Fru Justitia er ikkje blind

10.06.2020, 11:18

 
 

Bilete henta på Wikipedia. Kommunevåpen i Ilshofen Tyskland.

Systemsvikten er gjennomgripande hjå instansar eg har vendt meg til. Lista er under bearbeiding, med innhald knytt til korleis varsel vert handtert. Ein hjerne under sterkt psykisk press, jobber sakte og langt frå optimalt.

Arbeidstilsynet: 

Eg tok kontakt med Arbeidstilsynet i regionen fyrste gongen i mai 2013, etter at det obligatoriske punktet om arbeidsmiljø er stroken i årsmeldinga til EUAS for 2012 på initiativ frå styremedlem HM. Det er og sendt inn varsel frå kommunelegen i Eidfjord, såkalla RAS-melding i mars 2014. Det vert hevda at det siste ikkje er gjort på formelt riktig måte, at RAS-meldinga ligg ufordelt i postlista hjå Arbeidstilsynet 18.11. 2014. Eg har kontakt med tilsynsleiar i regionen, Marita Scott, både på e-post og på telefon. Eg sender eit varsel inn på plattformen til Arbeidstilsynet slik at eg veit at det er registrert at eg faktisk har freista å få Arbeidstilsynet til å agera. Dette gjer eg 5.11. 2014. Eg forklarer og at det gjeld to heileigde kommunale verksemder med berre meg som tilsett og at Eidfjord kommune er instansen som ikkje fyller aktivitetsplikta si i handtering av varsel mot politikarar i arbeidsgjevarrolla gjennom politisk oppnemnde styreverv. At det er Eidfjord kommune som er mottakar av varsel. I e-post til tilsynsleiar Marita Scott skriv eg 7.2. 2015:

Eidfjord kommune påstår at styreleiar automatisk vert ført inn i firmaattesten som dagleg leiar/adm. direktør. Så det er også berre ein formalitet. Eg vart avvist då eg freista få arbeidsavtale. Det vert hevda at eg frivillig har gått med på ein avtale om å vere arbeidande styreleiar med fast honorar.

Hos Arbeidstilsynet har saka fått registreringsnummer 11413, saksnr. 2014/95235 og gjeld organisatorisk/psykososialt arbeidsmiljø. Av svaret kan eg sjå at dei ikkje skjøner at det gjeld to verksemder, både EUAS og SSAS. Der den eine er avvikla (EUAS) og næringsutviklinga teke attende til Eidfjord kommune. Den andre nekter meg arbeidsavtale (SSAS) sjølv om det er gjort vedtak i GF 24.06. 2014 om at eg skal gjere arbeid i drift for verksemda. Det vert heller ikkje tillagt vekt at det er dei same aktørane rundt begge verksemdene. Det er truleg vanskeleg å skjøne at frivilligheit ikkje kan eksistera i ein tvangssituasjon der du som menneske står med heile eksistensen på kanten av eit stup og at der står du åleine. AML paragraf 14-5 er ikkje til å misforstå og burde i seg sjølv vere grunn for Arbeidstilsynet til å reagere. Når det står "skal ha" i ein lovtekst, er det ingen tvil om at eg hadde rett på arbeidsavtale frå sommaren 2014. Kravet til når du har rett til arbeidsavtale er skjerpa når det gjeld "korte arbeidsforhold" med varigheit av mindre enn ein månad. Den einaste som står att med rak rygg her er styremedlemmet som trekte seg etter møtet med ordførar og rådmann 3.9. 2014, MS. Tanken slår meg at regionen er liten og om det er nokon som kjenner kvarandre i dette feltet. På www.arbeidstilsynet.no står det:

"Arbeidstakere skal alltid ha en skriftlig arbeidsavtale. Dette gjelder uansett om det er en fast eller midlertidig stilling. Det er ingen unntak fra denne regelen."

"Alle arbeidstakere skal kunne varsle tilsynsmyndigheter eller andre offentlige myndigheter om kritikkverdige forhold på egen arbeidsplass. Derfor må alle offentlige myndigheter legge til rette for at arbeidstakere og innleide arbeidstakere kan varsle dem."

"Hvis du er ansatt i en tilsynsmyndighet eller annen offentlig myndighet, har du plikt til å ta imot varsel fra arbeidstakere utenfor din egen organisasjon. Her ser du hvordan du gjør det."

https://www.arbeidstilsynet.no/tema/varsling/slik-skal-offentlige-myndigheter-handtere-varsling/

I Kontrollutval i Eidfjord kommune er det inhabilitet gjennom heile perioden 2011-2020. Eg veit difor at det er nyttelaust å vende seg til dei. Lovlegkontroll etter Kommunelova føreset dessutan at det er tre kommunestyrerepresentantar som krev det. Det har eg enno mindre tru på er mogeleg med kommunestyresamansetnad på det tidspunktet og med dette bakteppet frå Eidfjord: https://www.ba.no/nyheter/ny-forskning-pa-hersketeknikker-sjokkert-over-egne-funn/s/1-41-7492123. Eg har møte med politikarane AOB, SH og GHV frå SP og AP i lokala til EUAS våren 2014. Dette i håp om at det skal føre til handling. Då ingenting skjer, spør eg noko seinare SH (AP) kvifor han ikkje gjer noko som tidlegare styremedlem i EUAS og den som verkeleg legg press på meg for å ta over ansvaret som styreleiar og sekretariat for Rika-Ragna Teaterselskap hausten 2009, eit verv som skal gjere meg særs upopulær blant ein del politikarar. Som forsvar for seg sjølv, seier han: "Det blir jo sagt at du er veldig kontroversiell". Seinare skal eg få høyre frå assisterande rådmann GU at han aldri har møtt nokon som er "så spesiell". Eg har møte med GHV og LE i januar 2015 heime hjå meg. GHV (SP) og LE (AP) står som pålar når eg ser meg attende. 

Ein yngre kommunepolitikar Eidfjord har sagt til meg: "Det trengs eit settekommunestyre og ein setterådmann for at du skal ha mogelegheit til å få rettvis handsaming av saka di med Eidfjord kommune."

På KS sine heimesider står det om kommunane sine kontrollutval:

"Kontrollutvalget skal føre tilsyn og kontroll med kommunens virksomhet på vegne av kommunestyret. Et velfungerende system for kontroll er avgjørende i kommunens arbeid for å forebygge og avdekke uetisk atferd og korrupsjon. Gode kontrollrutiner øker sjansen for at uetisk atferd og korrupsjon blir oppdaget og virker dermed forbyggende."

Fylkesordførar i Hordaland fylke:

Eg tek kontakt med Fylkesordførar Anne Gine Hestetun på Messenger 8.2. 2015, etter å ha blitt kasta som styreleiar av omvarsla medstyremedlem/varaordførar AL og generalforsamling/ordførar på direkten etter styremøtet i SSAS 06.02.2015. Eg forklarer henne situasjonen i korte trekk og me snakkast på telefon. Eg har grunn til å tru at eg kan takke henne for at GM (AP) engasjerer seg for å hjelpe meg i april 2015. Han seier og til meg at for han kan eg godt gå attende til ei 100% stilling.

