Hus under kvar busk?

09.05.2020, 10:07

2 kommentarer

2008/ 049

Orienteringssaker

• Tilsetjing Lillian Andreassen

Lillian byrjar 1- januar 2009. Tilsetjingsavtale er utarbeidd, men avklaringar rundt pensjonstilhøve står att. Truleg endar vi opp med same løysing som gjaldt for tidlegare dagleg leiar. Eidfjord Kommune melder også at det no er skaffa husvære til Lillian.

Klippet over er ein kopi av styreprotokollen frå styremøte i Eidfjord Utvikling AS 13.08.2008. Tilstades i sakshandsaminga av sak 2008/049 var EL (styreleiar), HM (styremedlem), LM (styremedlem), IKNL (styremedlem, på telefon), SH (vara), SOS (innleigd dagleg leiar), AJT (fast observatør og ordførar i Eidfjord kommune) og SSJ (rådmann). EL, HM og IKNL var tilsettingsutval. I byrjinga av august hadde eg takka ja til stillinga som dagleg leiar i Eidfjord Utvikling AS (EUAS). Ordførar AJT hadde ringt og ynskja meg velkommen til Eidfjord og eg vart forsikra om at bustad var ordna for meg frå 1.1. 2009.

Eg fekk seinare vite at den mest aktuelle kandidaten frå Bergen, trekte seg då han fekk vite at det var ynskjeleg at han busette seg i Eidfjord. Han ynskja å pendla. Eg hadde og ytra ynskje om det, i alle fall til dotter mi var ferdig med vidaregåande skule. Ho var ferdig med andre året då eg takka ja til jobben. Tilsetjingsutvalet kunne strekka seg til at eg i staden for å pendla, fekk byrja i jobben 1.1. 2009. Eg hadde forklart at eg ikkje hadde mogelegheit til å sitja med buutgifter på to stader som einsleg forsørgjar. Eg og mine to born hadde budd 26 år i same bustad på Sydneshaugen i Bergen sentrum. Grunngjevinga for at eg skulle bu i kommunen, var eit ynskje om at dagleg leiar i EUAS skulle delta i det sosiale livet i bygda.

Eg deltok på Hardangerkonferansen i november 2008 og bad då om å få sjå husvære som Eidfjord kommune hadde skaffa meg. Planen var å flytte i romjula for å ta fatt på arbeidet 2.1. 2009. Eg vart vist til personalsjefen i kommunen. Av han fekk eg eit mobiltelefonnummer og forklaring på kvar i Eidfjord eg skulle gå. I ein lunsjpause gjekk eg dit. Då eg såg namnet Bergslien Turistheim, ringde eg mobilnummeret for å forsikra meg om at eg ikkje hadde gått feil. Svaret eg fekk var: «Er det du som står utanfor med hund (ein liten strihåra dachs)?». Eg stadfesta at det var det. Då fekk eg høyre: «Du treng ikkje kome inn eingong». Resten av samtalen vart naturleg nok kort. Eg visste ikkje då at det var svoger til ordføraren i Eidfjord eg snakka med, politikar for Senterpartiet (SP) i kommunestyret og på det tidspunktet leiar for valkomiteen mellom anna til styret i EUAS. Eg rapporterte tilbake til Eidfjord kommune at eg diverre ikkje hadde nokon bustad å flytte inn i. Eg vart lova at dei skulle kome raskt attende til meg. Då eg kom til Eidfjord att for å delta på styremøte 03.12. 2008 og eit møte i regi av stadutviklingsprosjektet 9.12. 2008, var eg framleis utan husvære. Borghild Vindenes Vik tipsa meg om eit lite hus på Vik Pensjonat. Eg gjekk dit og fekk midlertidig husvære hjå dei fram til  turistsesongen starta 1.5. 2009 for å gje Eidfjord kommune betre tid. Eg budde då i ei lita utleigehytte berekna på turistar. Fin og ny, men utan plass til å ta i mot borna mine og andre besøkande.

Tilflyttar i Eidfjord

Etter å ha flytta til Eidfjord, fekk eg gradvis meir kunnskap om den lokale utleigemarknaden for husvære i Eidfjord. Mykje gamalt og dårleg vedlikehald og som mest gav assosiasjonar til oppbevaring av utrangerte møblar, lampar og lampettar. Eidfjord kommune fekk etter kvart ny personalsjef. Den eg hadde hatt kontakt med, flytta attende til Sotra med familien sin. Den nye personalsjefen EJ var sjølv direkte og indirekte knytt til utleigemarknaden i Eidfjord. Det falt ikkje i god jord då eg gav beskjed at eg ikkje hadde takka ja til jobb i Hardanger for å bu på ein stor asfaltert parkeringsplass eller med Rv 7 som næraste nabo. Då 1. mai nærma seg, fekk eg tilbod om å flytta inn i eitt av to utleigehus[1] på Blurnes der Eidfjord kommune hadde kontrakt med utleigar i fem år. Eg flytte dit 1.5. 2009. Ein fantastisk stad å bu når det gjeld utsikt og nærleik til fjord og natur. I stor grad som andre utleigebustader eg hadde synfara når det gjeld standard. Eigaren AL såg eg berre av når han for over fjorden morgon og kveld for å arbeide på fritidsbustaden til partikollega OL med familie. Det viste seg snart at det var så mykje muggsopp og råte i golv at eg enda opp med å sove med alle vindauge opne for å få gjennomtrekk og for å halde biholebetennelsen eg utvikla i sjakk. 1.10. 2009 valde eg å flytta attende til Vik Pensjonat samstundes som kommunelegen melde frå til Eidfjord kommune at bustaden i Blurneset var helsefarleg. Eg visste ikkje at dei i tillegg var registrerte som fritidsbustad. Eigar AL hadde fleire år tidlegare fått beskjed om å ta desse to hyttene bort frå hytteutleigeformidlinga NOVASOL på grunn av klager på standard. Seinare fekk eg vite at Eidfjord kommune sa opp den femårige leigeavtalen med AL for desse 2 hyttene med grunngjeving at leigekontrakten var ulovleg. AL var på det tidspunktet kommunestyrerepresentant for Høgre i Eidfjord. Det skulle vise seg at eg hadde fått meg ein farleg fiende i Eidfjord med denne saka.

