Reiselivspris og ny rekord!

30.10.2017, 12:38

2 kommentarer

Hei igjen alle! :) 

2017 går mot nye rekordar, nye investeringar og ein heilt ny måte å drive framdrift på! :) vertfall for min del, då alle ansatte no er så gira på å endre til det betre at eg sjølv så vidt klarar og holde følge! Det er spennande, givande og ikkje minst veldig artig! 

Norgesmesterskap er ikkje ein spøk. Vertfall ikkje når 3 av våre lærlingar skal i NM rett over nyttår. Vi er så utruleg stolte og glade for å ha så dyktige lærlingar! Dette er heilt klart ein stor verdi og ein fantastisk stoltheit for meg som leder og for alle ansatte! 

Sommaren, som eg skreiv tidligare, var fantastisk! September var også det. Det er ein stor glede for oss at også oktober var bra. Bluesen var rekord. Måneden- ikkje heilt rekord, men godt nøgde! Året så langt er enda ein ny rekord. Vi hadde jo eit litt leikent år i fjor, med bøker, vinar og andre påfunn. Det var ikkje billige, men kontrollert. Det gav utslag på bunnlinja, noko vi no er i ferd med og rette på. 

Reiselivsprisen betydde mykje for min far i 2012. Det var eit pust i bakken for at han var på rett veg. Året etter måtte eg gå inn og ta over eit team og ei bedrift. Det var som å starte på nytt! At vi 4 år etter blir nominert til prisen er utrulig artig, men også ein ny bekreftelse på at vi er på rett veg. Derfor tenker eg at reiselivsprisen har gitt meg insvesteringslyst og skaparlyst! Eg har tenkt lenge på ein del ting, men kverdagen har tatt meg. No skal eg ikkje late han ta meg. Eg skal ta tilbake gleden av å utvikle og gå vekk frå alt som irriterar meg. Gi 100% kanskje til og med 150% på å danne vegen vidare for Gloppen Hotell saman med vinnarlaget, saman med dei eg sett aller mest pris på! Teamet! 

Team work, makes dream work!! 

 

Stem på oss til reiselivsprisen 2017! 

Lenke: 

https://apps.facebook.com/my-polls/reiseliv-sogn-og-fjordane

 

(Gloppen Tonic på tapp?) Gløppehøppe, Gløppehøps? (ipa) Gin frå gardsbrenneriet med Gløppe tonic? Bringebærpærler av Gløppe bær? Gloppen drikk? Gloppen mat? Gloppen Hotell? Gloppen Aktiv? Gloppen Grunder? Gloppen Elva? Gloppen Brygg? Følg med her skjer det litt av kvart som du skjønnar :) 

Med alle kjærlige og beste helsingar frå husfaren Preben!!

Del artikkel: Del på X


Relaterte artikler