TJUVANE I PARADIS!

Ann Kristin
Ann Kristin Halvorsen


     Vakre Gran Canaria. Øya me er blitt så glad i. I Puerto Rico har me ein heim, der me kan overvintra når kulda blir for tøff for kropp og sjel, det norske vinterværet. Her har me hatt ein heim i mange år, følt oss trygge. Følt oss varmt mottatt av canarierne. Prøvd å respektera at me er gjester her. Naive kan me ikkje væra, så har sikra heimen godt, gitter, alarm osv. For det er mennesker som okkuperer andre sin heim, og  dette kan væra mennesker som ikkje har penger til bolig, og ser at  "rike" utlendingar kjøper opp boligane, prisane kan gå svært høgt. Så står kanskje boligane tomme mesteparten av året. Eg kan forstå frustrasjonen og fortvilelsen blant dei huslause.

     Men likavel er det ikkje greit. Det er myndighetane sitt ansvar å sørga for at det er nok boligar til sine innbyggarar,  gi dei eit verdig liv. At dei kan forsørga familiane sine. At mennesker som har betalt i dyre dommar for ein bolig i ferieparadiset, kan føla seg trygge. 

     Me drar mot heimen vår i Norge utpå våren. Då er våre skrottar blitt oppvarma gjennom vinteren, og me har brukt våre pensjonistpenger på øyas butikkar og restauranter. Men heimen blir brukt av familie gjennom sommaren. Ei ordning me alle er fornøyde med. 

     Så i forrige veka, mens me var på bobiltur i Norge med venner, kom telefonen me frykta. Inntrengarar i heimen vår. Dei kom seg inn, til tross for alle sikkerhetstiltak. Me oppbevarer ikkje verdisaker her. Møbler og TV er av eldre, godt brukt årgang, som oss. Men det føles veldig innvaderande av privatlivet vårt. Dei gjekk gjennom alt av skuffer og skap, reiv ut, og strødde rundt. Ødela. Tråkka på og knuste. Stjal.

    Det var jo bare ein ting å gjera for oss der i Norge. Kjøpa rådyre flybillettar og komma oss ned til øya. Kontakta Guardia Sivil, som var veldig hjelpsomme, takket være vår fantastiske tolk. For me er desverre svært dårlige i spansk.

    Det viser seg at det har vore fleire innbrudd i området. Tydeligvis tjuvar som er på leit etter pengar og lett omsettlige varer. Som ikkje eig respekt for andre sitt. Som ødelegg og vandaliserer. Og eg kjenner eg blir sint, skikkelig forbanna! 

     Dei har ødelagt trygghetsfølelsen i eigen heim. Dei har ødelagt tillitsfølelsen til ukjente mennesker. Uansett kven dei er, kor vanskelig dei har det, får dei ingen empati frå meg. Eg håpar dei får svi!

    Øya er heldigvis lika vakker. Canarierne lika fantastiske. Og me bør ikkje la oss skremma frå å bu på denne herlige plassen. Men eg håpar at politiet tar desse, og burar dei inne ei lang stund. Helst for alltid...

     Eg veit at det er blitt skrevet eindel om kriminalitet på øya. Den eksisterer, i likhet med resten av verden. Det handler ofte om å væra observant, sikra seg, ikkje væra naiv. Nyta livet her nede, kjenna varmen helbreda skrantande kroppar, oppdaga denne flotte øya. Gleda seg over livet. Men og væra påpasselig med seg sjøl og andre. Slik at me alle kan væra trygge.

    No er morgonstunda mi , med kaffi og litt blogging snart over. No er det timar med rydding og vask. Fiksa det som er ødelagt. Dialog med forsikring. Men eg vil og kjenna litt på følelsen av kor glad eg er blitt i øya, og dei som bur her. Må Vårherre gi oss ein god dag!







 

     



Publisert: 14.06.2025, 06:30


Andre artikler