Eg visste at eg ikkje kunne bu lengre enn til 1.5. 2010 på Vik Pensjonat. Eg hadde vore hjå kommunelegen med helseproblema mine då eg budde i Blurneset. Han uttrykte vantru då han skjøna at Eidfjord kommune meinte eg ikkje kunne ha nokre forventningar om hjelp til å finne bustad frå Eidfjord kommune. Tilbakemeldinga eg fekk frå assisterande rådmann AOL var at eg fekk gå på den private leigemarknaden som andre folk. Kommunelegen spurde meg: «har ikkje du ein av dei viktigaste leiarstillingane i Eidfjord kommune?» Eg stadfesta at det trudde jo eg og. Eg vart sjukemeld på grunn av helseproblema og kommunelegen spurde om han kunne ta opp med kommuneleiinga situasjonen min knytt til husvære.

Eg hadde funne ut at Eidfjord kommune hadde eit nyoppussa Rådmannshus i Kvednavegen som stod tomt og eg spurde om eg kunne få leige det. Rådmann SSJ gav meg beskjed om at det var han som bestemte kvar eg skulle bu, ikkje eg. Det vart eit ganske oppheta ordskifte på kontoret til rådmannen. Ordførar AJT bad oss begge to om å roa oss ned. Huset var pussa opp etter krav frå nettopp rådmann SSJ som hadde gravid ektefelle då han fekk stillinga som rådmann. Ho og sonen flytte attende til Bergen etter kort tid i Eidfjord på grunn av vantrivnad. Rådmannen veksla mellom å bu i seglbåten sin i båthamna og i leigebustad i kommunehuset og pendla kvar fredag til Bergen. Mindre enn eit år seinare var SSJ og på plass saman med familien sin i Bergen.

Seinare fekk eg tilbakemelding om at det huset skulle stå tomt i tilfelle ny rådmann skulle ynskje å flytte inn. Då me fekk ny rådmann busett i Eidfjord, skulle huset brukast til «eigne tilsette». Det var og fyrste gongen eg vart fortald at eg ikkje kunne rekne meg som tilsett i Eidfjord kommune, sjølv om eg arbeidde i eit heileigd kommunalt selskap med vedtektsfesta føremål «å drive med næringsutviklingsarbeidet til Eidfjord kommune»[2]. Det var den nytilsette rådmannen AOL som presiserte det.

Eg freista difor å engasjere styreleiaren i EUAS til å hjelpe meg med bustadspørsmålet. Eg hadde funne protokollen frå styremøtet 13.08. 2008. Den som eg og vart orientert om i samband med at eg skreiv under tilsettingsavtalen 30.08.2008. Han og eg var i møte med ordførar og nytilsett rådmann i samband med denne saka i januar 2010. Eg fekk på nytt tilbod om å flytte inn i eittroms leigebustad over Coop. Eit husvære som er så dårleg vedlikehalde at det kan samanliknast med Bergen kommune sine sosialbustader i Solheimsviken. Eg spurde om dei ikkje hugsa på at eg faktisk ikkje er einsleg. At eg er mor til to born og at yngste born ikkje var flytta heimanfrå enno. Ho budde framleis åleine på Sydneshaugen. Eg kunne stort sett reise heim til ho ein gong i månaden. Det var kommunelegen som føreslo at turnuslegane, som reiste vidare etter endt turnus, kunne bu over Coop og så kunne eg få leige treroms leigebustad i Solbakken 3a.

Den største investeringa i mitt liv

I mellomtida hadde eg innsett at einaste løysinga var å byggje eige hus i Eidfjord. Etter mykje att og fram, kjøpte eg hausten 2009 tomt i Langedalen 11. Det kunne eg gjere av di kommunen kjøpte attende om eg ikkje nytta den. Samstundes hadde eg freista kjøpe eit eldre hus i Lægreidsvegen, den gamle Klokkargarden[3].

Under sterk tvil la eg bustaden min på Sydneshaugen ut for sal i januar 2010. Tidspunktet passa sidan dotter mi no var ferdig med vidaregåande skule og skulle ut på ei tre-månadars «jordomsegling» saman med ei venninne. Det var visning 31.1. 2010 og ei veke seinare var alle formalitetar knytt til salet på plass og det vart bestemt at dei nye eigarane kunne overta bustaden 1.4. 2010, same dag som eg skulle flytte inn i Solbakken 3a. Under visninga i Bergen 31.1. 2010 får eg ein særs ubehageleg telefonsamtale frå KJM som misnøgd søkar til EUAS om støtte/underskotgaranti/lån for å ta over SNAS der han er dagleg leiar. Verksemda er teknisk konkurs. Samtalen hadde ein slik karakter at eg avsluttar med å seie at dette høyrest ut som eit trugsmål[4]. Siste setninga var: «eg skal syte for å få deg ut av jobben din, på eitt eller anna vis, før eller sidan». KJM stadfester at eg godt kan oppfatte utsegna som eit trugsmål. Sidan KJM på det tidspunktet og var kommunepolitikar for Arbeiderpartiet, gjekk eg direkte til ordførar AJT og varsla om hendinga då eg var attende i Eidfjord nokre dagar seinare. Eg spurde og om eg skulle avbryte salet av bustad og returnere til Bergen sidan KJM hadde truga med å få meg ut av jobben min. Ordførar AJT svara på dette med å seie at KJM ikkje var i posisjon til å ramma meg og at han ikkje såg nokon grunn til at eg skulle avbryte hussalet, med heilgarderinga at eg sjølvsagt måtte avgjere dette sjølv.  