Eg er i møte med fylkesordførar Anne-Gine Hestetun 25.01. 2016. Eg har framleis omvarsla varaordførar som styremedlem og kona til andre omvarsla som første vara. I eit styre på 3. Assisterande rådmann er i realiteten styreleiar frå 10.02. 2015, sjølv om EO generalforsamling ikkje vert halda før 30.04. 2015. Han opponerer ikkje mot politisk og administrativ kommuneleiing. Fylkesordførar peiker på Kontrollutval i Eidfjord. Eg forklarer henne inhabiliteten. Ho seier seg lei for at slike ting som dette kan skje i politikken, men at ho veit det er fullt mogeleg. Det er ho som seier eg kan freiste Fylkesmannen og lovlegkontroll etter Kommunelova. Då tidlegare styremedlem HaMe i EUAS seier det same vinteren 2017/2018, tek eg det vidare til Fylkesmannen i Hordaland.

Fylkeskommunen har sekretariat for kommunane sine Kontrollutval. Eg har undra meg over at eg ikkje vart sendt dit. 
https://www.hordaland.no/nn-NO/kontrollutvalet/

Fylkesmannen i Hordaland: 

Eg tek kontakt med Fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim, på e-post 31.12. 2018. Grunnen til at det ikkje skjer før, er eit siste håp om at rådmann og ordførar skal ta til fornuft sidan eg har levert langt meir enn nokon kan forventa, inklusive vekevis med tungt skogsarbeid, og mi eiga psykiske uhelse. Istaden får eg brev frå kommuneadvokaten når eg bed om å få ut kr 146 000 i løn i april 2018. Saka med inntektene utanfor Eidfjord frå Vita Activa Coaching sine kundar til EUAS går og inn i ei ny fase hausten 2018. Inntektene som er øyremerka mi kompetanseheving og oppretthald av sertifisering. Parallelt med alt det andre, kjempar eg ein kamp med omkampar med NAV. 

Eg sender førespurnaden til Lars Sponheim direkte sidan eg veit han bur og har vore ordførar i Ulvik. Eg rekner difor med at han er godt kjend med politiske hendingar i Hardanger, og ikkje minst nabokommunen Eidfjord. I e-posten gjev eg ei relativt grundig innføring i kva som har hendt i Eidfjord knytt til dei to kommunalt heileigde verksemdene eg har vore tilsett i. Eg spør kva Fylkesmannen i Hordaland kan gjere sidan det er fleire ulovlege forhold og inhabilitet knytt til vedtak. Eg får svar frå Fylkesmannen i Vestland 29.01. 2019. Fylkesmannen i Vestland skriv at i visse tilfeller kan dei gjennomføre lovlegkontroll. Fylkesmannen viser til §59 i Kommunelova der det står som eg alt veit, at det må tre eller fleire underskrifter til frå kommunestyrerepresentantar for at Fylkesmannen skal kunne gjennomføra lovlegkontroll. Det står og at Departementet på eigen hand kan gjennomføra lovlegkontroll (Kommunelova §59 nr 5). Dei skriv at denne saka, i alle fall i dag, ligg utanfor det området Fylkesmannen har høve til å gripe inn i. Eg vert gjort merksam på at eg har høve til å ta saka til Sivilombodsmannen. 

Når eg spør korleis det er mogeleg i ei sak der det kan dokumenterast at det er gjort ulovlege vedtak med inhabilitet, der det er ei ikkje handtert særs grov varslingssak med gjengjelding og der mottakar av varsel, ordførar AJT, har erkjent dette, får eg som svar på e-post 4.2. 2019: "..Men vi vil understreke at vi har stor forståing for din situasjon, og at vi har vurdert saka di grundig. Vi kan likevel ikkje sjå at det er grunnlag for ein lovlegkontroll, sett i lys av den relativt restriktive praksisen som vert ført i desse sakene."

Eg skal lære at det er ein ny praksis i det offentlege å synast synd på dei som vert overlaten til seg sjølv og rettssystemet, oftast utan fri rettshjelp, for det får eg og avslag på når eg søkjer om dette i saka knytt til kravet på kr 400 000 for inndrege inntekter frå min aktivitet utanfor Eidfjord. Det er Fylkesmannen som er "rette vedkommande" når det gjeld slike søknadar og. Dei som let seg frista til slik sakshandsamarmedynk, bør sjå videoen til Brené Brown "On empathy":  

;

sidan det å synast synd på frå ein mektig posisjon er ganske nedlatande. Det er mogeleg å kjenne både psykisk og fysisk.

Sivilombodsmannen:

På heimesida til Sivilombodsmannen står det: 

"Sivilombudsmannen er oppnevnt av Stortinget for å ivareta den enkeltes rettigheter i møte med forvaltningen".

Sivilombodsmannen kontakter eg 03.07. 2014 då  det vert klart at stillinga mi i næringsutviklingsselskapet (EUAS) vert teken attende til kommunen og fordelt på fleire tilsette der, det som heiter «virksomhetsoverdragelse». Det gjev tilsette visse fortrinn tildømes ved utlysning av ledige stillingar i den "mottakande" verksemda. Som klient hjå NAV er eg pliktig å søkje alle relevante stillingar, sjølv dei eg veit eg ikkje kjem til å få. Min førespurnad gjeld fortrinnsrett til stillinga som assisterande rådmann i Eidfjord. Etter ei summarisk sakshandsaming sommaren 2014, er svaret at dette ikkje var ei verksomheitsoverdraging. Då eg tek kontakt med dei att, etter at det er mogeleg å dokumentere at verksomheitsoverdraginga av EUAS er ein realitet, der formannskapet frå 18.03. 2014 gjer dei vedtaka som styret i EUAS gjorde til 16.3. 2014, at dei som har overteke arbeidsoppgåvene mine kan identifserast med namn frå våren 2014, og at stillinga mi i SSAS frå 1.5. 2018 i tillegg er overteke av ein tilsett i Eidfjord kommune, får eg som svar at det er gått for lang tid. Det er med andre ord bortkasta tid å kontakte Sivilombodsmannen.

Eg var i kontakt med Sivilombodsmannen igjen vinteren 2020 knytt til den forbode gjengjeldinga i Hardanger Tingrett 23.01. 2020 framført av kommuneadvokaten på vegne av Eidfjord kommune. Berre på grunnlag av samtale med sakshandsamar, skjøner eg at eg ikkje har krefter til å starte på null att med å forklare per brev og e-post den utruleg komplekse saka dette er vorte. Innspela eg får frå henne, er medverkande til at varslarbloggen vert til. 

