17.10.2022, 14:51
Je suis un peu fatigué
Skreiv denne setninga på franskprøven.
Fekk "rett" på den. Ein stor, raud R.
Men det er feil.
Un peu, - litt. Det høyrest ganske ok ut.
Det er komplisert.
Ei trøytthet som søvn ikkje hjelper mot.
Berre tid, livserfaring.
Trøytthet går over i eitt eller anna, - ikkje trøytt Kanskje aksept, resignasjon.
Når ting berre ER og ikkje kan endrast.
Je suis un peu fatigué
anne helene