Parallelt med dette arbeidde arkitekten med oppmåling og teikningar til huset i Langedalen 11. På førebuande møte med byggesakshandsamar i Eidfjord kommune i juni 2010, fekk eg beskjed om at me måtte søka om dispensasjon dersom eg skulle bygge eit hus utan kjellar og loft og som var høgare enn det byggeforskrifta i Eidfjord sa, tilpassa byggehøgda på standard norske typehus. Eg fekk og vite at der hus stod på høge steinmurar for å lage flate tomter, vart ikkje desse steinmurane rekna som ein del av byggehøgda. Nabovarsel med teikningar gjekk fint hjå alle fem naboane. Hjå naboane i Langedalen 9 vart eg invitert på terrassen og dei fortalde at dei syntest det var eit spanande hus medan dei skreiv under.

Dispensasjonssøknaden skulle opp i formannskapet[5] i september 2010 og arkitekten fekk lov til å kome å presentere konseptet for huset før saka skulle avgjerast. Eg for på fotosafari i indre Hardanger, i Øvre Eidfjord, i Simadalen, i byggefeltet i Sjobakkane og i nabolaget. Eg hadde merksemd mot fotavtrykka til eldre hus og om det faktisk var full kjellar eller om det såg ut til å vere tilrettelagt for å bu i sokkeletasjen i nyare hus. Eg sende nokre døme på e-post til ordførar og rådmann[6], eit eldre hus frå Simadalen og i Øvre Eidfjord, og dei to nærmaste naboane mine i Langedalen. Eg skreiv mellom anna i denne e-posten at begge nabohusa har så store vindauge i sokkeletasjen at det er grunn til å tru at det er lagt til rette for å kunne bu i framre del av desse soklane. Dispensasjonssøknaden gjekk gjennom med støtte frå AP sine 2 medlemmer i formannskapet og stemma til Ola B. Hereid som representant for bygdelista. SP sine 2 medlemmer i formannskapet stemte mot. Ordførar er del av formannskapet. Kort tid etter at byggesaka er gått gjennom i formannskapet, vert eg stoppa av naboen i Langedalen 9, på ein avsats mellom servicetorget og andre etasje på kommunehuset i Eidfjord. Ho stikk eit ark med gule markeringar av tekst opp i andletet på meg og roper: «det får i det minste vere rett det du skriv!». Eg vert så forfjamsa at eg ikkje klarer å gjere noko meir enn å be om å få sjå arket ho vifter med. Det viser seg å vere min eigen e-post om fotavtrykk og byggjehøgd på bustader i Eidfjord, sendt til rådmann og ordførar før formannskapsmøtet, og sendt vidare til e-postadressa til naboen hjå NAV. Den er vidaresendt av rådmann AOL. Eg kjende som eit gufs gjennom kroppen at den naboskapen var øydelagt.

Det tok lengre tid enn venta å kome i gong med husbygginga. Eg var og kome i tvende sinn om eg turte å halde fram med prosjektet. Ein leiar i kommunen hadde spurt meg kvifor eg skulle byggje så stort. Huset mitt er 147 kvadratmeter og utan kjellar og loft. Eg var ein gong til hjå Eidfjord kommune og spurde ordførar AJT om eg ikkje kunne få leige rådmannshuset som eg kunne sitte å sjå stå tomt frå vindauge i Solbakken 3a. Eg sa heilt konkret at eg då kunne droppe byggeprosjektet. Eg fekk til svar at dei ikkje ville leige det ut sidan dei hadde dårleg erfaring med at folk vart buande i dei kommunale bustadane i årevis.

Då det nærma seg årsskiftet, vart eg gjort merksam på at leiga på kommunale bustader skulle justerast ved årsskiftet etter berre ni månadar. Eg var van med leige som vart justert årleg. Me var fleire som oppdaga dette samstundes og for dei som hadde flytta inn dei siste månadane av året, betydde det ein monaleg auke i husleiga berre månadar etter at dei var flytta inn. Eg tok dette opp med ordførar på vegne av  alle rundt årsskiftet 2010/2011. Han svara: «slik kan det ikkje vere». Eg oppfatta at saka skulle ordnast for oss alle. Saka var oppe i formannskapet og det vart gjort endring i leigekontraktane. Me fekk beskjed om dette og samstundes at dette berre ville gjelde nye leigetakarar. Eg bad om møte med AJT i februar/mars 2011. Rådmann AOL stilte og i møtet. I tillegg til at eg fekk kritikk for ikkje å gje meg, fekk eg og påtale for å ha nytta e-posten til EUAS til korrespondanse som gjaldt privat husvære og leigekontrakt. Avdelinga eg kommuniserte med var leia av kona til ordførar, MT. Eg spurde kven som skulle ivareta mine interesser om eg ikkje gjorde det sjølv. Eg hadde ikkje spesielt gode erfaringar frå Eidfjord med at andre gjorde det. Når det gjaldt e-postane, spurde eg om ikkje det var ganske vanleg elles i kommunen og. Det vart ikkje avkrefta. Eg fortalde og om det ubehagelege opptrinnet ute i trappeavsatsen i kommunehuset mellom servicetorget og andre etasje i september 2010, der eg fekk trykt ei utskrift av ein e-post med gule understrekningar opp i andletet. I oktober same hausten hadde HR, som innkalla varamedlem for AP sete og skrike: »kor er arbeidsplassane?»  til meg i kommunestyresalen, etter min presentasjon til kommunestyret, medan ho hamra med peikefingeren på dokumentet som ektefellen VR hadde vore med å skrive i samband med førebuingane med å etablere EUAS. Det var først då husbygginga tok til og eg fekk oppleve HR i fri dresur at eg skjøna kor skadeleg denne e-posten hadde vorte for meg.