Det er nokre grunnleggjande strukturelle svakheiter i systemet når einskildindivid møter det offentlege maktapparatet åleine og det er ein aukande tendens til å privatisere og rettsleggjere. Og når det offentlege er motpart. Det betyr at rettstryggleiken er avtagande for den som ikkje har frie økonomiske ressursar og/eller er villig til å ofre alt for at ei sak skal verte skikkeleg opplyst. Ein stand tener grovt på dette, advokatstanden, som då har fri tilgong til offentlege ressursar. Det er ein skjebnens ironi at me som samfunnsborgarar må vere med å finansiere dette gjennom innkrevde skatter og avgifter, medan velferdssamfunnet er vorte for dyrt til å gje borgarane fri rettshjelp. Maktassymmetrien er enorm og kjensla av avmakt likedan.

Saka mi er eit skuleeksempel på kvifor uavhengig varslingsombod er tvingande naudsynt. Eg har difor teke ny kontakt med Sivilombodsmannen. Svar kjem 03.07. 2020: "Sivilombodsmannen er ikkje ein ordinær klageinstans" og "Kontrollen til ombudsmannen skal vera etterfølgande". Det vert presisert at den er knytt til forvaltningsvedtak. Rettsleggjering gjer med andre ord at ombudsmannen ikkje kan "ivareta den enkeltes rettigheter i møte med forvaltningen". 

"Alle arbeidstakere skal kunne varsle tilsynsmyndigheter eller andre offentlige myndigheter om kritikkverdige forhold på egen arbeidsplass. Derfor må alle offentlige myndigheter legge til rette for at arbeidstakere og innleide arbeidstakere kan varsle dem." Arbeidstilsynet

Forliksrådet i Eidfjord og Forliksrådet i Voss:

Det er mykje å lære når du aldri har vore i kontakt med politi eller rettsvesen som privatperson. Det er ekstra krevjande å lære når du har levd under så ekstreme psykiske forhold som eg har gjort sidan sommaren 2012. Det som mottakar av varsel, ordførar AJT alt 14.12. 2012 omtalar slik på ordførarkontoret: "Du er utsett for eit umenneskeleg press", utan å kjenne ansvar for å gripe inn. Snarare tek han dekning bak ein kommuneadvokat og eit system som gjentek så det gjer fysisk vondt: "Intet unormalt forhold". Det er mitt oppmøte hjå Lensmannen i Voss Hardanger 1.11. 2018, etter funnet av opptenningsplassen for bål like bak huset mitt, som set meg på ein særs humpete læringskurve i det norske rettsvesenet sine irrgangar. Eg vert forklart av politikvinna som tek imot meg 1.11. 2018 på Voss, at forliksklage må sendast til Forliksrådet der eg bur og at sekretær for forliksråda er tilsett i politiet. 

Eidfjord kommune har hatt felles forliksråd med Hardangerkommunane i Hardanger Forliksråd fram til Eidfjord kommunestyre i møte 18.06. 2018 vedtok å gå ut grunna kommunesamanslåingane i Hardanger. Det er Fylkesmannen i Hordaland som oppretter/oppnemner nytt forliksråd i Eidfjord i brev dagsett 22.11. 2018. Medlemmene er:

Aslak Lægreid (leiar) (AL, ein av to hovudomvarsla)

Rolf Jensen (medlem)

Britt Madli Manger (medlem, sambuar til ordførar frå kommunevalet 2019)

Varamedlemmer er: Kari Tveit Hovland  (KTH), Irene Vivelid og Per Inge Nordstrand.

Eg bed difor om at forliksklagen min knytt til kravet om å få ut kr 400 000 frå mitt eige arbeid utanfor Eidfjord, inndrege av Eidfjord kommune ved oppløysing av EUAS 14.12. 2014, vert handsama av Forliksrådet i Voss. Det er underleg at ikkje kravet vert sendt direkte til Hardanger Tingrett når eg i ettertid oppdager beløpsgrensa på kr 120 000. Forliksklagen vert sendt til Forliksrådet under Namnsmannen i indre Hordaland 12.12. 2018. Alt i forliksklagen presiserer eg at dette ikkje er noka ordinær fordring, at eg aldri har fakturert Eidfjord kommune, eller for den saks skuld det oppløyste EUAS overhovudet. At det ligg føre eit styrevedtak hjå arbeidsgjevar med eigar tilstades og som aktiv part, som seier at midlane skal vere til min disposisjon til kompetanseutvikling, og at dei forsvinn i samband med avvikling av EUAS og opphør 12.12. 2014 sjølv om midlane står på konto knytt til organisasjonsnummeret i nokre månadar til. Eg bed og om at det må takast omsyn til den ikkjehandterte, særs grove varslingssaka med gjengjelding og mi tiltagande psykiske uhelse gjennom heile perioden 2012-2018. Forliksrådet i Voss skjøner ikkje at dette er eit lønnskrav. Kanskje avdi eg istaden for rekommandert brev, berre har sendt purring i brevs form til Eidfjord kommune 17.09. 2016. Eit brev som eg 1.7. 2020 skal få stadfesta at aldri vart journalført. Kvifor vert det ikkje det? Det er stila til ordførar og rådmann, subsidiært kommunestyret i Eidfjord. Forliksrådet i Voss avviser saka som for komplisert til å realitetshandsama i avgjerd forkynt 19.03. 2019. Det er ein partikollega av ordførar Anved Johan Tveit (SP) som gjer dette åleine.

På sida til Arbeidstilsynet står det:

"Blir resultatet av behandlingen i Forliksrådet et forlik eller en dom, og arbeidsgiver fremdeles ikke betaler, må du sende saken til namsfogden for tvangsinndrivelse."

Det står og at brev er dokumentasjon på at kravet er reist i rett tid. I dag er brev og e-post sidestilt. Øyremerka midlar til kompetanseutvikling er lønn for arbeid levert utover rammene for stillinga mi. Det kunne takast ut kontinuerleg. Siste dag eg kunne ta det ut til dette føremålet i EUAS var 30.06. 2014. Fristen for å fremma kravet er 3 år. Med andre ord 30.06. 2017. Eg sender fyrste krav om tilgong til desse inntekten 25.06. 2015 til ordførar og rådmann. Eg sender det tydelege kravet med utførlig tekst og vedlegg 17.09. 2016 i god tid innanfor tre-årsfristen for lønnskrav. Eg veit at eg er i eit arbeidsforhold som er eit framhald av det eg har hatt og at det har ei varighet til 30.04. 2018. At eg i ei 30 % stilling bør ha god tid til å gjenoppretta sertifiseringa mi slik at eg har noko å falla tilbake på. Og kva er det som gjer kravet for komplisert? At det er trenert? Det er det jo ikkje eg som har forårsaka.

