Spørjeskjema - Utdanning etter vidergåande

16.10.2020, 10:33

Vi har laga ei spørjeundersøking om kva ungdom tenkjer om vidare utdanning og framtida si. Vi har fått litt forskjellige svar, og fått vite kva mange vil etter vidargåande, og kva planen er. Vi har tatt med nokre utklipp frå spørjeundersøkinga for å vise kva resultata blei.

Her ser vi eit uklipp av kva trinn elvane går på, og det var 2. klasse. 14 elevar har svart.

Heile 92,9 % veit at dei skal ha vidare utdanning, fordi hovudgruppa er dei som går ei studiespesialiserande linje, men her er også nokre som er usikre på om dei skal utdanne seg etter vidargåande.

Her ser vi at dei aller fleste vil jobbe med menneske, og det som virkar mest spennande etter dette er å jobbe med fysisk arbeid. Kontorjobb er ikkje så populært blandt denne gruppa.

Her ser vi at det er veldig få som er motivert for å starte rett på vidare utdanning etter vidargåande. Dei fleste er usikker på kva dei vil, medan nokre er interessert i å ha friår. Ein liten andel er veldig motiverte på å starte rett på utdanning.

 

Dette er nokre av resultata av denne spørjeundersøkinga. Vi ser at mange ikkje ser sikre på kva dei vil, men sidan alle som tok undersøkinga var 2. klassingar, så har dei fortsatt tid til å finne ut kva dei vil.

 

-Tomas, Andrea, Matilde

Del artikkel:
nuet.io
Ny plattform for mobilblogging.
Sikker lagring på server i Norge.
Lag gratis bruker Tjenesten er levert av Bloggi og Borondi AS.

Relaterte artikler