NYTTÅRSTANKER

Ann Kristin Halvorsen

Så er me igjen på veg inn i eit nytt år. I ei verd som er prega av uro og krig. Ei verd som stadig er i endring, og utfordringane er mange og vanskelige. Med to verkelig skremande statsledarar, desse mennene med stor makt, og ambisjonar om å skriva seg inn i historien.
Me sete her, på ei øy utanfor Afrikakysten, på verdens beste øy. Gran Canaria. Solskinnsøya, sjøl om desember og no januar, har vore våt og litt kjølig. Men du verden så godt me har det her. Kroppen har veldig glede av klimaet her, alt føles lettare og bedre. Me høyrer om mange minusgrader der heima i Norge, og grøssar. Sjøl om eg er født på ei øy i havgapet på Vestlandet, er eg ikkje bygd for klimaet om vinteren der.

Mange jule og nyttårsgjester er dratt mot nord igjen, og mange fastbuande for vinteren kjem i retur frå Skandinavia. To bømlingar, familie, dro frå solskinnsøya i dag, til Norge. Trur nok dei kunne tenkt seg å vore her lenger, men jobben kaller. Avskjedsmiddagen blei på "Lillebrors Grillhouse", der dei fekk kjøttkaker! Undertegnende spiste nydelig lettsalta torsk, og Kjell fekk sjøtunge. Bare godlyder rundt bordet, og den gode maten dempa nok sorgen over heimreisa litt..

Her i varmen blir me nordbuarar ganske så sosiale, og det er alltid kjekt å bli kjent med nye mennesker. Dela gode måltider og den gode vin. Oppleva fantastiske musikarar, som øya har mange av. Oppe på Europasenteret ligger "Temple bar", som alltid har god musikk, inkludert våre favoritter, "Crossfire". I Ancorasenteret, Arguineguin, ligger "Nirvana", som byr på knallbra musikk. I samme senteret ligger "Nye Buster Bar" der me var så heldige og fekk høyra Reidar Larsen og Terje Tysland i perfekt samspill.
Utrulig bra konsert!


Mange kjem hit for å tina opp skrotten litt, og få litt farge på det kvite skinnet. Laga gode minner. Prisane har stege ganske mykje her, og det er dyrt å leige seg bustad. På restaurantane er det også blitt dyrare, men fortsatt mogelig å få eit godt måltid og god drikke til overkommelig pris. Litt utanfor dei største turistsonane finn ein hyggelige restauranter og barar med rimelige prisar. Dela tapasretter er alltid populært!
Det nya året starta med glede og sorg. Glede over eit godt liv her nede, sorg over eit kjært familiemedlem som hastig reiste frå oss. Som fortsatt skulle hatt mange gode år, men det blei ikkje slik. Me veit jo alle at livet er slik. Glede og sorg. Derfor synes eg det er viktig å leva i nuet, ikkje utsetja gledene til ein annan gong. Så me kan døy, mett av dage, når den tid kjem.
Må Vårherre passa på dåke alle i det nye året!
.