Siste dag - kockin

Elise tjetland
Etter fleire veker på reisefot i India har me samla inn høgdepunkt, lågpukt, latterkriser og «dette gjer me aldri igjen». Her kjem vår heilt ærlege oppsummering:
Overnatting
Beste hotell: Reen i Thekkady. Rein himmel i hotellform. Me kunne nesten høyre englekor når me kom inn.
Minst likte hotell:f lyplasshotellet i Kochi. Me seier ikkje meir.
Beste frukost:Tja… varm frukost kvar dag blir litt mykje. Resten av familien ropar «Goa!», medan eg ropar «knekkebrød!».
Beste service: Mumbai — utan tvil! Der fekk me service av ein heilt annan dimensjon. Følte oss som kongelege, berre utan krone.
Beste beliggenheit:Mumbai igjen! Storby, men alt i gåavstand. Det likar me.
Stader & opplevingar
Favorittstad: Goa — basseng, strand, butikkar og friheit. Kan ein be om meir?
Stad me gjerne hadde hatt meir tid: Kochi. Ingen tvil.
Stad me kunne droppa: Munnar. Kayden kutta foten, det var kaldt, og alt var litt tungvint. Namaste for den erfaringa.
Mest avslappande stad: Goa — sjø, sol og bading. Og kanskje litt meir avslappa enn kroppen min toler.
Mest stressande stad:Ingen, faktisk. Me er jo i India. Her flyt livet — og me med.
Største positive overrasking: Mumbai! Me trudde det skulle vere kaos og stress — men møtte varme folk og ein flott by.
Største skuffelse: Når Taletta og eg køyrde tuk-tuk i ein heil time, men så viste det seg å vere… strengt.
Mat & drikke
Beste restaurant: Green Garden i Sør-Goa på julaften. Me møtte dei einaste nordmennene på heile turen — og fekk seie «God jul» 🥰
Beste måltid:Den snodige jungelrestauranten med overraskande fantastisk mat.
Beste dessert: flamberte brownies med is i Goa. Ungane var i himmelen. Lommeboka litt mindre.
Raraste mat: Dagleg frukost. Nok sagt.
Beste streetfood-oppleving: Jo lenger vekk frå turistane — jo betre mat.
Transport & logistikk
Beste transportoppleving: Den syngande tuk-tuk-sjåføren. Ein mann, ein motor og ein musikalsk draum.
Verste transportoppleving: Bilturen frå Munnar til Thekkady. Svingete vegar + bilsjuke = nei takk.Stewart meiner likevel at verste turen var i går — i ein altfor liten tuk-tuk, med Kayden på fanget i 45 minutt.
Mest kaotiske situasjon: Får me tog? Skal me køyre 12 timar? Fly? Ingen visste. Me berre levde i mellomtida.
Beste transport-tips: Prisen er minst halvparten av det dei seier. Minst.
Penger & shopping
Beste kjøp:Kayden sine ti fotballdrakter. Lukka kan visst målast i polyester.
Billigare enn venta: Alt. Nesten ti gongar billigare enn me trudde.
Dyrare enn venta:Alle turistattraksjonar. Alltid.
Dyreste «oi!»-augeblikk: Taletta sin første henna — 3000 rupis, og resultatet var så som så.Min tok tre timar — og kosta 1000. Namaste igjen.
Opplevingar & minner
Beste oppleving: Kayden: cricket.Taletta: elefantridning.Alle: slum-opplevinga. Sterkt og fint.
Morsomaste hending:Når ein mann spontant byrja å rense øyra til Stewart. Det var ikkje like morsomt der og då — men me ler no 😆
Mest uventa: Spice plantation var kjekk — men éin gong er nok.
Beste strand:Goa! Her oppdaga ungane at havet faktisk er gøy.
Reisegjengen
Beste familietid: Jeep-safari på veg heim. Gode samtalar om livet og framtida.
Mest eventyrlysten: Alle peikar på meg. Det hadde nok ikkje blitt tur utan eit snev av vill pågangsmot.
Hvem pakka smartest? Alle meiner dei sjølve.
Årets reisesitat: «Herregud, det er jo berre 100 kr! Det kostar ingenting!»
Følelsar & refleksjonar
Størst inntrykk:Kor trygt det er. Folk vil hjelpe. Men og kor mykje boss det er overalt
Kva lærte me? Spør du ein inder om maten er spicy, vil han alltid seie nei.Han lyg.
Kva tek me med oss vidare? Mykje ser skummelt ut — men er berre organisert kaos.
Kva sakna me heime? Kayden: vener og fotball Taletta: Mina, hønene, vener og hestar Stewart: senga Eg: knekkebrød 🥲
Neste destinasjon? Hyttå? Eller England 😄
Og der har du det — vår heilt ekte versjon av India. Full av varme, kaos, latter, litt bilsjuke og mykje kjærleik 💛