Då eg fortalde om vegen denne e-posten hadde teke, snudde ordførar AJT seg mot rådmann AOL og spurde vantru: «er det sant?». Då ho svara ja, visste eg at eg hadde enno ein motstandar i Eidfjord kommune og eg visste frå tilsette i Eidfjord kommune at ho var ein person som det ikkje var noko lurt å få mot seg.

I september 2011 starta byggjearbeidet på huset mitt i Langedalen 11. 3RW Arkitekter i Bergen var ansvarleg arkitekt. Røynstrand Entreprenør AS hadde kontrakt på grunn- og betongarbeid. Norsk Massivtre AS på reisverket. Rutle VVS på alt røyrarbeid og Eidfjord Elektro AS på alt elektrisk. Dei er alle tydelege på at dei ynskjer å fakturere meg direkte. Haugamoen Bygg AS[7] ved Per Ivar Vedå skulle vere byggjeleiar og ferdigstille huset. Då eg får fyrste akonto faktura i februar 2012, oppdager eg at han opererer med nystarta Ålvik Bygg og Utvikling AS på prosjektet. Han eig firma saman med Arne Jordal. Det starta dårleg med at Røynstrand Entreprenør AS ikkje heldt oppstartsdato. Med det resultatet at Norsk Massivtre AS måtte forskyve si levering[8]. Massivtreet kom på plass første veka av februar 2012[9] og eg var lova at huset skulle vere innflyttingsklart først til påske 2012[10] seinare til fellesferien 2012. Urealistisk bløffmakeri frå byggjeleiar Per Ivar Vedå alt saman. Eg starta med registrering av tid på bygget i mars 2012 då det hadde gått nesten 3 veker utan et det var framdrift på bygget. Eller meir konkret, det var ikkje folk på byggeplassen i det heile. Då me kom til fellesferien, hadde Per Ivar Vedå sine folk vore på byggeplassen i snitt 30 % av normal arbeidstid. Eg hadde og oppdaga at ingen av dei 2 som arbeidde der hadde fagbrev, noko som etter kvart og kunne sjåast og opplevast. Eg betalte for husvære for dei hjå Kjærtveit Camping AS.

12. juni 2012 sit eg i ferjekø i Bruravik då eg får ein telefon frå entreprenør AR. Han seier at han har noko viktig å fortelje meg. Det vert snakka i byggebransjen. Det vert sagt at eg sit laust i jobben min som dagleg leiar i EUAS. Han seier eg må vere særs forsiktig med kva eg seier. Han namngjev styreleiar OL i Eidfjord Høgre i det han fortel. Då eg har lagt på telefonen, kjenner eg på eit umåteleg sterkt ubehag. Var det ei åtvaring eller var det eit trugsmål? Som dagleg leiar i EUAS har eg sidan innflytting i Sentrumstunet i oktober 2011 arbeidd med større reklamasjonssaker på eigarseksjonane til EUAS og som styreleiar i Sameiget Sentrumstunet Eidfjord SA på heile bygget. Ved overtaking vart kontakten med Røynstrand Entreprenør AS overført frå ES, innleigd konsulent og tidlegare rådmann i Eidfjord kommune, til meg som dagleg leiar i EUAS og som motvillig vald styreleiar i overtakingsmøtet. Det er og eit stiftingsmøte for Sameiget Sentrumstunet Eidfjord SA. Som husbyggjar har eg ein større reklamasjonssak med Røynstrand Entreprenør AS på grunnarbeidet på huset som på dette tidspunktet vert trenert. Eg og arkitekten har snakka om, etter byggjemøter, at det ser ut som AR er alvorleg sjuk, at han eigentleg berre er tilstades med kroppen sin og ikkje klarer å følgje med i møta. Han roter bort tilsendte byggereferat og teikningar og må få det tilsendt frå arkitektfirma igjen og igjen. Dagleg leiar i Røynstrand Entreprenør AS, KS, er særs vanskeleg å forhalda seg til og vik unna i staden for å kome med forslag til løysingar. Eg opplever det som ho trenerer. Det er og vanskeleg å halde dei ulike rollene frå ein annan når me har kontakt på telefon.

Ferien 2012 bruker eg til å laga ei oppgåvematrise med planlagt og avtala framdrift i byggjemøter/-referat og faktisk framdrift på huset. Det er deprimerande å sjå resultatet. Eg tek direkte kontakt med styreleiaren i Ålvik Bygg og Utvikling AS og orienterer han om situasjonen og krev at han syter for at det vert teke grep for å få framdrift i husbygginga. Han trekkjer seg frå styreleiarvervet i september 2012 då han skjønar korleis situasjonen er rundt husprosjektet i Eidfjord og økonomien til Ålvik Bygg og Utvikling AS er. Per Ivar Vedå vert innkalla til byggjemøte der me varslar om dagsbøter dersom ikkje det vert framdrift i arbeidet. Det høyrer med til historia at eg seinare på hausten må få hjelp av lensmannen i Kvam for å få mitt eige baderomsvindauge som står i Ålvik, omattinga på grunn av feil spesifikasjon frå Per Ivar Vedå på det fyrste vindauget.

