MYKJE VÆR I PARADIS

Ann Kristin Halvorsen
Det er tidlig mandag morgon. Det har regna i heile natt, Vårherre har jamen vatna øya godt. Her i sør på Gran Canaria, har me fått meir regn på kort tid enn me er vane med. Lenger opp på øya er det steinras og flom. Vegar er stengde. Myndighetane advare mot bølger og vind. Og enda skal dette fortsetja et par dagar.
Vatnet er viktig for øya, men det er store krefter i sving. Ikkje mykje her er dimisjonert for så mykje vatn. Så me må væra forsiktige, og lytta til myndighetane sine råd. Glatte fliser er lett å falla på. Ikkje kjekt med beinbrudd på ferieturen. Bading i høg sjø er med livet som innsats. La oss bruka dei hjernecellene me har igjen, og lytta til råda me får.

Regn og vind til tross, me er sosiale og nyter det gode liv. Herlige måltider med venner og familie. Musikkopplevelser og masse folkeliv. Treffe stadig på kjente og mindre kjente. Nyte den gode vin.
Det lakkar og lir mot sesongslutt på øya, iallefall den skandinaviske sesongen. Flya mot nord fylles opp med turistar som lengtar mot våren i nord. Eg er ikkje heilt klar for å avslutta enda. Ønsker meg fleire dagar her på denne vakre øya. Øya som er blitt som ein heim for meg, sjølv om eg bare er gjest her.

Tenkjer tilbake på kjekke kveldar og tid med venner. På Europasenteret ligger Grill Garoe, ein bra restauran med god service og nydelig mat. Ein restaurant me har besøkt mange gongar. Sjøtunge Waleska er veldig god der!
I ei verd som er usikker, med redsel for krig, er det viktig å ta vare på gode stunder. Me er altfor gode på å klaga på filleting, alt frå politikarane våre, til prisar. Me blir liksom aldri fornøgde, sjølv om me har det godt. Eg føler meg heldig. Eg er ein overlevar, og prøve så godt eg kan, sjøl om ein sliten kropp ikkje alltid spelar på lag. Gjennom media får me kvar dag info om kva som skjer ute i verden, så mange tragedier, så mykje menneskelig lidelse. Og då skjems eg over å klaga over min eigen tilværelse. For me er utrulig heldige!
Må Vårherre passa på dåke alle!