Kong Vinter som kunstnar!

01.10.2020, 18:59

Posta dette bildet på bloggen for eit par dagar sidan. Her har Kong Vinter vore kunstner! Kanskje dette bildet skal få vere illustrasjon i mi neste novelle!

Ute har ein skarp austavind kome snikande. Ho slenger ullsjalet om seg, det hjelper litt, vinteren er ingen god ven.
Ho går bortover gata i følge med han. Dei høge hælane plagar henne. Skorne er berre for denne kvelden. Det er glitter i vegkanten. snøkrystalar i fargespel. Ho stoppar opp, ser. Han må vente.
"Du ser kald, ut".
Om ho vil vere med inn?
Ho takkar for følget og går heim.
                                                      Same veg - eit stykke



 

Del artikkel:

Relaterte artikler