heimekontor...

28.09.2022, 11:00

Kontorstolen. Kontorstolen kan rotere. Sakte, eller fort, alt etter tidsskjemaet. Når du snurrar han rundt i fem sekund, er han akkurat passe høg i forhold til kompanjongen sin. Nett slik ei dame stig opp på høge hælar for å matche ein partner.  «Set deg her», seier han, og trillar bort til kompanjongen; tastaturet. Du set deg der. Du diskuterer ikkje med kontorstolen, du set deg berre automatisk ned og blir sittande der stuck til tastaturet er ferdig med deg. Då er klokka cirka fire. Snart er det morgon.

 

anne helene

Del artikkel:

Relaterte artikler