det var Translate som sa, det!

22.09.2022, 15:21

Eit dikt er ikkje eit dikt dersom det ikkje går på rim, ferdig snakka!
Sånn var mi oppfatning om den saka då eg terpa leseleksa i barneskulen. Eit dikt skulle ha fast rytme og rim, slik som alle barnesongar eg kunne. Men ok, eg har nok endra syn med åra. Personleg er eg no ikkje så glad i det som går på rim. Om rytmen er stigande eller fallande, er uviktig. Har sansen for den uforutsigbare teksten, gjerne med bruk av humor og med innhald som alle kan kjenne seg att i. Med andre ord, må det ikkje vere så djupt, berre det er underhaldande! Det kan elles vere vanskeleg å definere kva eit dikt er, kall det om du vil ein kort tekst. Her er to stykker, sånn by the way som det heiter på godt norsk...

 

begge to var einige
begge to visste ikkje om kva
ok, det! tenkte kanskje begge to
«Hvor godt to fremmede kommuniserer»
sa Translate

 

vi snakkar ikkje same språk
så det er ingen vits
men det er klart at om du orkar
kan du prøve

                                  anne helene

Del artikkel:

Relaterte artikler