Hytta til Aud og Stig, 30. september


Vår fyrste tur. Me køyrde opp på Eggja og gjekk eit par tre hundre meter i retning hytta til Aud og Stig. Ved grinda visste ikkje Ylva om ho ville gå lenger. Om det var bra å gjere det. Eg gjekk nokre steg framover og sa "me ser taket på hytta, Ylva" 

Hytta var meir forfallen enn eg trudde, og ingen hadde slege. Me sat på trammen i tunet som var like lunt som før. Svartbeisa små hus omkransa av høge tre slik at det er inga utsikt .Fint alikevel. 

Det var då me kom på me måtte ha med oss noko, "helst kakao", sa Ylva. 


Publisert: 21.11.2020, 13:59


Andre artikler