Sjå: https://bloggi.no/hoyvang/29896/fra-tilsett-til-kreditor-korleis-trenering-gjer-det-mogeleg

Denne e-posten vert sendt til ordførar/mottakar av varsla og rådmann/tidlegare styreleiar og dermed arbeidsgjevar for meg etter at eg har lese tilsvar frå kommuneadvokaten i Eidfjord til forliksklage:

Fra: <post@sentrumstunet.no>
Dato: 25. mars 2019 kl. 10:01:47 CET
Til: Geir Underhaug <geir.underhaug@eidfjord.kommune.no>, Anved Johan Tveit <anved-johan.tveit@eidfjord.kommune.no>
Kopi: <avh@tekna.no>, <Marius.Wesenberg@stieglerwks.no>
Emne: Forliksrådet i Voss - Krav frå Vita Activa Coaching

Eg ser av tilsvar på sak i Forliksrådet i Voss frå kommuneadvokaten at Eidfjord kommune er skuffa over at eg grovt har brote forliket, utan at det vert nemnd med eit ord at forliket først og framst vart grovt brote av varaordførar Aslak Lægreid med fleire ved å halde fram å spreie falske rykter om meg. Seinast i ein 70-årsdag i bygda hausten 2018. 

Det vert heller ikkje sagt noko om at eg etter forliket får vite av ordførar på ordførarkontoret i Eidfjord at den eigentlege grunnen til at eg måtte tåle all trakasseringa  og truslane frå kommunepolitikarar i Eidfjord frå januar 2010, og frå juni 2012 styremedlemmer frå Høgre i Eidfjord var: «me kunne ikkje ha ein næringsutviklar som åtvara mot handverkarar». Det er ikkje det som står i avviklingsvedtaket frå 17.3.2014. Ordførar er no godt kjend med omstende rundt denne åtvaringa og at det i realiteten er korrupsjonsliknande forhold så det treng eg ikkje gjenta. Kommuneadvokaten er i dag kollega med advokaten som skulle hjelpe meg med å berge stumpane på dette byggeprosjekt i Eidfjord så han kan få førstehåndsinformasjon frå han om korleis kr 100000 i fri rettshjelp pluss eigenandel vart brukt opp utan at eg vart hjelpen og at siste møtet i desember 2013 i lokala hjå ein entreprenør på Voss, som ikkje var part i saka overhovudet, var årsaka til at nettverkskartet rundt saka mi i Eidfjord vart synleg for meg. Alle i Eidfjord kan i dag sjå med sjølvsyn at eg hadde god grunn til å åtvara mot byggjeleiar på huset mitt både som næringsutviklar og privatperson. Noko grunneigaren/småentreprenører eg åtvara til i Sysendalen mot slutten av august 2012 er heilt einig i.

Det vert heller ikkje sagt at det er eit stort manglande samsvar mellom attesten frå Marius Wesenberg som eg avviste som grovt misvisande i juni 2014 (og som forliksavtalen er basert på) og den som ordførar skreiv til meg i februar 2016 og som er riktig. Dette var del av saksdokumenta. Den dokumenterer særs godt at problemet ikkje er at eg ikkje har «vore villig å yta litt ekstra», men at det er stor appetitt på gratis arbeidsinnsats frå meg medan andre med større forhandlingsstyrke samstundes sikrar seg til salt i grauten. Både før og etter forliket.

Av tilsvaret ser det ut som om eg har hatt ein gullkanta forliksavtale. Den har eg jo i realiteten betalt for sjølv med min arbeidsinnsats og inndrege løn for avtala arbeid i perioden 2009-2014 kr 575000 og tilbakeholdt løn for avtalaarbeid utover forliksavtalen i 2017/2018 kr 146000. Eg arbeider framleis gratis for Sysendalen Skisenter AS avdi arbeidsoppgåver ikkje vert løyste og eg skjemmest i ft hyttefolket.

Med andre ord: eg skreiv under forliket og var ytterst lojal til det vart klart for meg at premissane i forliket var eg bunden av, ikkje motparten. Det vart eg klar over i juni 2015 fyrste gong. Dette er ordførar fortløpande varsla om.

For øvrig synest eg det er påfallande korleis kommuneadvokaten klarer å unngå å synleggjere at EUAS berre hadde ein tilsett, underteikna. På det meste var mitt årsverk på 165% utanom verksemda utanfor Eidfjord. Då eg fekk som styreleiar den første som hadde truga og trakassert meg 31.1.2010, gjorde eg kun det som låg innanfor stillinga mi. Då eg bad om at styret ivaretok arbeidsgjevaransvaret for meg ifa medarbeidersamtaler og tydelege mål sa styreleiar: «Det får du aldri av meg». Det skjedde hausten 2012. Då er det ikkje naturleg å ta opp personalspørsmål i dette styret. Etterkvart skjøna eg at eg ikkje kunne få hjelp hjå eigar heller.

Eg kjem til å ta saka til Tingretten.

Mvh
Lilliann Høyvang Andreassen
Mobil 91566835

Uthevinga i sjølve e-postteksten dagsett 25.03. 2019, er gjort 14.06. 2020.

Fylkesmannen i Vestland:

Eg søker Fylkesmannen i Vestland om fri saksførsel to gonger etter å ha fått avslag hjå mitt eige forsikringsselskap hausten 2019. Saka gjeld kr 400 000 inndrege av Eidfjord kommune ved opphør av heileigd kommunalt aksjeselskap EUAS for arbeid utført utanfor Eidfjord og fakturert gjennom EUAS i samsvar med styrevedtak 14.05.2009. Begge gongene anker eg heilt til Statens Sivilrettsforvaltning sidan det er faktiske feil i svarbreva eg får frå Fylkesmannen i Vestland.

Det fins i realiteten ikkje fri rettshjelp for menneske som havner i situasjonar som min med ein kommune som motpart, og der kommunen har brote både AML kap 2a og AML paragraf 14-5, og som i tillegg har inndrege betydelege midlar som det fins styrevedtak på at eg skal disponera til mi eiga kompetanseutvikling (kr 400 000), generalforsamlingsvedtak på at eg skal føre timelister for (kr 180 000) og avtale i møte med ordførar og rådmann 10.10. 2017 at eg skal utføre utover ramma på ein forliksavtale som alle tre veit er broten av omvarsla styremedlem/varaordførar (kr 146 000).

Eg veit ikkje nøyaktig kor mykje Eidfjord kommune og den kommunalt heileigde verksemda Eidfjord Utvikling AS har brukt på advokat sidan styreleiar KJM henta inn advokat i september 2012 for å få hjelp til å vere hard nok i klypa med meg. Eg vert ikkje overraska om det er meir enn dei kr 726 000 Eidfjord kommune har inndrege for levert arbeid frå meg. Eg veit og at om eg hadde prøvd meg på å heve eit mykje mindre beløp frå nokre av dei fire kontoane med midlar frå Eidfjord kommune sine verksemder, som eg var disponent for frå 2.1. 2009 - 30.4.2018, så hadde eg vore fengsla. Det er særs opprørande å erfare at eg som privatperson skal måtte risikere alt eg eig og har medan kommunen disponerer store offentlege midlar som motpart i ei slik grotesk sak. Ei sak eg ikkje ville trudd var mogeleg om nokon andre fortalde meg det.

