
Me sat og lytta til Bedehuskanalen da ein timelang tale av Kina-misjonær Annie Skau (1911-92) kom fram. Ho fortalde om sitt kall som misjonær og om Guds løftesord i Bibelen. Ho hadde talt ein gong i ein kinesisk landsby om Jesus som vekte opp Jairus si datter, Mark 5, og då kom bønna: «Gjer det om igjen, Jesus!» Det galt sjuke mennesker som kom til stormøtet, mennesker i nød både for kropp og sjel. Annie måtte knele på golvet og i si avmakt rope til Jesus om helbredelse, og vart bønnhørt. Gud stod bak sitt ord, og det var denne virkelighet ho fortalde om på møtet. Budskapet hennes talte sterkt til oss frå TV-skjermen: «Kan Gud? - Gud kan!»
Publisert: 02.10.2025, 09:09