Puerto Rico

Ann Kristin Halvorsen
Ein nydelig sommardag på Gran Canaria, ein herlig formiddag her i Puerto Rico. Terassemålaren vår viser 25 varme grader, fuglane kvitrar, og turistane storkoser seg. Nokon drar på stranda for å bada og oppgradera brunfargen. Andre tømmer lommeboka i shoppingeldoradoet Mogan Mall. Dei tøffaste tar på seg joggesko, og vandrar på fjelltur. Nokre blir liggande i senga og angrar litt på nattens utskeielser.
Eg er i kategorien god bok og kaffi på terassen. I skyggen, der temperaturen er behagelig. Er på nedtelling, snart flyr me mot nord. Forhåpentligvis mot ein vakker vår i Norge. Men, som vanlig, synes eg det er litt trist og forlata denne øya. Som føles litt som heima, sjøl om ho ikkje er mi, eg er bare gjest.
Det er eit aktivt musikk og kulturliv på øya. Her kan me musikkelskarar (les:blues) oppleva store og litt mindre artistar. I alle kategoriar. Ein av våre favorittar er "Rock the Mountains", festivalen der legendariske Bob Gorman er arrangør. Kvar mandag i vintersesongen går det buss frå sørsida av øya, til El Pinillo, campingplassen like oppforbi Arguineguin. Her blir me presentert for levande musikk, Bob er stødig leder og fantastisk musiker. Mange av øyas musikere opptrer her, og må jo nevna vår favoritt, "Crossfire"!
Denne musikkopplevelsen anbefales, starter opp igjen i oktober 2025. Billetter kan kjøpes av flere, bl.a @Silvana Åland, som er vår flinke "billettør".
Men me gler oss til hausten!
For oss som elskar rocka musikkopplevelsar, er det eit must å oppleva Kelly Marlow på "Shamrock". Denne rockeguden med stor utstråling, er eit unikum på scenen. Han opptrer her fleire kveldar i veka, og får salen til å dansa. Flinke Kelly!
Me takkar alle for ein flott sesong, for herlige opplevelsar, gode måltider, gode samtalar, gode venner og nye venner. Lever me, og har helsa, kjem me tilbake til øya til hausten.
Eg sender også ein takk til Vårherre, for at me er så heldige. Og for at me snart får treffa våre kjære og venner i Norge.
GOD SOMMAR!