Fylkesmannen i Vestland har vurdert søknaden om fri saksførsel som om det gjeld eit reint pengekrav. Det betyr at varslingssaka er gjort irrelevant. I avslaga står det:

«Vi har forståing for at saka har stor personlig betydning for deg. Vi kan likevel ikkje sjå at det er godtgjort at saka objektivt sett rører ved deg i særlig sterk grad. Vi viser til at det gjeld pengekrav etter arbeid du har utført gjennom ditt enkeltpersonføretak….I saker om pengekrav skal det føres en meget restriktiv praksis…Det same gjeld saker om forretningsforhold, yrkesutøving mv. I slike saker vil det jamleg oppstå trong for juridisk hjelp, og det er normalt ikkje rimeleg at det offentlege yter støtte til dette»

Det som står over er ei fullstendig kortslutning i forhold til innhaldet i saka mi med Eidfjord kommune og dei to heilegd kommunale aksjeselskapa. Det inneheld også ein heilt konkret feil som det viser seg umogeleg å få retta opp sidan det ikkje er sendt ein einaste faktura frå Vita Activa Coaching i perioden 2009-2012 og det er dokumentert i vedlegga til søknaden til Fylkesmannen i Vestland. Ikkje til ein einaste kunde og ikkje til Eidfjord kommune eller EUAS. Dessutan er det Eidfjord kommune si trenering når eg freister å få nytte midlane til kompetanseheving slik det framgår av vedtaket i styret i EUAS 14.05. 2009, som tvinger meg til å gå frå rolla som tilsett/lønnsmottakar til kreditor. Verken feilen eller kortslutninga er mogeleg å få retta opp. Fylkesmannen i Vestland gjentek det dei alt har vedteke.

Eg vert sendt attende til Fylkesmannen i Vestland av Riksadvokaten i brev 04.02. 2020. Då har eg spurt kvar eg skal vende meg med den særs grove, ikkje handterte varslingssaka med gjengjelding sist i Hardanger Tingrett 23.01. 2020.  "Møtet" med fylkeskongen sine bolde menn i skrift og framferd 12.- 13.02. 2020 kjem eg til å hugse til min dødsdag. Nok ein gong skal det vere ei kvinne som veit kva som er rett å gjere.

Statens Sivilrettsforvaltning:

På heimesida til Statens Sivilrettsforvaltning står det:

"Statens sivilrettsforvaltning behandler et stort antall enkeltsaker som er av vesentlig betydning for individet.

Advokatstanden har som etisk norm: Fremme rett og hindre urett.

Eg vil tru at majoriteten av dei tilsette i Statens Sivilrettsforvaltning er juristar.

Statens Sivilrettsforvaltning gjentek det Fylkesmannen i Vestland alt har sagt. Dei skriv: "Vi forstår at saken betyr mye for deg".

Det ligg utanfor mi fatteevne at ikkje denne typen saker får det til å gå eit skrall gjennom heile forvaltninga. For maktmisbruken eg har opplevd handler såvisst ikkje berre om meg. Det er eit demokratisk problem. 
Likevel er det eit stort paradoks at etter å ha dokumentert saka mi med Eidfjord kommune og to kommunalt heileigde AS, der det har skjedd opplagte lovbrot, så må eg ta saksomkostningane for å "bevise" det.

Det er imidlertid Fylkesmannen i Vestland som kjem  med den mest oppsiktsvekkjande analysen i brev dagsett 12.02. 2020, etter at Riksdavokaten har sendt meg dit.

Hardanger Tingrett:

Når du sit heime, skjelven som eit aspelauv, etter å ha lese ein dom som bare har teke med frå rettsforhandlingane det som byggjer opp under domsslutninga, og har utelate alt som er viktig for di sak, veit du kvifor varslarar har "ropt" til deg der dei kan nå deg: "Ta opp alt som skjer i retten". Du har sjølv site under rettsforhandlingane, som sjølvprosederande, med ei veksande uro avdi du kan observera at det er umogeleg for fullmektigen, som er åleine, både å leia forhandlingane og skrive referat frå forhandlingane. https://juristen.no/nyheter/2019/06/etter%C2%ADlengtede-opptak-i-flere-domstoler

Den særs grove vedvarande varslingssaka med gjengjelding, er halde utanfor/er gjort irrelevant. Det at eg har mista mi psykiske helse på grunn av den vedvarande ikkje handterte varslingssaka, er halde utanfor. Det at eg er sjølvprosederande, er halde utanfor. Det at Eidfjord kommune totalt har inndrege kr 726 000 i løn/honorar for levert arbeid i EUAS og SSAS frå 1.1. 2009-30.04. 2018 dokumentert med detaljerte timelister og rekneskapsført på eigen kontoklasse i rekneskapen til EUAS, er halde utanfor. Det at desse midlane har kunna inndragast på grunn av fleire lovbrot og inhabilitet, er halde utanfor.

Sidan saka vert handsama som om eg har levert tenester til EUAS/Eidfjord kommune og er vorte kreditor ved avviklinga, er det og påfallande at det ikkje vert gjengjeve at kommuneadvokaten som avviklingsstyreleiar er pliktig å syte for kreditorvarsel og at han som arbeidsgjevar i perioden 17.3. 2014 - 12.12. 2014 aldri såg det naudsynt å stille meg spørsmålet om eg som tilsett hadde nokon kreditorkrav mot verksemda. Han hadde full tilgong til styrepermar både i elektronisk og papir versjon. Styrepermane vart henta på arbeidsplassen min rundt 17.03. 2014 og han fekk full tilgong til elektronisk arkiv og e-post hjå Voss kommunikasjon 8.5. 2014. Styrepermane og arkivet hadde han god tid til å gå gjennom og eg var tilgjengeleg for å svara på spørsmål. Dette vart påtala av meg i rettsforhandlingane.

Påstanden om saksomkostningane vert framført som ei forbode gjengjelding (AML 2A-4) av kommuneadvokaten/tidlegare avviklingsstyreleiar i EUAS og som det min tidlegare arbeidsgjevar, på vegne av Eidfjord kommune:

"Eidfjord kommune har tradisjon for å ta saksomkostningene når de må møte egne/tidligere ansatte i retten. Eidfjord kommune gjør et unntak for deg. Her har jeg en betydelig advokatregning."

