye eigarar har ein visjon om at dette skal bli ein plass med høg kvalitet på mat og drikke. Og kokken må jo bare væra ein av dei beste i bygda!
Me er jo nysgjerrige av natur, så torsdag tok me turen til Heia Norge, saman med Lindy og Steinar. Venneparet vårt, som er gode på å testa ut matrettar og kvalitetsdrikke. Varmt som det er no, satt me ute på trrassen. Fekk ein smilande og hyggelig velkomst, av ein kjekke vossing!
Menyen er ganske "norsk", med kjente rettar som kjøttkaker, babyribs, lettsalta torsk, fiskesuppa osv. Vinutvalg er i startfasen, men blir utvida etterkvart, med kyndig hjelp.
Me bestilte babyribs, lettsalta torsk og Lindy gjekk for biffsnadder!
Om det var bra? Fisken var perfekt, med ertepure og tomatchutney. Babyribsen var enorm, og veldig mør. Biffsnadder smakte som det skal på ein bra restaurant!
Det blit garantert ikkje siste gong me spise her. Servicen var utmerka, og me gler oss til kjekke kveldar her. Kanskje med live-musikk også?
Me gratulera dei nye eigarane med flotte lokaler og eit bra konsept. Veit at mange gler seg til å komma ned til øya, og besøkja denne kjære plassen. Her er det godt å væra!
Og det er godt å væra tilbake på Gran Canaria. Etter ein værmessig litt sur sommar i Norge, gjere det underverk med ein skrantande kropp å væra i dette klimaet igjen. Varmen og menneska her nede gjere oss glade! Temperaturen nærmar seg nok 30 grader på dagtid, men nydelig i skuggen under markisa. På senteret er det liv og røra, den skandinaviske sesongen byrjar no. Og me er råheldige som kan væra her over lengre tid.
Ynskjer alle ei god helg!