Bærtur


Torsdag var Onsdagsturen på bærtur i Hottadalen. Det var vakkert der, heiete liksom
- og så slepp med fjorden, sa Idun
Det var eit stykke ut på dagen og eit slør for sola, og svalt. Ein liten trekk.

Ylva plukka eit kvart spann, og det var stort

Idun og Maja hadde bakt. Selja hadde eigne kjeks, men kunne eta strøsselet,
Hugs glutenfritt!

Andre tok og føre seg av strøsselet, og åt seinare glasuren med kniv
Det var ein som sklei på grusen og hamna på rumpa, og det var? Rett svar; Trine. Jubelen sto i taket.
Mens me venta ved bilen på at Mamma og Mamma skulle verta ferdig og plukka, prøvde Selja å jaga vekk sauene som gressa langs vegen. Då sprakk trommehinnene mine.
Onsdag går turen tilbake til Hottadalen. Om ungane er med vert med vert det pølser og kos og mos i gapahuken. Om ikkje, vert det kake utan strøssel
Hugs smittevern!