Den forbode gjengjeldinga i form av ei presisert forskjellshandsaming, vart påtala av meg direkte i rettsforhandlingane med spørsmålet: "Korleis våger du med innskjerpingane av kap 2A i AML frå 1.1. 2020?" Eg viste og til kr 726 000 totalt inndrege i løn/inntekter for levert og avtala arbeid. At kommuneadvokaten som min arbeidsgjevar/avviklingsstyreleiar har vore direkte ansvarleg for kr 180 000 av desse til tydeleg protest frå meg i samband med opphør av mitt arbeidsforhold. Eg spurte etter skamkjensle ved å vise ein slik brutalitet og skamløyse. Alt dette er utelate frå dommen. Med timelønna kommuneadvokaten meinte eg fortente i samsvar med leverte timelister i drift av SSAS frå 1.7. 2014-30.3. 2015, ville saksomkostningane vorte kr 6 300. 

Tilstades i retten:

  • dommarfullmektig med fullmakt frå Sorenskrivaren i Hardanger 
  • kommuneadvokaten som og har vore i dobbeltrolla arbeidsgjevar for meg som avviklingsstyreleiar i EUAS frå 17.3. 2014-12.12. 2014
  • rådmannen i Eidfjord kommune Geir Underhaug som har vore i dobbeltrolla arbeidsgjevar for meg som styremedlem frå 15.12. 2014 og styreleiar frå 30.04. 2015. Frå 24.06. 2017 fast observatør for eigar Eidfjord kommune i styret for SSAS. Frå 24.06. 2017 med personalansvar for meg på grunn av inhabilitet i styret i SSAS
  • eg som sjølvprosederande

Styrkeforhaldet mellom Eidfjord kommune og meg vert vurdert som likeverdig, eller irrelevant? Det er umogeleg å skjøne ut frå formuleringa i dommen. Alle opplyste menneske veit at styrkeforhaldet mellom ein einskildperson og offentlege mynde, her ved ein kommune, aldri kan verte jamnbyrdig eller irrelevant. Maktassymmetrien er enorm!

Eg har protestert til Hardanger Tingrett. Eg har ikkje skrive under dommen. Eg kan ikkje anke med eit rettsgebyr på kr 25 000 og med dei viktigaste premissa halde utanfor saka. Eg har tenkt mykje på kva som ville skjedd med meg om eg stal totalt kr 726 000 frå arbeidsgjevar. Og eg har tenkt på kvifor Sorenskrivaren i Hardanger unngjekk meg då eg var innom embedet med nokre dokument veka før rettsforhandlingane og kvifor han ikkje klarte å sjå meg i augene. Dersom Sorenskrivaren i Hardanger er inhabil, er heile Hardanger Tingrett inhabil. Sorenskrivaren i Hardanger er busett på same gateadresse som advokatfar til kommuneadvokaten til Eidfjord kommune.

Dommen er offentleg og vart gjengjeve i Hardanger Folkeblad 11.02. 2020 med krigstypar på avisa si framside og over 2 heile sider inne i avisa. Eg hadde freista få dei til å dekke den ikkje handterte varslingssaka i lang tid. 

Tiltak mot lønnstjuveri
"Regjeringen varsler at den kommer med et lovforslag som skal sendes på høringsrunde i god tid for vedtak i Stortinget i løpet av det kommende året. Fagforbundets leder, Mette Nord, forventer kraftfulle tiltak."

"Det er bra at regjeringa har forstått alvoret, men vi er spent på oppfølginga. Arbeidsgivere som stjeler fra sine ansatte får ingen straffereaksjoner slik det er i dag. Det må være likhet for loven og vi forventer kraftfulle tiltak for å sikre arbeidstakernes rettigheter, fastslår Nord."

https://www.fagforbundet.no/nyheter/a/11221/regjeringen-varsler-tiltak-mot-lonnstyveri-og-adopterer-begrepet/

"Det offentlige må ta ansvar for å sikre arbeidstakere nødvendig beskyttelse mot lønnstyveri, og risikoen ved lønnstyveri må flyttes fra den enkelte arbeidstaker til det offentlige på samme måte som ved annen vinningskriminalitet." 

https://kritiskjussblogg.wordpress.com/2020/03/26/lonnstyveri/

Riksadvokaten:

RIKSADVOKATEN
Lilliann Høyvang Andreassen
Sendes kun pr. e-post: post@sentrumstunet.no

HENVENDELSE OM VARSLINGSSAK
Unntatt fra offentlighet, 
DATO
4. februar 2020 
Det vises til e-poster av 30. og 3l . januar 2020 om en varslingssak. Riksadvokaten er ikke rett adressat for varselet eller for manglende oppfølgring av tidligere varsler. Ut fra e-postene dine forstår jeg det slik at varselet knytter seg til et tidligere ansettelsesforhold i en kommune, og i så fall vil Fylkesmannen eller Arbeidstilsynet være rett adressat for varselet.
Arbeidstilsynet ga i 2019 ut "retningslinjer for mottak og håndtering av eksterne varsel til offentlige myndigheter", som er tilgjengelig på nettsiden deres. Der gis en oversikt over hvilke instanser som tar imot varsler om ulike forhold, og det fremgår at Arbeidstils¡met tilbyr veiledning om rettigheter i forbindelse med varsling på telefon 73 19 97 00.


Postadresse: E-post:
Postboks 2102 Vika postmottak@riksadvokaten. no 0125 osl-o
Telefon:
22 47 78 50
AGRO12

Statens Hus Bergen 13.02.2020

Seint på kvelden 12.02. 2020 "plinger" det eit varsel om brev frå Fylkesmannen i Vestland på digipost. Den som har fått mange dårlege meldingar frå offentlege mynde på denne plattforma, utviklar etterkvart angstreaksjonar på denne lyden og må venje seg til å opne slike meldingar med hjartebank, galopperande puls og skjelvande hender.

I brevet frå Fylkesmannen i Vestland står det:

"Fylkesmannen viser til tidlegare korrespondanse, seinast dine e-postar av 30.01.2020, 31.01.2020, 05.02.2020, 08.02.2020 og 11.02.2020 med vedlegg. Vi stadfester med dette at vi har registrert ditt varsel om det du meiner er ei «fullstendig systemsvikt i demokratiske organ og i samspelet mellom politikk og administrasjon» i Eidfjord kommune. For ordens skuld legg vi til at vi formelt sett ikkje oppfattar dette som eit varsel etter reglane i arbeidsmiljølova kap. 2 A, då vi ikkje kan sjå at vilkåret om at den som varslar må vere arbeidstakar i den verksemda det varslast om er oppfylt i dette tilfellet. Dersom du ønsker nærmare informasjon om korleis varslingsreglane i arbeidsmiljølova er å forstå, viser vi deg til å ta kontakt med Arbeidstilsynet. Vi vil vurdere varselet ditt på grunnlag av den myndigheit Fylkesmannen etter regelverket har overfor kommunane. Fylkesmannen vil peike på at ein kommune er eit sjølvstendig rettssubjekt. Kommunen har derfor eit sjølvstendig ansvar for at saksbehandlinga oppfyller dei krava som følgjer av lover og forskrifter. Fylkesmannen er ikkje organisatorisk overordna kommunane. Vi har derfor ikkje høve til å instruere dei, eller til å føre tilsyn med eller overprøve kommunane si saksbehandling med mindre det ligg føre eit særskild rettsleg grunnlag for dette. Fylkesmannen har høve til å føre tilsyn med kommunane si verksemd etter ei rekkje lover. Vi kan likevel ikkje sjå at dei forholda du tek opp, fell inn under nokon av dei heimlane vi har til å føre tilsyn."

