GLEDE I SOLSKINNET!

Ann Kristin
Ann Kristin Halvorsen


     Det er noko vakkert i å våkna tidlig, mens resten av verden søv. Strekka kroppen, kjenna at det fortsatt er liv, stikka den obligatoriske turen innom badet, og få det samme sjokket. For fjeset i speilet er så sannelig pensjonistaktig, prega av livet. Livet som ikkje er bare dans på roser, men hardt arbeid, bekymringar og sjukdom. Slik er det jo for dei fleste, vil eg tru. Ingen går uberørt gjennom livet.

     Å væra på denne øya, Gran Canaria, er for det meste eit eventyr. Lyse, solfylte dagar. Glade, sosiale måltider. Nye vennskap. Vakker natur, vakre opplevingar. Musikk! Me er priviligert som får lov til å opphalda oss her, når mange må gå gjennom triste og mørke månader i Norge. Men tankane går ofta til dei der heima. Har dei det bra? Dei me er glade i, passar Vårherre på dei? Livet er så forbaska skjørt, det ser eg meir jo eldre eg blir. 

     Men bekymringane får ikkje lov til å overskygga gleda over å væra her. Me nyte jo. Me har gode venner som overvintrar saman med oss, gode venner som bur her nede.  Danske Anne Lomholdt er det mange som kjenner, ei fantastisk dame som har jobba og bodd her i mange år. Denne dama er me så heldige å få væra venn med. Ho snakkar flytande spansk, er stor hjelp når me prøve å knota, og ikkje skjønner nokon ting...

     Paco har ein grotterestaurant i Ayagaures, bygd opp med mykje  arbeid. Der har me vore på besøk mange gongar i åras løp, og føler oss utrulig velkommen. Me har kjørt med full buss dit, med forventligsfulle gjester. Fått servert tapas og god vin. Og canarisk musikk. Me gler oss til fleire slike turar!

     Me har eit vennskap som me set uendelig pris på, Lindy og Steinar Haram. Dei stiller trufast opp på alle turane til Paco. Dei er alltid klare for eventyr, og er utrulig spreke! 

    Slike vennskap er viktig i livet vårt her nede. Og i Norge og!

     Me er kanskje ikkje flinke nok til å prøva nye ting. Me likar det kjente, det me har gjort ofta. Restaurantbesøk er nesten kvardgslig her nede, så utrulig masse god mat! Og me får nokre favorittar. Som Lillebrors Steakhouse. Ikkje den billigaste i Puerto Rico, men kvalitet og gode smaker. For meg som elskar fisk, er laksen og "Havets drøm" bankere. Servicen er utmerka, og Morgan, som du treffe ved døra, har glimt i auga, og er eit språkgeni. Koser oss alltid her!

     Me er glad i indisk mat, og Happy Valley tibyr det beste!  Kunne nesten gå hit kvar dag, det er ei stor matoppleving. Og med verdens kjekkaste innehaver. 

     Og med våre kjekke naboer, blir måltidet ekstra bra!

     Lista er lang. Veldig lang, og alle finne sine favorittrestauranter. Men etter gode og sosiale måltider, er det alltid kjekt å stikka innom "Lillebrors Party og Pianobar", der sjefen sjøl tar godt imot oss, og gir oss underholding i god musikk. Avslappande, ikkje mykje bråk, greie prisar på kvalitetsdrinkar. Veit nokon synes det er litt dyrt der, men ein betalar for kvalitet og god service! Mange kjente artistar kjem i løpet av vinteren, spennande!

     Me gler oss til ein ny sesong. Me gler oss til å møta kjente og ukjente. Me bryr oss om denne øya, og dei som den tilhøyre. Me bryr oss om dei der heima, dei som me er så glad i. Så ynskjer alle ein fin dag, med solskinn og glede.









Publisert: 16.10.2025, 10:28


Andre artikler