VARME DAGAR

Ann Kristin
Ann Kristin Halvorsen

     Det er lørdag, og siste dag i oktober. Me har vore på Gran Canaria ei stund, og me har ikkje akkurat følt at me fryse..Det har til tider vore ganske så varmt, og ytterjakka henge på plass i skapet. 

     Me er nok lettare sandblåste også, har vore periodar med calima. Denne fine sanden frå Sahara, som blåser innovet øyane. Sanden har også med seg litt uhumskheter, og luftvegane våre blir lett påverka av dette. No håpar me berre på ein calimafri november!

     Me har det verkelig godt her i Puerto Rico. Me får treffa gode venner, og samlast til hyggelige måltider. "MAMA PINO" er vår faste møteplass på søndagar. Juan og gjengen hans serverer oss nydlige måltider, og det er alltid nokon kjente som stikker innom. Ingleif er sjefsskålaren vår, og får oss til å løfte glasset vårt!

     Ein annan favorittrestaurant er "GRILL GAROE", på Europasenteret. Ein koselig restaurant, med svært hyggelig og god service. Sjøtunge Waleska er ein favoritt hos oss. Men også masse godt på menyen!

     Eg kunne nok ramsa opp fleire favorittar. Som " HAPPY VALLEY" indisk, "LILLEBRORS GRILLHOUSE", "GRAN CANARIA", og mange fleire. Synes stort sett det er god mat overalt, med få unntak. Service og kostnader kan nok variera. I mine auger er kokken den viktigaste personen i restauranten. Og eg synes til tider at innkastarane kan væra litt masete. Men det er jo jobben deiras...

     I Arguineguin er det også mykje god mat og drikka å få. "LA BARCA", eller "TAKET" på folkemunne, er eit nydelig sted og sjå sola gå ned i havet. Litt roligare enn folkehavet på senteret i Puerto Rico. "MANDARIN", der ein kan nyta orientalsk mat, er utrulig bra. Og sånn service får ein ikkje mange steder. 

     På "NYE BUSTER BAR"  i Arguineguin, kan ein væra så heldig og oppleva flotte konsertar. Kati og Billy satsar verkelig, og byr på fantastiske artistar. Ikveld, lørdag, skal me avgårde dit, då spelar nemlig legenden Reidar Larsen med band. Gjett om eg gler meg! Han er ein av mine blues-heltar!!

   Også "NIRVANA", på Ancorasenteret, byr på flotte artistopplevelsar. Her har me høyrt mykje flott blues og rock!

     I desse urolige tider ute i verda, er det godt å væra her. Men det betyr ikkje at det er problemfritt her. Turiststrømmen pressar opp prisar på boligmarkedet, drivstoffprisane og matvareprisane aukar. Det er demonstrasjonar og uroligheter. Migrantar kan også væra eit problem, ulykkelige mennesker som håpar på ei framtid. Som desperat legg ut i små, usikre båtar, i håp om å komma til ein bedre plass. Og mange dør i forsøket.

    Så me er blant dei priviligerte. Dei heldige. Me har eit godt liv i Norge, og eit herlig liv her. Her spelar kroppen meir på lag, og gløymer av og til at den er litt slitt. At den har overlevd tøffe tidet. Der er godt for helsa, untatt når me tygger sand, og lungene skriker på hjelp..


     Ha ein fin lørdag, og er du i Puerto Rico, ta gjerne turen innom "LILLEBRORS PARTY&PIANOBAR" ein kveld. Det blir garantert kjekt!

Må Vårherre passa på dåke alle!



Publisert: 31.10.2026, 15:14


Andre artikler