TURISME!

27.10.2024, 13:43

4 kommentarer

     Idag er det søndag, og ein nydelig dag i Puerto Rico. Høyrte det var meldt regn, men ikkje blitt regnvåt enda. Varmen er upåklagelig, så blir iallefall svettevåte. Fortsatt føle me oss svært heldige som kan tilbringa det meste av vinteren her. Få lov til å leva det gode liv, i ei urolig verd er det ikkje ein sjølvsagt ting. 

     Mange i min generasjon er flinke å gå ut i naturen her. Trimma og jogga. Klatra i fjellet. Eg er ikkje heilt bygd for dei store utskeielsane når det gjeld fjellturar, men likar å gå litt tur. I mitt eige tempo. I varmen tar eg det rolig, og vatn må sjølvsagt væra med.

     I dag blei det ein rusletur opp til Motor Grande, og det var godt å bevega meg. På turen er det jo god mulighet til å beundra stein i alle fasongar. Det er ganske så tørt, så ikkje særlig grønt. Men mykje å sjå på, turistar og bygningar. Men det var eit trist syn i veikantane. Søppel overalt! Plast, glass, papir, boksar,sigarettstumpar. I alle dagar! Er det me turistar som kastar dette søppelet i naturen? Er det canariere som  gjere dette?

 

 

 

     

     Eg må tilstå at eg blei litt trist. Har me verkelig ikkje meir respekt for den sårbare naturen og dyra? Alle er idag opplyst om plast , og skaden den gjere. Hvis det er me turistar som gjere dette, må me skamma oss! Er det canariere, har dei lite respekt for øya og naturen sin.

     Det har vore mykje fokus på "turisthat" i media. Det har vore demonstrasjonar. Me har reist til øya i over 20 år, og har aldri følt oss anna enn svært velkommen. Me har blitt kjent med canariere, og dei er varme og har alltid fått oss til å føla oss velkommen på øya. Eg trur kanskje det er myndighetene som må vakna opp, og tilretteleggja for eit verdig liv for dei som er innfødde. Som har rett til ein plass å bu, og mat på bordet. Prisane på husvære her går rett til værs, og det er me som pressar prisane opp. Me som er ganske priviligerte, har kanskje råd til å betala tusenvis for ein liten leilighet. Men det gjelde ikkje for mange canariere. Lønningane er slett ikkje store her, og mange blir pressa ut av markedet. Forstår godt frustasjonen og bitterheten! Men hatar dei oss turistar? Trur eg ikkje! Mange av dei lever av oss, og sete pris på det!

     Kvar søndag kveld er me ein gjemg som møtes på Mama Pino. Veldig hyggelig og bra restaurant som ligger i andre etasje på "gamlesenteret" i Puerto Rico. 

 

 

     Sjefen sjøl, Juan, har med seg ein dyktig gjeng, og me får alltid god mat og god service. Og det er jo slik, me skandinavere søke saman her på øya. Er sosiale. Og som regel, etter eit hyggelig måltid, går turen til Lillebror Party og Pianobar. Der Lillebror sjøl og David Farr gir oss fine musikalske opplevingar. Det må jo bare bli kjekt!

 

 

 

      Ser at det begynner å bli mykje turistar her no. Restaurantar og barar fyllast opp. Mange glade og lyserauge fjes å sjå. Livet er for det mesta godt her nede. Og når eg vaknar grytidlig om morgonen, takkar eg Vårherre for at eg får væra her. Takkar for vennskap. Og eg ber ei lita bøn for dei som ikkje er så heldige!

GOD SØNDAG TIL ALLE!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler