Spørreundersøkelse om hobbyar og fritid hos vidaregåande elevar

16.10.2020, 10:27

Erica Løken, Eldar Dedic og Ina Drønnesund utførte ein spørreundersøkelse der vidaregåande elevar kunne svare anonymt på spørsmål og fritida deira og kva hobbyar dei har. Vi fekk svar frå 31 elevar og 24 var kvinner medan 7 var menn. Fire personar var frå vg1, 24 elevar var frå vg2 og tre personar også tre personar frå vg3. Under er bilete av resultata vi fekk. 

79,3 % (23 stk) svarte at dei har ein hobby, 17,2 % (5 stk) svarte nei og 3,4 % (1 person) svarte annet. Dette viser at dei fleste som tok del i undersøkelsen har ein hobby eller ein fritidsaktivitet.

 

I neste spørsmål spurte vi om kva fritidshobbyar deltakarane hadde. Dei fleste svara bestod av enten trening, sport, musikk eller å henge med venar. 11 av 28 som svarte skreiv at dei enten var med på fotball, handball eller dreiv med eigentrening. Tre stk sa at dei ikkje har nokon fritidsaktivitet og tre stk sa at dei driv med musikk.

Vi spurte også om deltakarane har ein jobb. Alle 31 svarte på dette og 21 av 31 har jobb og tjener peng. 

Vidare spurte vi også om kva deltakarane er interessert i. Dei fleste svarte musikk, sport, trening eller kunst.

 

26 personar svarte på kor mykje tid dei brukar på hobbyen sin. 13 stk brukar tid på hobbyen sin kvar dag, medan den andre halvparten svarte nokre gongar i veka. 

Vi spurte om ein må ha pengar for å utføre hobbyen, noko som 27 stk svarte på. 17 personar svarte ja og 10 personar svarte nei. 

Vidare var vi interessert i å vite om økonomien har noko å seie for hobbyen til deltakarane. Dette kan vere enten at den er dyr som fører til begrensingar, eller at den er nokså billig.

8 av 22 svarte at det ikkje kostar noko eller at økonomi ikkje har noko betydning. 5 av 22 skreiv at det er dyrt og kan føre til begrensingar for dei. Resten svarte at pengar ikkje er så stort problem, men at ein må ha pengar til for eksempel teiknesaker, musikkutstyr, å vere medlem i eit idrettslag eller ha medlemsskap i eit treningsstudio. 

Del artikkel:
nuet.io
Ny plattform for mobilblogging.
Sikker lagring på server i Norge.
Lag gratis bruker Tjenesten er levert av Bloggi og Borondi AS.

Relaterte artikler