Siste veka i august vert eg tipsa om at Per Ivar Vedå er på tur i Sysendalen på jakt etter arbeid i staden for å jobbe på huset mitt i Eidfjord. Kompanjongen hans reiser fleire gonger frå byggeplassen i sinne då eg påpeikar at det vert gjort ting, mellom anna på terrassen på huset, som ikkje kan vera fagmessig utført, at eg som amatør kan sjå det. Eg bestemmer meg for å snakke med NG, ein grunneigar i Sysendalen som eg har tillit til og som eg veit dei andre grunneigarane og har tillit til. Eg ringjer han som næringsutviklar og forklarer at eg meiner det er mitt ansvar å forhindre at Per Ivar Vedå og hans verksemder øydelegg for fleire hus-/hyttebyggjarar enn meg. Og ikkje minst for næringsdrivande som han freistar selja seg inn til. For dei vil det verte eit omdømmeproblem. Eg fortel at eg har snakka med Olav Langeseter som seier han angrar på at han ikkje ringde og åtvara meg då han såg bilete av meg saman med Per Ivar Vedå på byggeplassen i Hardanger Folkeblad i februar 2012. At han hadde fortald at han som medlem i forliksrådet i Voss kommune hadde fått innsyn i at Per Ivar Vedå hadde øydelagt så mykje pengar for andre at han aldri skulle fått lov til å halda i hammar og spikar meir. Han orsaka seg med at det var rekna som dårleg skikk i byggebransjen å åtvara mot kollegar. Eg bed NG om å formidla dette til grunneigarane i Sysendalen og til entreprenørane som har arbeid der oppe. Då eg legg på røyret, vert eg merksam på at det står nokon bak ryggen min inne på kontoret. Det er Per Ivar Vedå. Eg veit ikkje kor lenge han har stått der. Han har lista seg inn i lokala på gummisolar utan å gje seg til kjenne. Han er askegrå i andletet. Han skjeller meg ut. Eg forsvarer meg med å vise til korleis han pågåande selde seg inn då eg leita etter handverkar utanfor Eidfjord til å ta hovudansvar for huset mitt, til byggjereferat som ikkje vert følgd opp og korleis han gradvis har gjort seg utilgjengeleg på telefon og e-post. Eg nemner løgnene han har fortalt og den dårlege kvaliteten på arbeidet. Eg fortel og korleis vener og kjende av han etter kvart har gjort meg merksam på at dette er eit mønster hjå han, at dette ikkje er noko nytt, snarare tvert i mot. Eg gjev han og beskjed om å forlate arbeidsplassen min og ikkje oppsøke meg i arbeidstida utan at det er avtala på førehand. Det er då han roper i det han fer ut døra: «Eg veit korleis du har det i styret ditt. Eg veit du skal ut og eg skal gjera det eg kan for at det skal skje». Det nyvalde styret til EUAS har enno ikkje konstituert seg. Første styremøtet og strategimøte med KJM (Høgre) som styreleiar og AL (Høgre) som nestleiar er innkalla til 30.08.2012. Eg trur, delvis feilaktig skal det vise seg, at linken til styret er gjennom AL og lausmunna prat i «gatas parlament» på bensinstasjonen i Eidfjord der mange i byggjebransjen et lunsjen sin heile året.

I slutten av september vert eg kontakta av Didrik Hereid via JMH og LBC i Eidfjord kommune. Han har lyst til å sjå huset. Eg har vore i kontakt med han i 2011 for å få han til å gje pris på arbeidet og fekk då diverre tilbakemeldinga at dei ikkje har kapasitet til dette. Grunneigar GG har tipsa meg om at det er hans firma som har bygd Eidfjordhytta i Sysendalen. Han kjem ein sundag og han seier i det han kjem inn på byggjeplassen at han kan sjå at det er ufaglærte som held på. Han spør kor mange dei er. Eg svarer ofte berre ein. Han forklarer at handverkarar alltid skal arbeide to og to saman for at arbeidet skal bli effektivt. Han går gjennom heile bygget frå topp til botn. Konklusjonen er klar: skaff deg advokat og få desse folka av huset i morgon den dag. Eg bruker resten av sundagen til å melde meg inn i Huseierne. Deretter sender eg e-post der eg bed om hjelp til å skaffe advokat. Det får eg eit par dagar seinare og det vert sendt brev om at Haugamoen Bygg AS, Ålvik Bygg og Utvikling AS og Per Ivar Vedå er teke av bygget. Eg får hjelp av JAB til å få på plass KK som er busett med kone og ein liten son i Ulvik. Han går igong med å riva ned, skifta ut og gjere ferdig i løpet av siste halvdel av oktober. Med hans hjelp og utruleg innsats frå både Rutle VVS AS, Eidfjord Elektro AS og JAB ser det ut til at eg skal klare å flytte inn i huset til jul sjølv om eg vert sjuk i desember. Vik og Son AS frå Granvin trør og til.

Det skjer imidlertid noko då KK skal hente våtromsplater som er tinga tidleg på ettersommaren og som står hjå Eidfjord Byggevarer AS. KK får beskjed om at det ikkje er mine plater. Dei tilhøyrer Per Ivar Vedå. Eg kommuniserer først med medeigar og Høgre-politikar ALB på SMS og e-post. Då det ikkje hjelper, køyrer eg opp til butikken. Eg gjentek at eg gjerne betaler for platene sidan eg treng å få badet ferdig til sonen min med sambuar og barnebarn på elleve månadar kjem til jul. Det same gjer dotter mi. ALB står på sitt. Ho seier at det er Per Ivar Vedå som er kunden deira sidan han kjem attende, det gjer ikkje eg. Seinare i veka får eg brev frå advokaten til Per Ivar Vedå, MJ, som seier det same. Eg vert kjempeprovosert, og spør kven det er som betaler rekningane. Eidfjord Byggevarer AS hadde fått tilsendt teknisk rapport frå takstmann Helga Fjellro som er laga på arbeidet Per Ivar Vedå sine firma har gjort. Dei veit og at det er teke ut innkassing/fòringar til vindauger og dører i eit kvantum som er tre gonger så stort som talet og omkrins på vindauge og dører i mitt hus skulle tilseie. Plutseleg seier ho: «Du må vere klar over at du står her som dagleg leiar i EUAS. Eg kjem til å melde frå til Eidfjord kommune». Eg svara at dette var særs ubehageleg og at eg ikkje er der som dagleg leiar, men som privat huseigar og husbyggjar. Ho svarer at eg alltid er dagleg leiar i EUAS, uansett kvar eg er og kva eg gjer. NG var ein av dei som overhøyrde opptrinnet. Han har seinare fortald at det var særs ubehageleg å høyre på. Eg ender opp med å tinge nye våtromsplater. Same talet og med dei same spesialmåla på 2,7 meter til det vesle badet i sokkeletasjen. Leveringsdato er veka før jul.

