Dag 17

Elise
Elise tjetland

Kor mange ganger i løpet av 2025 brukte du hornet i bilen? Pip pip og pust med magen her kommer dei uskrevne trafikkreglane i India:

Her er trafikken ikkje berre eit system — det er ein levande organisme. Alt heng saman med alt, og alle er med: menneske, bilar, bussar, tuk-tukar, hundar, geiter og sjølvsagt — kyrne, som tek livet med full ro midt i vegbana.

Og alt dette blir halde saman av eitt lite, men kraftfullt verktøy: 🔊 Hornet.

Regel nummer éin: Køyr der det er plass. Ja, det finst trafikklys, skilt og oppmerkte felt. Men det verkelege regelverket er mykje enklare: Køyr der det er plass.

Kvite striper i vegen? Det er meir dekor enn grenser. Ein slags urban kunstinstallasjon. Trafikken flyt som ei elv — litt uforutsigbar, men alltid vidare.

Storleik = forkjørsrett. Hierarkiet er heilt tydeleg:

Lastebilar og bussar

Bilar

Scooter og moped

Fotgjengarar

Kyr (dei er faktisk på toppen – uansett)

Her handlar det ikkje om kven som har rett — men kven som veger mest.

Forhandlingskompetanse er ein viktig del av køyreopplæringa.

🫣 Speglar? Joda… men hornet er viktigare. Speglar finst. Om dei blir brukte? Tja.

Det viktigaste er:

horn

augekontakt

roleg sjel. Ein slags zen-versjon av Mario Kart.

Trafikklys? Fleksibelt konsept. Grønt = køyr. Raudt = køyr dersom det ser greitt ut og ingen politimann stirer strengt på deg. Enkelt. Effektivt. Litt sveitteframkallande for nordmenn.

Hornet – det vakraste instrumentet i India. I Norge betyr horn gjerne: NO ER EG SINT! I India betyr horn: Hei, ven. Eg er også her i universet. Hornet er eit språk. Nesten poesi.

Eitt kort pip: Heihei. Her kjem eg.

To korte pip: Eg smett forbi deg no. Alt vel.

Eit langt pip: Dette kan bli interessant. Følg med.

Mange kjappe pip: KAOS! Buss! Geit! Livsfare!!!

Og pĂĄ lastebilane stĂĄr det gjerne malt bak: Horn Please

For hornet er faktisk ein del av tryggleiken. Like naturleg som blinklys. Kanskje meir.

Alle er med i trafikken. Du deler veg med:

Tuk-tukar, Avslappa, filosofiske kyr, apane som vurderer å stela lunsjen din, fotgjengarar som dukkar opp frå ingen stad, ein heil familie på scooter — pluss ein hund, fem felt med lastebilar på ein tofeltsveg og likevel — alt flyt.

Som ein koreografi ingen har øvd på, men alle kan.

Den verkelege lova. Til slutt innser du at systemet eigentleg er:

Augekontakt = avtale

Horn = beskjed

Låg fart + høg merksame = flyt

Det ser kaotisk ut, men alle reknar med at noko uventa skjer. Heile tida.

❤️ Og midt i kaoset……er det merkeleg lite sinne. Ingen tutar i frustrasjon. Ingen rullar med augene eller ropar ut vindauget. Berre:

pip pip

dur vidare

namaste

Og du sit der bak i bilen, litt bleik, litt svett og tenkjer: Dette burde ikkje fungere… men det gjer det faktisk.



Publisert: 04.01.2026, 17:53


Andre artikler