Dag 19 Ferien nærmar seg slutten – men opplevingane berre held fram

Elise
Elise tjetland

Ferien begynner å gå mot slutten, men opplevelsene… dei tar visst aldri slutt. Vi bur no på eit heilt nydeleg, bitte lite hotell – eigentleg berre fire små hytter – og vi har vårt heilt eige basseng. Det kjennes godt ut.

I dag tok vi tuk-tuk inn til Alleppey for å shoppe litt. Det er heilt fantastisk å sitte i ein tuk-tuk, med frisk bris rett i fleisen og ei kjensle av total friheit. Og varme. MYKJE varme. Luftfuktigheita er så høg at dette faktisk er første gong på turen vi har svetta. Skikkeleg.

Vi hadde bestemt oss for å ta henna saman med Taletta, og fann til slutt ein plass – 12 km unna. Så vi hoppa i ein tuk-tuk i kveldinga og drog avgarde. Tuk-tuken hadde toppfart på sterke 28 km/t, så denne turen tok… la oss sei god tid. Då vi kom fram, stod vi midt i ei bakgate med bustadar, mørke, ingen folk og absolutt ingen butikkar. Vi byrja faktisk å banke på dører – utan hell.

Til slutt fann vi ein veldig entusiastisk mann som tydeleg aldri hadde sett kvite nordmenn rote seg så langt ut på bygda for å få henna. Etter kvart kom fleire til for å hjelpe. Til slutt fann vi ektefellen til henna-artisten. Han var meir avkledd enn påkledd, og kunne roleg informere oss om at kona… var i byen. Så då var det berre å snu! 🤣

På vegen tilbake fann vi ei dyrebutikk – med kaniner, høne og fuglar. Antakelegvis middag for lokalbefolkninga, men eg valde å fortelje Taletta at det var kjæledyr. Følte det var best sånn. 🤣

Vi fekk til slutt tak i ein tuk-tuk-sjåfør som kunne køyre oss heim. Og for ein tur! Han var musikar og song poesi. Eg spurte forsiktig om han kunne synge for oss – og plutseleg sat vi midt i ein privat konsert på tre hjul. Hjertet mitt smelta. Her skjer livet – midt i ein tuk-tuk i mørket.

Og så må eg ikkje gløyme dama som sat ved sida av oss tidlegare i dag. Ho vart like gjerne med oss på lunsj! Ho hadde tatt buss i sju timar for å ta ein eksamen, og skulle heim igjen same kveld. Ho var så open, varm og pratsam – og delte bilete og historier frå livet sitt som om vi var gamle vener. ❤️

Eg blir heilt rørt av alt. Menneska. Historiene. Tilfeldigheitene. Denne turen gir berre meir og meir ❤️



Publisert: 05.01.2026, 17:51


Andre artikler