Sommartema!


Idag vart det sup-board på Leikanger Fjordhotell
Nokon såg ut som dei aldri har gjort noko anna

Andre jobba meir med tyngdeoverføringen.


Vatnet heldt 17 - 18 grader og minst 22 heilt inn mot and. Ingen falt av, slik at all bading var frivillig. Linda var der og, med prikkete kjole og plaster på overarmen etter å ha fått sitt siste stikk.
Eg har hørd med hotellet, og det er også mogeleg å leiga windsurfing-brett. Det kan verta ein anna gong, men om me skal ha rib-båt eller sjøfly, som del av sommartema, må me søkja kommunen om støtte. Me har trass alt ein masse diagnosar å slå i bordet med.
I kveld har eg vore på folkemøte, der tilkomst Huksdalen og Henjadalen for ålmenta, også etter anleggstida, vart drøfta. Mange nyansar og lang historikk. Eg er glad eg ver der, og at eg gadd.
"Det heiter Huksdalen" sa Sjur Huke heilt til slutt."Det står på skiltet". Eg ba Bjørn Sølsnes få det med i reportasjen, men han hadde allereie notert det.
I pausen fortalde han om store anleggsmaskiner som hadde buksert seg opp på Grinde, berre for å snu. Dei hadde fått oppgitt feil adresse.
Eg vil legga til at dei som trur dei har vore på ski i Grindsdalen, har ikkje vore det. Sjå bilete
