17.03.2023, 19:03
Sist eg sat her, skreiv eg om snøen som dekker over alt vi vil sleppe å sjå. Når snøen reiser, gjeld det å sleppe å forholde seg til ting som måtte dukke opp ...
Det er ein viss fare for at du ikkje forstår kva som blir fortalt.
Skal du forstå må du kjenne til mi historie. Du får ikkje den. Ikkje i dag. Tastaturet har blitt ein taus kompis. Alt eg skulle ha sagt til nokon gøymer seg der. Små, svære hemmeligheter som ingen andre forstår. Av og til slepp litt av hemmelighetene ut. Men ikkje meir enn eg vil. Så bra at tastane kan samarbeide slik! Hadde ikkje dei gjort det, måtte eg kanskje utlevere alle hemmeligheter til Gud og kvar mann. Eller nokon andre. Gud og kvarmann eller nokon hadde lytta høfleg, det gjer ein jo, men hadde gjerne ramla litt av lasset sidan historia er så vanskeleg å forstå. Ta det ikkje ille opp, det er ikkje nokon si skuld. Med nokon tek eg heller ein kaffi og ein prat, det er fint! Tastaturet er ikkje så flink til nett den biten ...
Ha meg unnskyldt, det er ting eg skulle ha sagt til tastaturet før eg gløymer det. Vi snakkast!