Nokre dagar seinare, fredag 14.12. 2012, får eg telefon frå KJM som viser til opptrinnet på Eidfjord Byggevarer AS og at eg skal ha freista å gjere underslag. Han bruker dette som grunngjeving for at eg må kome med «advokaten min» til 4. januar 2013. Då han i løpet av samtala skjøner at lufta er gått ut av underslagsskuldingane og at det finns fleire versjonar av opptrinnet på Eidfjord Byggjevarer AS, samt at eg ikkje var på arbeid den dagen, eg var heime på grunn av sjukdom, avslutter han med å seie at eg var dagleg leiar i EUAS uansett kor eg var og kva tid på døgeret det var. At han har folk overalt som føl med meg. At dei nok skal få noko på meg. Då eg etter denne særs ubehageleg samtala går inn til ordførar AJT for å varsla om framferda til styreleiaren min, seier han: "Du er utsett for eit umenneskeleg press». Samstundes innrømmer han at han lenge har visst om underslagsskuldingane utan å seie frå til meg. Han seier han har imøtegått dei med å seie at han ikkje trudde eg var så dum. Han stadfester at han har fått e-post frå ALB tidlegare i veka. Han seier han er einig med ALB i at det er Per Ivar Vedå som er kunden til Eidfjord Byggevarer AS. AJT har og fått rapporten frå takstmann Helge Fjellro. ALB er på dette tidspunktet leiar for Kontrollutvalget i Eidfjord kommune for Høgre og dermed den eg skal kontakte om varsel ikkje vert handtert av Eidfjord kommune ved ordførar. Eg spør ordførar kva eg skal gjere. Han tilrår at eg kontaktar advokat.

WK har hausten 2016 fortald meg at då KK skulle starte arbeidet på huset mitt i Eidfjord i oktober 2012, vart han åtvara av Darek, ein polakk som budde i Eidfjord og som var leigetakar hjå ein kamerat av KJM i Gamle Hereidsveg. At han ikkje måtte finne på å arbeide for meg sidan eg var «omgitt av advokatar». Dei har ikkje turt å fortelje det til meg før. Dei syntest det var så ubehageleg og på det tidspunktet kjende dei meg ikkje. JAB har truleg godt god for meg. Då eg kontakta Huseierne i månadsskiftet september/oktober 2012, var det fyrste gong eg som privatperson snakka med ein advokat.

Eit fantastisk hus å bu i?

Eg flytta inn i huset 20.12. 2012. Det vart ikkje noko møte med advokat 4.1. 2013. Det var imidlertid eit styremøte som eg ikkje visste om, har sett innkalling eller protokoll frå.

10. desember 2013 er eg i møte med advokaten min frå Huseierne på Voss. Motparten er Per Ivar Vedå, kompanjongen Arne Jordal, Ålvik Bygg og Utvikling AS og Haugamoen Bygg AS. Advokaten til Per Ivar Vedå heitter MJ. Eg trudde møtet skulle vere i møterom på hotell i Voss sentrum. Undervegs til Voss får eg melding om at eg skal stille hjå Jordalen Entreprenrør AS i Palmafossen. Det var særs ubehageleg å gå gjennom lokala til møterommet og sjå Per Ivar Vedå og kompanjongen Arne Jordal helse kameratsleg frå høgre til venstre på tilsette som sat på kontora langs gangen. Eg  sa i frå til MJ om dette i oppstarten av møtet, at det var upassande og særs umusikalsk og alt anna enn nøytral grunn. Ho fortel at ho har snakka med takstmannen Helge Fjellro og at han har sagt at han ikkje har peiling på massivtrehus. Då eg kjem heim, sjekka eg nettverket til MJ. Der dukka OL og Spilde Entreprenør AS opp. Det gjorde og Bømoen AS der Spilde Entreprenør AS og Jordalen Entreprenør AS er likeverdige eigarar, med OL som styreleiar og MJ som styremedlem. Fleire Jordalen er og inne i styret til Spilde Entreprenør AS. Takstmannen Helge Fjellro har fått kr 60 000 i honorar for ein dags arbeid og ein fem sider rapport som han sjølv har underkjent. Han vert umogeleg å få tak i. Då eg sit i bilen utanfor Jordalen Entreprenør AS etter at møtet er avslutta, har eg ei særs dårleg kjensle knytt til hendingane eg har vore med på. Eg seier frå om dette til advokaten frå Huseierne.

10.1. 2014 etter det ordinære styremøtet i EUAS startar siste runde av mitt mareritt. AJT hevda at dette kom overraskande på han. Han har og ved eit høve spurt meg om eg hadde nokre tankar om kvifor det tok laus nett då. Då svara eg han at eg ikkje visste. I dag er eg heilt viss på at møtet på Voss 10. desember 2013 var sterkt medverkande og utløysande. Det har eg og sagt frå om til ordførar AJT ved fleire høve hausten 2017 og vinteren 2018. Eg kopla hendingane rundt meg til maktmisbruk og korrupsjonsliknande tilhøve. Han såg bort når eg sa det.

