Sykkeltur, 2. juni


Sommaren kom bråfort. 20 grader og ein liten vind som nesten ikkje var svalande ein gong.
Idun med baby i magen, Åsta med Viriato i barnesete, Ylva og Trine sykla utover i lag. Det gjekk som ein vind. Me var ute i Verken på mindre enn 20 minutt, og det føltes ikkje alt for farleg heller.
Der møtte me Linda som allereie hadde vore på Kleppa, Stokksete og ut i Suppham før ho snudde tilbake for å sjå etter syklane våre ein gong til. Me klatra over dei svarte svaberga til rullesteinstranda litt lenger inne.
Ylva var førstemann uti. Eg kom ikkje på før etterpå at Linda heldt seg på land heile tida. He he.
Det fine med el-sykkel er alt alle kan velje kor mykje dei vil ta i. Unnateke meg som må gi alt for å halde fylgje :)






Publisert: 02.06.2021, 18:42