5 gode grunnar til at du skal velge Gloppen som reisemål i sommar.

29.04.2020, 19:00

4 kommentarer

5 gode grunnar Gloppen er reisetoppen i 2020!

Det er ikkje tvil om at Noreg har mykje og by på, vi er verdens heldigaste i denne perioden, ein av grunnane er at vi skal reise i vårt eige vakre land. Eg tar ofte småturar rundt i fylke vårt, gjennom jobb eller av nysgjerrighet, har hytte i eigen kommune og elskar Vestland. Det er ikkje noko tvil hotella og turist destinasjoner som er bygd for volum vil få ein spesiell sommar. Det er sikkert og vist. Men det finst hemmeligheitar, og Gloppen i Nordfjord er ein av dei hemmelige plassane, der Nordmenn har komt i alle år. Fjord omkrinsa med fjell og aktivitetar til alle, uavhengig av alder, mosjon og evner. Vi har alt i ein kommune!

 

Her kjem 5 gode tips til deg som ynskjer å feriere i Norge og Gloppen i sommar:

 

1. Trivselsskogen

I Gloppen har dugnadsånden alltid vært stor, i lokalsamfunnet er det fullt av heltar, heltar som stiller opp gratis for å bygge attraksjonar, for helsa til eldre, barn og heilt vanlege folk. Tankar som at "Ungar skal begrave Ipaden i Gloppen" høyrast sikkert heilt rart ut, men det skjer om du tar ein tur i Trivselskogen. Her finn man mykje godt handtverk, omtanke og kreativitet.

Grunneigerar har gitt eigedommar til dispensasjon gratis for at bygda skal få ein trivselskog! .

 

2. Stisykkling i Verdsklasse!

Eg har ikkje sykla mykje, men eit par gongar har eg turt og gå dei 600+M.o.h på haugsvarden med sykkel og kjøre på nedover fjellet. Eit adrenalin kick, noko dei fleste klarer, med puls og en følelse av action du skal leite lenge etter. Men ikkje nok med det, du har kanskje ei av verdas finaste utsikter, der Gloppefjorden møter Nordfjord. Med eit fantastisk syn med spektakulær utsikt over fjell og fjord er det berre og nyte turen!

Det er også eit fantastisk stisykkel nettverk på Sandane. Ta kontakt med: https://nordfjordaktiv.no/ for info! Dei er konge og veit det du treng å vite om aktiviteter for sommarferien din i Gloppen.

 

3. Lokalmat og drikke!

Gloppen produserer mykje mat, vi har eit stort Meieri på Byrkjelo, som produserer omlag kvar 3 kvitost Norvegia i Noreg. På Byrkjelo finn du også Bakar Jon, ei heilt fantastisk satsing innan lokalmat, og kanskje den mest suksess rike lokalmat butikk i Noreg i dag. Ikkje berre har vi Bakar Jon på Byrkjelo, der er også Hjelle Gardsbryggeri!

På Sandane finn du både Gardsbrenneriet og Hotell bryggeriet Gloppen Brygg.

Gardsbrenneriet lagar mykje forskjellige godsaker, og har ein kvalitets bevissthet som er heilt fantastisk!

Gloppen Brygg er Gloppen hotellets bryggeri som bryggar 3-4 typar øl for å supplere lokalmat og drikke satsinga til hotellet.

Hotellet har gjennom fleire år fått mange prisar for deira satsing på Lokalmat, og Kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem har alltid så mykje lokalmat som mulig på menyen.

Kandalen er jo sjølvaste svaret på ekte Norsk natur. Du får det ikkje meir Norskt enn Kandalen, der spring geiter, kje, og livet susar rundt på gardane. Dei produserar også mykje kjekjøtt og godsaker!

Kandal Kjøtt og Sølvane Gaard jobbar begge med kjøtt foredling og produksjon av nisje produkt av høg kvalitet! Det er berre å besøke og kjøpe kjøtt fra Kandal du vil få ein fantastisk opplevelse!

Det er uendelig fleire som produserer og vi skal møte fleire i dei komande blogg innlegg.

Bakar Jon

 

Hjelle Gardsbryggeri

 

Gardsbrenneriet

Gardsbrenneriet

Gloppen hotell

 

Kandal Kjøtt

 

4. Heilt unike overnattings muligheter frå trehytter, Camping, hotell til Airbnb.

Er du ute etter å toppe heile turen din til Gloppen med ei god seng på hotell, ei overnatting dinglande i eit tre, Strandkanten på Gloppen Camping, 100 år gammal stølshytte i Kandal leid ut av Sølvane Gård?

Vi har alt mulig av alternativ.

sjekk bilder under.

https://www.airbnb.no/rooms/34264247?location=Sandane%2C Gloppen&source_impression_id=p3_1588165095_Go4e596bNcU9TQNu&guests=1&adults=1

Støylshytta til Sølvane Gård! Link over til bestilling.

Gloppen hotell i Sandane Sentrum.

www.gloppenhotell.no

 

Gloppen Camping og fritidsenter, Heilt i sjøkanten, dei har hytter, leiligheter, teltplass og tar i mot campingbiler/vogner.

https://www.gloppen-camping.com/

 

https://www.airbnb.no/rooms/17254131?source_impression_id=p3_1588164679_LQyTbdsM2v2JLtGw&guests=1&adults=1

Engeset Trehytter på Sandane! Kanskje Noregs vakraste utsikt frå ei hytte!

 

Byrkjelo Camping ligg idyllisk til. Med utsikt mot Eggenipa har kanskje bassenget eit av dei mest ikoniske fjell formasjonane du kan tenke deg.

http://www.byrkjelocamping.com/

 

Kvitfella Feriehus!

www.kvitfella.no

 

5. Fjordar og Fjellturar!

Vi har så utrulig mange flotte Fjell og fjordarmar i vår prisgitte kommune.

Fra Hyefjorden som er smal, lang med fjell som strekker seg fra fjorden og godt over 1000 meter, omtrent rett opp. Hyen er også eit fantastisk samfunn med båtbyggerar, opptreterar og ein kjøpman. Bygda ligger idyllisk til i enden av fjorden. Fjorden som eg kanskje meinar er Noregs vakraste. I Hyen held også Kleppenes Gård til. Ei fantastisk Perle for arrangement, dei serverer mat og tilbyr stabbursliv!

Eggenipa ligg på Breim, og er eit Fjell du utvilsomt kjører forbi utan og slakke ned farten eller stoppe for å ta bilde. Spesielt når det er blå himmel og skyfritt!

Hyefjorden

 Kleppenes Gård

Kleppenes Gård

Eggenipa, Breim.

 

Så kvar skal du reise i sommar? Uansett kor du velger å reise, så er ivertfall Gloppen klar til og ønske deg hjertelig velkommen.

Stay safe, stay popp, Gloppen er topp!

Del artikkel:


Relaterte artikler