Rindebakken Skysstasjon

23.07.2021, 13:54

1 kommentar

Rindebakken var skysstasjon frå 17. juli 1901 til ca. midt på 1960-talet.

Bendik Aanundson Midtgarden Gryte (1825-1901) og kona Joraand Sveinsdotter Veum (1827-1901) kom til Rindebakken frå Veamyrane kring 1887. Her dreiv dei innlosjering av reisende for å spe på inntektene, og 17. juli 1901 blei Rindebakken etablert som offisiell skysstasjon.

Det var dei to yngste borna på Rindebakken, Ivar og Andreas, som frå byrjinga arbeidde som skysskarar. 

Då Bendik og Joraand døydde med ei vekes mellomrom i 1901, vart det Andreas B. Rindebakken som fekk arve Rindebakken. Han gifta seg med Ingebjørg Sørensdotter Selstø (1881-1977) i 1909. Dei to dreiv skysstasjonen vidare i lag, og fekk sju born.

Rindebakken vert omtala med Andreas som "skysstasjons-haldar i 50 år" i 1955. Andreas døydde i 1953. På skysstasjonen dreiv ein vidare til omlag midten av 1960-talet.

Info hentet fra Lokalhistoriewiki.no

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler