Lilliann Høyvang

"Intet unormalt forhold" - ein varslar sine notater

Lilliann Høyvang Andreassen

Om denne bloggen
På denne bloggen vil eg dokumentera den ikkje handterte, vedvarande og grove varslingssaka med gjengjelding som er vorte meg til del i tidsrommet 1.1. 2009 til den vart krona med forbode gjengjelding i open rett i Hardanger Tingrett 23.01. 2020 med denne utsegna frå kommuneadvokaten til Eidfjord kommune: "Eidfjord kommune har tradisjon for å ta saksomkostningene når vi må møte ansatte/tidligere ansatte i retten. Eidfjord kommune gjør et unntak for deg. Her har jeg en betydelig advokatregning». Dette er utelate i dommen. Dette er ei presisert forskjellshandsaming og dermed brot på AML paragraf 2A-4 og på GL paragraf 98.

Varslingssaka gjeld hendingar knytt til Eidfjord Utvikling AS (heileigd kommunalt AS), Sysendalen Skisenter AS (heileigd kommunalt AS) og tilliggjande prosjekt. Eg er einaste tilsette i begge aksjeselskapa. Styremedlemmer er politisk oppnemnde kommunepolitikarar, oppnevninga frå november 2011 styrt av omvarsla politikar frå Høgre gjennom valteknisk avtale. Dermed er det etterkvart ingen uavhengige vitner. Varslingssaka fekk og stor innverknad på mi private coachverksemd Vita Activa Coaching ENK og ikkje minst mitt private bustadprosjekt, eller sagt på ein annan måte: det å få skikkelege buforhold i tilflyttarkommunen Eidfjord.

Eg har skrive kontinuerleg sidan denne saka tok til med den første direkte trusselen mot meg, på telefon 31.01. 2010. Eg kjem og til å publisere utdrag frå dialog med viktige personar som i kraft av Arbeidsmiljølova, og særskilt kapittel 2A, hadde aktivitetsplikt for å ivareta meg som arbeidstakar/tilsett i heileigde kommunale verksemder med kommunepolitikarar i sentrale roller som arbeidsgjevar og med ordførar som generalforsamling i begge verksemdene. Mykje kjem til å handle om habilitet og maktmisbruk.

Siktemålet er å få informert noverande og tidlegare politikarar om kva som ligg under røykteppet "personalsak". Det som av kommuneadvokaten vert omtala som "intet unormalt forhold", men som er erkjent av tidlegare ordførar som ei ikkje handtert varslingssak, siste gong i møte 12.02. 2018 med rådmann som vitne i møtet. Det er og viktig at ålmenta får innsikt i kva det var som faktisk utspelte seg under dette røykteppet og bak lukka dører. Det vil vere små glimt inn i det sosiale livet, i den grad det er naudsynt for å kaste lys på intensiteten i det som eg, med andre, kaller ein ukultur. Det som er knytt til løn/inntekt, har frå 25.03. 2020 fått sitt rette namn: lønnstjuveri. Teke i bruk av den norske regjeringa, etter det internasjonale omgrepet «wage teft».

Ikkje handterte varslingssaker er eit stort samfunnsproblem og for varslarar som står åleine, fins knapt det som heiter rettstryggleik. Rettsleggjering er ikkje løysinga. I slike saker er heller ikkje media nemneverdig på bana. Me er mange som har erfart grov systemsvikt frå topp til botn. Det er diverre slik at me lever livet framlengs og forstår det baklengs (fritt etter Søren A. Kierkegaard).

Openheit er det einaste som kan få slutt på dette samfunnsondet. Sjølv har eg kalla det «Grusomheita sitt teater». Historia har vist at det fritek ikkje frå ansvar å seie at ein ikkje visste. Det fritek ikkje å snu seg bort. Hannah Arendt sa at det er ikkje ondskapen som er farleg, det er likesæle.

19

Publiserte artikler

180

Dager på Bloggi