Ut på natta er det snart tidleg morgon!

20.09.2022, 18:19

Eg må skrive når eg har lyst, så det gjer eg altså sånn av og til
… og eg veit ikkje kvifor eg starta å skrive dette, eller kvifor det vart akkurat slik, - eg fekk berre lyst!  OK det, vel!

 

Klokka er ut på natta
eller kanskje tidleg morgon
eg går heim frå festen
eg ikkje ville vere med på.  
bort frå musikken inne på lokalet,
ein låt av Wham, som gjekk
gammal hit frå åttitalet,
som ingen gidder  å danse til. 


På fjorden er det is,
ganske sikkert er det kaldt.
Eg frys fast i ein gammal ullgenser
kan hende strikka eg han ein gong.
I gata er det folketomt, berre
ein brannete katt er på veg heim
etter ei travel og bråkete natt
skal han heim og ete frokost, kanskje
ein bit av ei fiskekake som er att frå dagen før.


Det er fem hundre og trettito steg heim
kanskje trettifire
eg talde stega ein gong for lenge sidan, 
tok snarvegen over gjerdet til fru Bo,
fordi ho har roser i hagen

Om eg går ganske sakte kan det passe
å ete ingefærbollar
på kaféen som ligg midt i gata på høgre side
truleg blir eg kunde nummer ein
denne dagen.
Dei spelar ganske stille musikk der
det blir fint å sitte der og vakne
til tonar som er stille.

Del artikkel:

Relaterte artikler