Pyttane, 26. november


På vegen opp til Kvålen køyrde me forbi Linda på sykkel. Me prøvde å vinka og sei hei, men vart møttav stone-face.
Ylva og eg venta ei lita stund ved brui før ho kom. På displayet på sykkelen sto det "error". Ho hadde meir eller mindre drege med seg 25 kilo sykkel ved hjelp av rå muskelkraft.

Per Steinar Melås har restaurert eit småbruk i Njøsadalen som sto til forfall. Pyttane. Det står ope og ein kan gå inn å sjå ei utstilling in the making. Eg er redd han kjem til å frakta fram nokre av dei utstoppa dyra sine. Impala i Njøsadalen?
Me studerte ikkje denne merkinga

#finnsaga

Sia kom me opp i snøen #finnsaga

Me gjekk nær 6 kilometer, pluss 282 høgdemeter. Mykje er gjort på to timar

Vel heime reiste Trine ein tur på Bjørgehaug. Sia var det om å gjere å sjå sprinten i Ruka i opptak. Ho fekk ilt i håve før ho fann kva kanal han gjekk på.