Daledn - Kleppa, 9. desember


 

I det eg skulle sleppa ut Matja, sto Linda og Ylva oppe i vegen. Dei diskuterte kor vidt dei skulle ringa på. Linda var redd for å leggja press på meg, vel vitande om eg kom til å bli med. 

Sjølvsagt. Eg er lett påverkeleg og eg tenkjer med skrekk på om eg ikkje var det, og alt eg då ville ha gått glipp av. 

Me gjekk opp stien i krysset her på Monken og vidare opp Daledn, Kleppa og ned igjen Hallandsberget og stien til Anders. 

I bakgrunnen føregjekk ein politisk roller-coaster i Sogndal kommune. Her vart me oppdaterte, og då me kom ned att på Seberg hadde mannen til Linda ny jobb. Verda var snudd opp.ned. 

Skinlo må, for ordens skuld, framleis ta oppvasken i heimen. 

 


Publisert: 09.12.2021, 20:16


Andre artikler