Det skal enno gå lang tid før eg skjøna at den no fraseparerte ektefellen til Per Ivar Vedå MK sin bror GK ikkje berre har ansvarleg firma saman med Per Ivar Vedå, men at han og er arbeidsleiar hjå Spilde Entreprenør AS gjennom mange år. Truleg er han og medeigar. I løpet av 2015 antyder AJT at grunnen til at eg ikkje kunne vere næringsutviklar, er at eg har åtvara mot handverkarar. Då eg fekk korrekt attest av han 06.02.2016, svara han det same på direkte spørsmål frå meg. Eg bad han seie kvifor eg måtte gjennomleve eit slikt mareritt utan at nokon greip inn. Svaret var: "Me kunne ikkje ha ein næringsutviklar som åtvarer mot handverkarar". Han såg ut kontorvindauge då han svara. Dei gongene han kom med denne utsegna, fortalde eg han at eg aldri hadde åtvara mot andre handverkarar enn Per Ivar Vedå, at eg visste nøyaktig når og kvar det skjedde og at eg ikkje hadde turt å fortelje det til nokon utanom NG. Eg sa og eg kunne hatt grunn til å åtvare mot Røynstrand Entreprenør AS, både for arbeid på Sentrumstunet (jobb) og huset mitt (privat), men at eg i staden hadde stilt spørsmål om igjen og om igjen om dei ikkje skjøna kor øydeleggjande det er for omdømmet deira at folk kjem på kurs og møter på Sentrumstunet og brukte pausane til å snakke om det dårlege handverket dei såg. Eg hadde ikkje turt å kritisere AM for å ha teikna på betongveggene mine i kjøkenet med turkis/grøn tusj og for å ha montert designarlamper feil slik at dei datt ned og knuste, ikkje minst sidan eg visste han var bror til nabo HR. Røynstrand Entreprenør AS kunne eg ha kritisert for å ha bygd kjellarrom utan innteikna ventilasjon og å ha forlate byggjeplassen utan å sikre seg at det overalt var tetta slik at ikkje radon kunne trenge inn i huset. Eg spurte han om han trudde eg hadde grunn til å klage, når eg berre veker etter at sonen SJR måtte tre inn på grunn av faren sin kreftsjukdom, fekk tilbakeført kr 98 000 i for mykje fakturert for grunnarbeid og vegbygging som faktisk ikkje hadde skjedd. Eg fortalde om radonmålingane i huset. Hausten 2015 vart det oppdaga at huset mitt ikkje var kopla til kloakken, men til overflateavlaup og dermed gjekk i kummen nedanfor huset. Dette var og Røynstrand Entreprenør AS sitt ansvar.   

I januar 2020 var forsikringsoppgjer ferdig for arbeidet som Gjensidige har finansiert med oppretting av særs grove handverkarfeil med følgjeskader knytt til arbeid utført av byggjeleiar Per Ivar Vedå, hans verksemder og folk. Rekninga kom på kr 995 808. Var det grunn til å åtvara mot handverkarar? Grunneigaren eg ringde til siste veka i august 2012, sa at eg gjorde jobben min som næringsutviklar då eg bad han om å varsle andre grunneigarar og småentreprenørar i Sysendalen. Eidfjord Byggevarer AS har eg kome attende til, gong på gong heilt fram til no i 2020. Mesteparten av materialene på forsikringssaka er teke ut hjå Eidfjord Byggjevarer AS. 

Det politiske spelet og varslarsaka er fortald om i eigne kapittel. Det bør seiast her at alt i første «drøftingsmøte» 25.01. 2014, fekk eg beskjed om at huset mitt ikkje var relevant i saka. I neste møte i februar 2014 sa KJM: «Eg kan godt kjøpa huset ditt for kr 2 500 000». Då hadde selskapet EUAS sin advokat[11] og omvarsla styreleiar KJM bede om å få innsyn i utgiftene mine og byggekostnad som før arbeidet med å retta feilen på veranda er utført, er kr 5 900 000. Byggjelånet mitt var på det tidspunktet rett under kr 2.500.000. Eg hadde fortald at alle sparepengane mine og forteneste på sal av bustad i Bergen låg i huset. OL frå Eidfjord Høgre sin bil med logoen til Spilde Entreprenør AS på sidene, køyrde i skytteltrafikk til kommunehuset heile vinteren og våren 2014. Denne vinteren har han og delteke i medlemsmøte og/eller gruppemøte hjå SP for å forklare kvifor eg måtte ut som dagleg leiar for EUAS, noko deltakarar på møtet har fortald meg.  I «drøftingane» avviste ein at det var sterke føringar på at eg måtte busette meg i kommunen og ikkje fekk pendle. Dette trass i at to av styremedlemmene i tilsettingsutvalet stadfesta det skriftleg til motparten EUAS/Eidfjord kommune, styreleiar EL og styremedlem IKNL. Det vart og presisert igjen og igjen at eg ikkje kunne trekke huset mitt inn i forhandlingane, at det som skjedde ikkje hadde noko med huset mitt å gjere.

Då GHV (SP) tok ordet før avstemminga rundt avvikling av EUAS, sat OL (Høgre), som innkalla vara saman med TS (Høgre), og lo så dei rista inne i kommunestyresalen, utan at ordstyrar AJT greip inn. GHV la ut ei melding om dette på fjesboka 18.03.2014. Det er OL, partikollega, arbeidskollega og nett fråtrådt styremedlem RE som saman med ein frå firma Jordalen Entreprenør AS, berre dagar etter at eg har mista arbeidet mitt, på Vossakonferansen 1.4. 2014, snur seg mot meg som sit nokre rader høgare oppe, og hånflirer meg rakt opp i andletet. Med vitner tilstades ved sidan av meg. Eg har aldri snakka med to av dei. RE har kun snakka med meg på mitt initiativ før fyrste styremøtet ho deltok i 30.08. 2013, ellers verken før eller sidan. OL og RE har medverka direkte til at eg har mista arbeidet mitt. Dette går fram i avviklingsprotokoll frå styret i EUAS 10.3. 2014 og signerte protokollar frå kommunestyret 17.03. 2014.

Det er faktisk ein fantastisk forretningsidé å henta tilflyttarar frå tettbygde strok og «leggje til rette for» at dei byggjer hus for så å sitje å vente på at dei skal gje opp og reise med halen mellom beina, ikkje berre privatøkonomisk for lokal kjøpar av nybygd husvære, men og samfunnsøkonomisk. Alle veit jo at eit slikt hus kjem på billigsal. Eg spurde på eit tidspunkt[12] AJT kva han ville gjort dersom han var i mine sko: «Eg ville flytta», svara han. Eg forklarte han då at eg i så tilfelle ville reise like fattig som eg var då eg starta studia som 20-åring i 1974. At all min oppsparte kapital ville bli verande att i Eidfjord og at eg aldri ville vere i stand til å kjøpe ny bustad, utan arbeid og utan eigenkapital. Han fortrakk ikkje ei mine.