Brevet vert avslutta med at dei anser saka som ferdig handsama. Det er underskrive av assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid. Eg har i samråd med bror min som arbeider hjå Fylkesmannen i Trøndelag, vist til Forvaltningslova og retten til møte med sakshandsamar. Det er med dette som bakgrunn eg har freista avtale møte 13.02. 2020 sidan eg då er i Bergen. Eg sender e-post til sakshandsamar om dette i god tid før, og bed og om at tidlegare styremedlem i verksemda EUAS, HaMe, må få delta i møtet sidan ho har vore vitne i viktige møter som eg ikkje har visst om og/eller fått informasjon frå direkte knytt til varslingssaka. HaMe er tilsett hjå Fylkesmannen i Vestland i ei anna avdeling. Då eg klarer å opne brevet frå Fylkesmannen i Vestland særs tidleg 13.02. 2020, sender eg e-post til sakshandsamar om at eg kjem til Statens Hus i Bergen på morgonen same dag.

Statens Hus er eit bygg eg er godt kjend i sidan det var heilt nytt, og damene som sit i resepsjonen kjenner eg og gjennom alle desse åra. Eg bed om at dei varslar sakshandsamar om at eg er på plass. Eg får beskjed om å vente på å verte henta. Etter ei lita stund kjem sakshandsamar og ein mann til ned bak sikkerheitsgrinda mot publikumsområdet. Eg går bort og rekner sjølvsagt med at eg skal bli med i eit møterom. Der tek eg feil. Dei stiller seg i eit avlukke med sikringsglass bak ein søyle midt på golvet i publikumsområdet. Eg spør vantru om eg skal ha møte der, med ei stor sofagruppa med ventande folk bak ryggen. Eg spør kven den andre personen er. Han er jurist hjå kommunalavdelinga. Han seier han er tidlegare dommarfullmektig. Dei viser til brevet frå dagen før og at eg ikkje lenger har rett til møte sidan saka er ferdig handsama frå Fylkesmannen si side. Eg syner til brevet frå Riksadvokaten som Fylkesmannen i Vestland har fått og at eg ynskjer å få levere varsel. Eg vert i realiteten behandla som om eg er ein potensielt valdeleg psykopat og seier at dette opplever eg som krenkjande og opprørande, spesielt med den historia eg har som varslar gjennom så mange år utan å lukkast med å levere varsel slik at det utløyser aktivitet i samsvar med AML kap 2A-3. Eg bed om å slippe å stå slik på offentleg stad. Til sist spring eg derifrå. Eg kjem plusteleg på at eg kan be om å få møte det tidlegare styremedlemmet i EUAS og returnerer difor til damene i resepsjonen. HaMe kjem raskt ned og tek meg med på møterom like bak resepsjonen innanfor sikringsporten. Eg får formidla den totale audmjukinga og den totalt uprofesjonelle framferda eg har måtta oppleve. Eg avtaler med henne at ho skal formidla kva det var eg ynskja frå Fylkesmannen og korleis eit møte skal gjennomførast på ein respektfull og empatisk måte.

Eg sender svaret frå Fylkesmannen i Vestland til Riksadvokaten til orientering. Eg får spørsmål attende om eg ynskjer å politianmelde.

Sidan har eg lese om vegleiings- og informasjonsplikta som Fylkesmannen har, i tillegg til retten til møte med sakshandsamar i følgje Forvaltningslova. Eg har tilskrive Fylkesmannen og bede om informasjon om korleis eg skal sikrast rettstryggleik og rett til å få levere varsel i 2 kommunalt 100 % eigde aksjeselskap med møtande kommunepolitikarar som styremedlemmer og varamedlemmer. Der fleire av dei er omvarsla før dei let seg innstille som styremedlemmer av kommunal valkomite. Ein valkomite som partiet dei tilhøyrer har fått full kontroll med gjennom valteknisk avtale med ordførar sitt parti SP sidan oktober 2011, og der ein av dei omvarsla vert leiar som del av avtalen frå november 2011. Ordførarar er generalforsamling i begge dei gjeldande verksemdene med fullmakt frå kommunestyret i Eidfjord. I det eine møter han fast som observatør i styret for eigar. Dei fyrste åra møter i tillegg rådmann i møtene når han synest det er viktige saker for kommunen. Det synest han ofte. Det eine selskapet hadde som føremål å utføre det lovpålagte  næringsutviklingsarbeidet til Eidfjord kommune og hadde all finansiering, utanom mine inntekter utanfor Eidfjord i perioden 2009-2012, frå Eidfjord kommune. Det andre har som føremål å utvikle, vedlikehalde og drive eigedomsselskapet knytt til friluftliv i Sysendalen for Eidfjord kommune. Dette selskapet hadde alle inntekter utanom frivillig løypebidrag frå hyttebefolkninga, frå Eidfjord kommune og tilskot og gåver omsøkt til føremålet. Begge verksemdene hadde kun ein tilsett i perioden 1.1. 2009 til 30.04. 2018, dagleg leiar Lilliann Høyvang Andreassen. Det siste selskapet var heilt bevisst underfinansiert av eigar. Noko som er påpeika i to selskapskontollar, ein i 2011 og ein i 2018. Detaljar om slik målmedviten underfinansiering av SSAS er gjeve i "Draumen om Sysendalen". Eg har og gjort merksam på konsekvens av manglande gjennomskjæring mellom kommunalt heileigde selskap og eigarkommunen: 

https://bloggi.no/hoyvang/30022/pa-regjeringa-no-om-kommunalt-eigarskap-etikk-og-habilitet

I svar frå Fylkesmannen i Vestland 23.06. 2020 sparkar sakshandsamaren frå publikumstorget 13.02. 2020 ansvaret attende til Arbeidstilsynet. Eit Arbeidstilsyn som abdiserte i midten av februar 2015, medan eg kjempa for å få lovpålagt tilsetjingsavtale og løn i den stillinga eg var registrert med i firmaattesten til SSAS sidan 18.12. 2010 og med generalforsamlingsprotokoll underskriven av ordførar i Eidfjord kommune 24.06. 2014 om at eg skulle skrive timar for arbeid for styret og i drift. 

La deg aldri tilsetje i kommunalt heileigd aksjeselskap med ein tilsett, kommunepolitikarar som styremedlemmer og ein svinebunde ordførar som generalforsamling. Det er ikkje ei ansvarsfri sone. Den er lovlaus. 

