DET NYE ÅRET

Ann Kristin
Ann Kristin Halvorsen

03.02.2025, 16:56

               

 

     Så er det allerede februar måned, og årstallet er 2025.  Her i Puerto Rico, Gran Canaria , merkar me ikkje så mykje til at årstidane skiftar. Me står som regel opp til ein fin soloppgang, varmen og sola følger oss gjennom dagen. Kveldane kan væra litt kjølige på denne tida , krever ei lita jakke. Som ein velkjent, norsk sommarkveld på Vestlandet. Regn ser me ikkje mykje til, paraplyen henge nedstøva på kroken sin.

     Eg blir ofta spurt om eg ikkje blir lei av å væra her nedei mange månader. Svaret er nei. Synes egentlig det går altfor fort, og å dra mot nord fristar lite. Me har ein heim her, eit sosialt liv, og varme som er helbredande for kropp, og kanskje sjel. Sjølsagt saknar me familien. Skulle gjerne treffa dei oftare. Saknar hytta vår på vakre Moster, og å dra ut på fisketur. Men det kjem når det somrast i nord. Me er råheldige som har mulighet til å sleppa kalde og sure vintrar, og eg er svært takksam for det. Som bømling, og traust vestlending burde eg nok takla været i nord, men dess eldre eg blir, dess meir slite eg med været.

     Vandrar ein rundt på senteret i Puerto Rico, kan ein ikkje unngå å høyra lokale dialektar heimefrå. Eit fullt fly med glade vestlendingar landar på øya kvar laurdag, frå Karmøy. Ogsåfrå Stavanger kjem det fly. Ein treff mykje folk her som ein aldri treff heima i Norge. Som desse to flotte pensjonistane, som skal prøva tilværelsen her i tre månader. Dei er sporty som få, ikkje få kilometer dei vandrar her!

     Det sosiale er viktig for oss her i Puerto Rico. Treffa venner, spisa saman. Prat og latter. Kjenna på at det er godt å dela. Kjenna på at me må gripa dagen, så altfor mange kjente er reist frå oss. Me er jo i ein "farlig" alder, og me kjenne ikkje morgondagen. Det er verkelig kjekt når me kan samlast på langbord på Mama Pino, kvar søndag i kveldinga. Dette er ein canarisk restaurant, med kjempebra og smilande service. Våre favorittkelnere passer på oss, og Juan tryller fram nydelige retter. Vil ein dela uskyldig sladder, er det lov, latteren sitter løst, og Ingleif passar på at me tømer vinglaset vårt. Lindy og Steinar er våre faste bordkameratar, alltid kjekt saman med dei!

     Etter ei lang middagsøkt, ruslar me, ikkje så langt, men til "Lillebrors Party og Pianobar". Her får me alltid ein stol, Lillebror, Steinar, Maxim, Jack, Gavin og dei andre flotte kelnarane tryllar med bord  og stolar, slik at dei fleste får plass. 

    Så då er det bare å lena seg tilbake, og nyta kald drikka, og musikk for alle. For her står musikk i høgsetet.! Me er vel blitt stamgjester, sidan me ikkje klarer å gå forbi baren.....

 

         Det har vore mykje turistar her denne sesongen. Nesten litt overfylt, til tider. Og eg håpar canariarane skal tjena penger i bøtter og spann, sidan me innvaderer øya deiras. Men me føler oss fortsatt velkommen, blir møtt med smil der me vandrar. Men respekt for øya, og dei som eig den, er sjølsagt. Me er gjester!

Ha ein fin kveld på øya!



Andre artikler