Lodde stemninga ...

30.09.2022, 07:03

Morgon, idag også. Alarmen ringer. To strofer Mezzoforte, "Midnight Sun" på morgonkvisten. Ruslar til badet og lurer på kven eg møter i spegelen idag .. Ei uopplagd bitch som det er umulig å vere i hus med, eller den imøtekommande dama som snart skal sitte på kontoret? Det er like nervepirrande kvar morgon.  Må krysse fingrane for at det er sistnemnde som vaknar først. Bruker alltid eit par sekund på å lodde stemninga før eg snakkar til henne. Berre sånn I tilfelle! 

Del artikkel:

Relaterte artikler