Gloppen hotell takkar alle fantastiske folk for stemmen og tilliten!

04.11.2017, 16:10

Hei.

Som husfar for Gloppen hotell, er det med stor glede og takknemleghet vi for nokon dagar sidan tok imot reiselivsprisen for 2017! 

Framtidas fagfolk:

Det er ikkje berre ein god følelse men også ein fantastisk påminning om at vi gjer noko riktig, motivasjonen og iveren for å levere enda betre blir større og vi legger bak oss ein historisk god sesong og eit flott år. Vi har ikkje berre hatt ei stor glede av og ønske fleire lærlingar velkommen som ansatte, men også til Lærlinghuset som vi kjøpte for å skape nettverk rundt lærlingane, der har dei mulighet til å bu for ein grei pris, og få middag på hotellet for ein enda hyggeligare pris. Det skapar morgen dagens hotell heltar. Og i februar er det duka og klart for NM i kokkekunst, der skal 2 av 3 kvalifiserte lærlingar frå Gloppen hotell stille. Vi har også resepsjonslærlingen Simon som skal i ilden igjen! Det er LYKKE for ein administrasjon som ønsker å fremme gleden av å jobbe. Vi ønsker og være best på rekruttering til bransjen.

 

Samarbeid med Romsdal Videregåande: 

Ein kan ikkje forvente at lærlingane kjem på døra di og spør etter læreplass, du må ut å vise deg, være smart for å fange oppmerksomheita, og ønske å bygge unge lovande opp og få dei til og bli. Det er ikkje alltid like kjekt, men følelsen av å vite at det snart er eksamen og du har fått 7 ekstra faglærte flinke, unge og framtidas arbeidarar ut i eit marked som skrik etter lærlingar! Det er ein usedvanlig god følelse. 

Derfor har eg eit ansvar for å få skule elevar ut i bedriftene, vi har kvar tredje helg utplassering av 3 forksjellige elevar, det vil seie at kvar helg kjem det ungdomar frå Romsdalen til Sandane for å sjå korleis vi har det og gjere det. Om vi treng 1 eller 3 lærlingar er ikkje så viktig og det beste er at Nordfjord opplæringskontor snakkar meir enn gjerne med bedrifter og ordnar med glede ein læreplass til dei som treng det! Vi har rett og slett gjort om på heile prossesen for å få lærlingar, og det funkar! 

Neste generasjon hotellfolk!! 

 

Vi kviler ikkje med verken investeringar eller opppussing! 

3. etasje har også fått nytt teppe! 

2. etasje har fått nytt teppe, neste veke er det duka for nye dører på alle rom!

Joachim E Sivertsen. På rommet fortell vi om Sivertsen si tid på hotellet og kva betydning familien hadde på lokalsamfunnet. Det kan utdjupast med å lese om Laks, Lordar og Lokalmat som vi fikk skrevet om i fjor.

Max Manus var ein stamgjest for å fiske laks i Gloppenelva. Vi lagde også eit eige rom til han!! 

Dag Moen sitt rom, her fortell vi historier når han stjal godteri og eg sjølv fekk skulda for å ha tatt alt som forsvant !!

Del artikkel: Del på X


Relaterte artikler