Smørkletten, 14. april


Trine fekk nytt kamera, berre minutt før avreise. Dette er test-foto. Minnekortet vart sia ståande att i PC-en

 

Det vart ein heil runde før start. Me var på Slinda og henta Tone, leitte etter Ylva på Brungarden mens Idun i grunnen var klar. Maja hadde rett nok ikkje fått med seg regnkle i barnehagen. 

 

Føret var sugande slik til å begynna med. Sia betre. Etter ein liten pause i Dammfall gjekk Idun og Trine vidare. Lengre opp vart det vintersnø og påsketilhøve. 

 

Me snudde ved Tuehytta og tok bilete som ikkje vart noko av. Me speida utøve Huksdalen og prøvde å finna ut kva me såg, og kvar me ville gå når me skal på Stav. 

 

I det me sigla nedatt dei slake bakkane mellom Smørklette og Kallbakk flaug ein heil flokk kvite ryper opp foran oss. Dei sette seg på snøen på den andre sida av løypa og begynte å springa bortetter snøen. Idun talde ni av dei. 

 

Frå Kallbakk var det berre nokre få minutt ned i Dammfall. Strekka over myrene til Øvstestølen, med blanke ski, er noko herk. Men slik er det med alle turar. Dei siste 20 minutta er alltid eit ork. 

 

Tomas henta oss på Kleppa. Han hadde sete på teams-møte heile dagen, slik at det å henta oss eigentleg var eit høgdepunkt ( mi tolking ). Og ikkje hadde det regna heile dagen, så han fekk rett. 

 

 

Her var me, eigentleg, og såg ned i Huksdalen

 

 

Her er Matja ung. Men eg lurer på om det er Hest som ragar høgst her, og at Stav ligg lenger bak. Men me ser Midteggji, der me skal balansera på vegen fram 

 

 

 

 

 


Publisert: 14.04.2021, 20:20


Andre artikler