"En sak for de folkevalgte - og innbyggerne i kommunen - å reagere på"

27.05.2020, 00:00

Til varselet over der første kontakt med Høgre sentralt var på messenger 13.01. 2018. På telefon har Martin Engeset sagt til meg at både truslar, trakassering og falske rykter er straffbare handlingar. 
Leiar i Kontrollutvalget i Eidfjord kommune i 2011-2015 var Høgre-politikaren ALB. Ein av dei som varsla om meg til ordføraren. Det skjedde i desember 2012. Detaljane rundt denne hendinga, er ein del av oppslaget "Hus under kvar busk".

Under kopi av e-post dialog med professor emeritus Jan Frithjof Bernt, ein av Noregs mest kompetente på offentleg rett/forvaltningsrett. Svar som JFB har skrive inn i min e-post er markert med kursiv:

Fra: Lilliann Høyvang Andreassen 
Dato: 1. november 2017 kl. 09:53:24 CET
Til: Jan Frithjof Bernt, Universititet i Bergen 
Emne: Habilitet i spennet mellom politikk og heileigd offentleg verksemd. 

Hei!

Eg har nokre spørsmål knytt til habilitet:

- ein kommunepolitikar truger ved fleire høve dagleg leiar i heilegd kommunalt AS, fyrste gong direkte på stillinga: «eg skal få deg ut av jobben, før eller sidan på ein eller annan måte». Første gong før han er kome i posisjon, alle dei andre gongene etter. Kom i posisjon ved kommuneval i 2011. Starta utskiftningane i styret i GF juni 2012. Sluttførte i 2013.

- etter valgteknisk avtale får partiet hen er gruppeleiar for full kontroll med valkomiteen for kommunalt eigde AS. Resten av valkomiteen abdiserer (sitat frå politikar som sjølv var medlem her)

-har politikaren habilitet til å styre verksemda der denne DL er tilsett?

 

SVAR: Inhabilitetsreglene i Forvaltningsloven gjelder ikke tilsettingsforhold, men avgjørelsesmyndighet i enkeltsaker. Det betyr at denne politikeren ikke er inhabil i saker som angår foretaket, og heller ikke ved valg (da blir man aldri inhabil i praksis), men det kan han bli i en sak om tilsettingsforholdet til daglig leder, hvis det er et sterkt personlig motsetningsforhold mellom de to.

 

- ein partikollega set ut falske underslagsrykte om DL knytt til ei verksemd DL er SL i som del av stillinga i heileigd kommunale verksemd 1. Verksemd 2 er og heileigd kommunal.

-har politikaren habilitet til å styre verksemder DL er tilsett i? I siste tilfelle gjeld det 2 verksemder 

 

SVAR: Det samme her som ovenfor.

 

Politikar nr 1 innstilte seg sjølv som styreleiar i verksemd 1

Politikar nr 2 vart innstilt av politikar 1 som nestleiar i styret i verksemd 1 (5 styremedlemmer) og styremedlem (NL) i verksemd 2. I verksemd 2 vart kona til politikar 1 første VM (totalt 3 styremedlemmer)

 

I verksemd 1 klarte politikar 1 å skifte ut alle styremedlemmene med partikollegaer og 2 andre lojale/lydige styremedlemmer.

I verksemd 2 gjennomførte dei styremøte på VM sitt initiativ medan DL var på ferie i Tyskland.

 

Dagleg leiar var einaste tilsette i verksemd 1 og er det i verksemd 2.

 

Det vart varsla til ordførar som er GF i begge verksemden om alle truslane og dei falske underslagsrykta som heldt fram og etter at dei vart tilbakevist i desember 2012, 5 min etter at DL var gjort kjent med dei.  Ordførar var fast observatør i styret til verksemd 1. Det var ordførar som skreiv valgteknisk avtale med politikar 1 og 2. Han fekk i realiteten lovnad om ordførarvervet så lenge partiet til politikar 1 og 2 kom på vippen. Det gjorde dei i 2015 og.

 

Saka til dagleg leiar er teke inn som dokumentasjon til Varslarutvalget. 

 

Første trugsmål til politikar 1 var direkte knytt til at styret i verksemd 1 hadde avslege søknad om tilskot og lån til næringsverksemd frå hen. Politikar 2 miste 5-årig leigekontrakt med kommunen då DL som leigetakar varsla kommunelegen om helseplager knytt til muggsopp og råte. Kommunen grunnga oppseiinga med at det var ulovlig avtale. Det var ein eldre feriebustad som var leigd av kommunen som heilårsbustad. DL leigde av kommunen.’

 

SVAR: Dette høres lite trivelig ut, men det meste er nok en sak for de folkevalgte – og innbyggerne i kommunen – å reagere på.

 

Med vennleg helsing

Lilliann Høyvang Andreassen

 

Merknad: Når verksemda berre har ein tilsett, vert og vedtak ndg verksemda eit personalspørsmål, sidan det då er mogeleg å kvitte seg med den tilsette, utan oppseiingsgrunn, slik det vart gjort med EU AS. Det ein gjer då er å avvikle verksemda. Då står den tilsette att utan rettigheiter.

Riktig namn på Varslarutvalget er: Varslingsutvalget.  Dei leverte resultatet av arbeidet sitt i NOU 2018: 6 15. mars 2018. Mi sak syner med all tydelegheit at eit uavhengig varslingsombod er naudsynt for å sikre at varsel vert forsvarleg handtert. 

Del artikkel:


Relaterte artikler