etterlysing... "sist sett"

21.03.2023, 13:52

Slik kan ei etterlysning kanskje sjå ut...ok,  litt upresis, men det var meininga!

 

Eg treng desperat ein kopp kaffi, snart. Kanskje to. Men først må eg henge opp lappen. Tenkte å henge opp den vesle plakaten eg skreiv i går, på stolpen som står rett her borte. Plakaten, eller lappen får plass, der. Kunne ikkje lage ein altfor stor plakat, det ville kanskje nokon ikkje like. Men den er knall orange, skrifta så liten at alle blir nysgjerrige og må bort og lese kva som kanskje står der. «Sakna … sist sett ...».
Har gått rundt ei stund og ropt etter nokon, ropt i skogen, ut i mørke natta. Prøver ei etterlysing, heller. Heng opp lappen i vegkrysset der mange går forbi, så har eg dekka det viktigaste området.
Eg heng opp lappen då den verste bilkøen har passert. Det kjem alltid ein kø rundt klokka tolv. Trur ingen såg kven som hang plakaten der. Går tilbake for å ta ein kaffi. Kanskje to. Lappen er godt synleg frå plassen der eg sit. Om ei stund går du kanskje forbi.

 

Del artikkel:

Relaterte artikler