Dag 16 - Jeep safari

Elise
Elise tjetland

I dag skulle vi på jeep-safari i jungelen. Det var sagt å vare i tre timar… men her er tid meir ein retningslinje enn ein avtale, så det blei fem. Minst.

På slutten spurde sjåføren om vi ville innom ein spice plantation. Eg takka høfleg nei, sidan vi allereie har vore på ein. Men “nei” betyr tydelegvis “la oss prøve igjen”, så plutseleg var vi på omvisning likevel. Det hjelper jo ikkje at både Stewart og eg er like konfliktsky – vi berre smilte, nikka og vart med.

Fem timar på tur utan mat gjer noko med ein familie. La oss berre seie: det var ein sliten gjeng som kom tilbake til hotellet. Så det blei middag på hotellrommet – og eg bestilte massasje til alle mann alle. Hardt liv, dette ferielivet 🙈

Ungane fekk hodemassasje, Stewart fotmassasje og eg gjekk for tradisjonell indisk massasje. Her gjer dei ting litt annleis… Eg prøvde dette i 2011, så eg var litt førebudd. Her kler ein seg rett og slett heilt naken. Den gongen fekk eg ei vifte mellom føtene for å halde varmen 🤣 Det slapp eg nå – vifta sto berre diskret ved sida av. Likevel ganske uvant når haldninga til kropp og tildekking er litt… friere. Samtidig: kropp er kropp. Og ja – her får ein massasje på stort sett heile kroppen!

I morgon tidleg skal vi køyre fire timar tilbake til kysten. Det skal bli godt med litt varme igjen – og vi skal sove på husbåt éin natt. To av oss blir heilt ulidelig bilsjuke av svingar, bremsing, forbikøyringar og alle humpane i vegen… så vi gruar oss litt til bilturen. Men vi kjem oss vel fram – med grøne ansikt og gode historier 😅

Eg fant ein stol eg vil laga 🤣



Publisert: 02.01.2026, 18:17


Andre artikler