Er det dumt om han seier det...?

27.06.2020, 17:23

Dei møtest, av og til, - som oftast er det tilfeldig, kanskje når dei rundar eit hushjørne på den vesle plassen der alle har nok med sitt.

Er det dumt om han seier at han likar henne?

Det er kveld. Havet ligg utanfor husveggen, stort og mektig. Stille og drøymande denne kvelden. Langt der ute går Hurtigruta. Den skal visst sørover, no. God tur, der ute! Skal tru kven som er ombord...?

Så stille, perfekt for å ta fram tastaturet, - så kan eg kanskje halde fram med historia om han som møter henne... Er det dumt om han seier det no?

veit ikkje korleis det går med dei to - enno!

 

Del artikkel:

Relaterte artikler