Mellom Sponheim og Lægreid dukker namnet Lindebrekke opp. Dersom Fylkesmannen er inhabil, er heile embedet det.

Vest politidistrikt og Statsadvokaten:

Saka er motteke frå Riksadvokaten som påteikningssak 20. mars 2020. Henlagt som sivilrettslig forhold 30. mars 2020 etter at politiet ikkje fant rimeleg grunn til å etterforske om det fans strafferettslege forhold. 

Klage avvist av Statsadvokaten 22.4. 2020. Det betyr at arbeidsgjevar og eigar sine brot på AML ikkje vert rekna som strafferettsleg lovbrot av Statsadvokaten i Hordaland og Sogn og Fjordane. Ikkje det å beslagleggja kr 400 000 i inntekter med styrevedtak i signert protokoll at det skal gå til mi kompetanseutvikling i coaching heller. Då er Statsadvokaten si rettsoppfatning i strid med oppfatninga til statsråd Torbjørn Røe Isaksen som har teke i bruk fagrørsla sitt omgrep lønnstjuveri. 25. mars 2020 varsla han at regjeringa skjerpar kampen mot lønnstjuveri og at nytt lovforslag med ansvarleggjering av arbeidsgjevar er på veg i løpet av 2020. 

"Lønnstyveri er lovbrudd, og språk er makt. Ta ordet i bruk, oppfordret Fagforbundets ekspert på lønnstyveri, Anne-Grethe Krogh for noen måneder siden. Nå har regjeringa gjort nettopp det."

https://www.fagforbundet.no/nyheter/a/11221/regjeringen-varsler-tiltak-mot-lonnstyveri-og-adopterer-begrepet/

"Over halvparten henlegges

Hun jobber som spesialrådgiver i Fagforbundet og har skrevet masteroppgave i kriminologi, hvor hun analyserte kriminalitet i arbeidsmarkedet. 

‒ 50 til 80 prosent henlegges, og statsdvokatenes tilsyn med politidistriktene er en rimelig klar tale om at det trengs betydelig tilførsel av ressurser, både kompetanse og kapasitet, mener Krogh.

Ifølge Krogh har Riksadvokaten i sju-åtte år bedt om prioritering av arbeidslivskriminalitet uten særlig respons fra politidistriktene." Fagforbundet. 
 

Politiet i Voss:

Difor roper rettskjensla mi nei og forstanden klarer ikkje å romme det som skjer:

Det foregår lønnstyveri når arbeidsgiver...

  • ikke betaler tarifflønn eller allmenngjort lønn✔
  • ikke betaler inn obligatorisk/avtalefestet pensjon✔
  • ikke sørger for lovpålagt yrkesskadeforsikring✔
  • presser ansatte til å opptre som selvstendig næringsdrivende/kontraktører, og med det frasi seg rett til sykepenger, pensjon, overtidskompensasjon osv.
  • ikke betaler for alle arbeidede timer✔
  • ikke betaler overtid.
  • ikke betaler lovfestet ferielønn✔
  • pålegger arbeidstakere å arbeide i lovpålagte og ubetalte pauser.
  • pålegger arbeidstakere å jobbe ubetalt før og etter skift. Også kalt dugnad av noen norske arbeidsgivere.
  • ikke sørger for lov- og forskriftspålagt verne- og sikkerhetsutstyr.
  • konfiskerer tipspenger.
  • forlanger «payback», dvs. betale tarifflønn/allmenngjort lønn, men så forlanger at deler av lønnen blir tilbakebetalt til arbeidsgiver.
  • unnlater helt å betale ut lønn – eksempelvis til dagarbeidere✔
  • benytter strategiske konkurser for å unngå å betale sine forpliktelser overfor arbeidstakere.

Her kunne føyast til lista: 

  • avvikler offentleg heileigd verksemd for å fjerne tilsett som dei ikkje klarer å skape oppseiingsgrunnlag for og legg til rette for å inndra kr 580 000 i løn som konsekvens av det✔
  • omdefinerer roller i strid med registrering i firmaattest og andre signerte dokument
  • nekter tilsettingsavtale✔
  • underfinansierer drifta av verksemda✔

Sjå: https://bloggi.no/hoyvang/29882/lon-som-fortent

Når eg les om dei som typisk vert ramma av dette, så skal ikkje dette kunne hende meg. Særs godt utdanna, lang og variert utdanning og yrkeserfaring og med gode skussmål, før Eidfjord. Det offentlege er jo heller ikkje det fyrste ein tenkjer på som representantative for det som statsråd Torbjørn Røe Isaksen kaller med sitt rette namn: lønnstjuvar. Og så er det slik at eg måtte kontakte Fagforbundet i Oslo på vegne av ein tilflyttarfamilie, avdi Eidfjord kommune kunne hakast av på fleire av punkta over. Ei henvending frå Fagforbundet si hovudtillitsvalde i Kinsarvik, berga hen og den vesle familien.

Utleggsforretning 26.06. 2020: påleggstrekk kr 10 000 per månad til Eidfjord kommune. Staden der eg har arbeidd for kr 726 000 utan å få løn i perioden 2.1. 2009 til 30.4. 2018. Mellom anna hundrevis av timar med tungt skogsarbeid, omtala som "å justere løypestikker". Saka i Hardanger Tingrett tapte eg avdi eg vert behandla som kreditor istadenfor lønnsmottakar/tilsett og avdi rettsstaten er slik skrudd saman at utan fri rettshjelp kan eg ikkje anke på feil lovanvendelse. Det er uføretrygda mi Eidfjord kommune tek påleggstrekk i. Kvifor vart eg ufør? På grunn av ei særs grov ikkje handtert varslingssak med gjengjelding, sist i open rett 23.01.2020. 

Det må vere mogeleg å stoppe Eidfjord kommune i saka mot meg og fremma rett og hindra urett. Løysinga ligg hjå politisk og administrativ kommuneleiing. Ingenting anna gjev meining. Slike maktovergrep som eg har opplevd med Eidfjord kommune, skal ikkje vere mogeleg i eit velfungerande demokrati og rettssamfunn. Sjølv om det minner mest om eit stammesamfunn og ligg langt frå sentralmakta:

Kontrollutvalssekretariat og Kontrollutvalet i Eidfjord

Leiar for Kontrollutvalssekretariatet i Vestland kontakta på e-mal 22.06. 2020. Eg vert kontakta av sekretariatsleiar 24.06. 2020. Kontrollutval i Eidfjord skal ha neste møte i september 2020. Eg har bede om ein ting utover at saka mi vert granska: særs grundig habilitetssjekk overalt, inklusive Kontrollutval med utgangspunkt i varslingsbloggen med dokumentasjon og at eg kan bistå med dokumentasjon på alt gjennom heile tidsperioden fram til denne dag.

Del artikkel:


Relaterte artikler