I generalforsamling i SSAS, der eg har halde fram i stillinga som dagleg leiar som del av sluttavtale signert 28.04. 2015, vart omvarsla AL attvald som styremedlem både i 2015 og i 2017, trass i at rådmann og då styreleiar GU hadde signalisert at AL skulle ut sidan han ikkje bidrog i styret overhovudet. Eg har og varsla både rådmann og ordførar om korleis han vedvarande bryt forliksavtalen med ryktespreiinga si. Med siste attval skjøna eg at det ikkje kom til å ende slik GU hadde signalisert. GU har vore særs nøgd med arbeidet mitt og skjøna ikkje den hatefulle stemninga rundt min person. Han har fleire gonger signalisert at han ynskja at eg heldt fram som dagleg leiar i SSAS. Då eg spurde han kva som hadde skjedd sidan AL vart attvald, svara han at han hadde fått denne beskjeden: «Eg kan og avsetjast i kommunestyret med eit ikkje grunngjeve vedtak». Hausten 2017 spurte eg ordførar konkret og direkte på ordførarkontoret kva eg skulle gjere utan tilknyting til arbeid i Eidfjord. Hans svar var då klårt og tydeleg: «Det er best for alle at du flytter». Eg orka ikkje spørje han kven "alle" var. Eg svara at han godt veit det ikkje er mogeleg for meg som uføretrygda, ein direkte konsekvens av den særs grove og ikkje handterte varslingssaka med gjengjelding, og på grunn av huset. Eg har sagt til folk som kjenner meg lokalt, gjennom heile prosessen fram til denne dag, at dei er ikkje nøgde før eg har flytta, og at den perfide drivkrafta etter å ramme meg økonomisk, er ein del av dette.

Og ja, det er eit utruleg godt hus å kome inn i og bu i. Ein eldre innbyggjar i Eidfjord sa det slik til meg då ho sat i spisestova hjå meg: "Eg kan sjå at Klokkargarden hadde vore i gode hender om du hadde fått kjøpe han". AirBnB-gjester frå heile verda, kjem på grunn av huset og har gjort meg til Super Host nesten utan avbrot sidan juni 2015. På folkemunne heiter huset Fuglekassa og det synest eg er eit passande kallenamn.

Relasjonar og nettverk betyr noko

Eidfjord Byggevarer AS er eigd av HL og ektefellen ALB, HL er bror til OL (styreleiar i Høgre i Eidfjord).

ALB er kommunestyrerepresentant for Høgre og i valperioden 2011-2015 leiar av Kontrollkomiteen. Etter ny valteknisk avtale mellom SP og H i 2015, sat både AL og ALB i formannskapet i Eidfjord saman med ordførar AJT. AL er framleis varaordførar. ALB er kommunestyrerepresentant og vara til formannskapet for Høgre og etter kommunevalet i 2019. Det er nevøen til AJT som er ordførar for SP med ein ny valteknisk avtale med Eidfjord Høgre.

Det er og viktig å vite at det er Per Ivar Vedå som har forsynt aktørane med informasjon om forsikringssaka som førte til underslagsskuldingane frå Høgre-mannen og varaordførar AL. Det skuldast ein intern e-post i Gjensidige i Voss som kom på avvegar ved ein inkurie, i staden for at det gjekk eit opplagt spørsmål attende til meg som var avsendar av e-posten på vegne av Sameiget Sentrumstunet Eidfjord SA. Det er og viktig å vere klår over at eg alltid er den siste som får høyre rykta. Men det er jo slik eit "godt rykte" skal vere skrudd saman for å få tilsikta verknad.

https://www.ba.no/nyheter/ny-forskning-pa-hersketeknikker-sjokkert-over-egne-funn/s/1-41-7492123


[1] Som viste seg å vere 2 nedslitne utleigehytter som låg rett på steinfyllinga med sjøvatn inni

[2] Formålsparagrafen § 2 i vedtektene til Eidfjord Utvikling AS

[3] Det at eg kontakta Statskog for å få avklara rettigheiter knytt til Gamle Sandhaug var dårleg likt lokalt. Andre tipsa meg om at det var naudsynt å gjere slike undersøkingar

[4] Sjå Mayday, mayday

[5] Formannskapet er gjeve mynde til å avgjere slike søknadar i Eidfjord kommune

[6] AOL  var på det tidspunkt blitt rådmann

[7] I juni 2011 etablerer Per Ivar Vedå saman med Arne Jordal firma Ålvik Bygg og Utvikling AS som eg får faktura frå. Når eg spør ansvarleg arkitekt kva eg skal gjere, får eg beskjed om å betale. Eg veit då ikkje at han ikkje har motteke underskrive kontrakt frå Per Ivar Vedå på hans del av arbeidet

[8] Då Dagmar rasa i Hardanger 25.12. 2011 var eg glad for at reisverket av massivtre ikkje hadde kome opp. Det hadde garantert gått særs dårleg.

[9] Arkitekten syter for at det vert montert eit kamera med ein minnebrikke med 1000 bilete og at det vert programmert til å ta desse bilete gjennom heile monteringstida av massivtre på 5 dagar. Etter 17.3. 2014 og 28.4.2015 vert eg fortald at AL fortel på bygda at eg videoovervaker naboane mine.

[10] Eg synest intuitivt at dette var veldig kort tid og spurde om Per Ivar Vedå meinte påske året etter. Det vart avkrefta.

[11] Eg vert ikkje det minste overraska om det viser seg at dette og er advokaten OL og tilknytte verksemder nytter.

[12] Etter styremøtet 10.1. 2014.

Del artikkel:


Relaterte artikler