Berekraft i marknadsføring


Vi har vore på tur rundt om i våre lokalbutikkar og leita etter ulike berekraftige merker. Men spørsmålet er, kva merker fant vi eigentleg? Og kva betyr dei? Det skal vi finne ut av i dag, i denne bloggen.


Det første merket vi fant var Energi-merket. Det viser kor mykje straum eller energi produktet brukar, og kor energi effektivt det er. Dette merke hjelper forbrukerne å ta miljøvennlige val, difor er dette merket berekraftig. Vi fant dette merke i vår lokalbutikk ved navn Båt og Fritid og vi fant merke på ei lyspære. 

Neste merke vi fant var Rain Forest Alliance-merket. Dette merket betyr at produktet kjem fra gårdar, skogar eller bedrifter som oppfyller strenge krav til miljø, arbeidsforhold og lokalsamfunn. Du finn dette merke ofte på produkt som kaffe, kakao, bananer og andre tropiske produkt. Vi fant dette merke på ein sjokolade som blant anna inneheld kakao. Vi fant dette merke i butikken Coop Extra. 

Neste merke er Krav-merket. Dette merket er eit svensk miljø og økologi merke. Det viser at maten er økologisk produsert etter strenge krav til dyrevelferd, helse og miljøomsyn. Vi fant merket på eit produkt fra Ånglamark som er eit 100% økologisk merke. Vi fant dette merket i butikken Coop Extra. 


Neste merke er på same produkt, altså Ånglamark og er merket Nøkkelhullsmerket. Dette merket er eit offentlig merke for sunnare matvarer, brukt i fleire land blant anna Norge og Sverige. Formålet til dette merket er å gjere det lettare for forbrukera til å velje sunnare alternativ i butikken. Vi fant også dette merket på Coop Extra.

Neste merket er Brødskalaen-merket. Dette merket viser kor mykje fullkorn og heile korn det er i brødet. Det har ein rangering der jo fleire skiver som er farga, dess grovare brødet. Dette brødet er litt over halve grov. Dette merket gjer det enkelt å samanlikne brøda og velje gode alternativ. Her kan vi også sjå Nøkkelhullsmerket. Vi fant dette merket på eit Coop brød, på butikken Coop Extra.

Neste merke er FSC-merket. Det står for Forest Stewardship Council, og det er eit internasjonalt miljømerke for tre og papir produkt. Når du ser merket, betyr det at treverket kjem fra skogbruk som er driven på ein ansvarlig og berekraftig måte. Vi fant dette merke på bunnen av ein tikka masala eske, på Coop Extra. 

Neste merke er merket MSC. Dette står for Marine Stewardship Council, som er eit internasjonalt miljømerke for sjømat. Det betyr at produktet kjem frå eit berekraftig fiskeri. Det vil seie at du handlar produkt som ikkje øydelegg havmiljøet eller har stor skade på fiskerinæringa. Vi fant dette merke på ein pose med kamskjell, i butikken Coop Extra.

Neste merke er Nyt Norge, som er det offensiele norske opprinnelse merket for matvarer. Når eit produkt har Nyt Norge logoen, kan du vere trygg på at maten er produsert i Norge med norske råvarer. Det støtter norske bønder og matproduksjon i tillegg til kortare transport og klimabelastning. Vi fant merke på en pakke med sødmetomater, i butikken Coop Extra. I tillegg ser vi også merke Nøkkelhullsmerket. 

Neste merket er Miljømerket Svanen. Dette merket garanterar at produktet er blant de minst miljøbelastane innanfor den aktuelle produktgruppa. Det står for redusert klimabelastning, berekraftig ressursbruk og en giftfri kvardag. Vi fant dette merke på en flaske med baderoms spray, og fant produktet i butikken Coop Extra.


Neste merket er på same produkt, altså Asthma Allergy Nordic merket. Dette merket brukast på produkt som er allergivennlege og har godt gjennom strenge testar for å kvalitetsikre at det er helsevennleg. Spesielt folk med Astma og allergiar burde velje dette merket på hygieneprodukt.

Etter å ha leita etter ulike berekraftige merker i butikkane, har vi innsett kor mykje val vi har når det kjem til å velje det berekraftige alternativet. Vi må bere leite godt nok. Konklusjonen er at vi må bli betre til å velje det berekrafitge alternativet slik vi kan forsette å støtte ulike organisasjonar som arbeidar mot ein betre jord. 


Dette var ein fin oppleving som vi anbefalar dykk til å gjere, ta ein tur innom lokalbutikkane dokkas og sjekk kva som egentlig støttar det berekraftige!


Hedda, Zara og Celine


Publisert: 11.09.2025, 09:50


Andre artikler