Ingen historie utan planter!

Anne Erstad
Planter har spela ei viktig rolle i historia, men har vore lite påakta. Mykje av det vi i dag ser rundt oss, både i politikk og kultur er eit resultat av korleis planter har påverka historia.
Alle kjenner namnet til hesten til Alexander den Store, men vi veit lite om kva planter han kjente til og korleis dei vart dyrka og brukt i hans tid. Kva var det han åt og drakk, kva var klea hans laga av? Plantene sine liv har vore gøymd.
Når ein spør etter ei hending der planter har spela ei viktig rolle og påverka utviklinga i eit land, er kanskje det første ein kjem på hungersnauda i Irland, årsaka av potetsjuke. I 1840-åra førte einsidig dyrking av potet til sjukdom, som så førte til masseutvandring som endra samfunnet både i Irland og i Amerika. Hungersnød er elles eit tema ein finn i dei fleste kulturane, både i historia og i mytane og sagaene.
Om ein skal gå systematisk til verks, har planter, frå den dagen dei oppstod, hatt avgjerande påverknad for livet på jorda. Liv – organismar som skaffar seg energi frå omgivnaden, veks og formeirar seg – hadde alt eksistert ein god stund då nokre eincella organismar for ca. 2500 mill. år sidan utvikla evna til å utnytte sollyset direkte og lage energirike sambindingar (sukker) i det vi kallar fotosyntese. Nå skjedde dei endringane som var nødvendige for seinare biologisk mangfald. Avfallsproduktet frå fotosyntesen, oksygen tok til å hope seg opp i atmosfæren, ei føresetnad for liv på land. Meir enn to milliardar år seinare er plantene dei første organismane som kjem opp av havet. Dei kan sjølv hjelpe til å utvikle jordsmonnet. Karbontida var storleikstida til plantene, og i dag bruker vi framleis av denne veksten i form av kol, olje og gass!
Planter har og spela viktige roller i samspel med menneska. Vegetabilsk kost har alltid vore basis i ernæringa, animalsk kost var vanskelegare å få tak i. På sine vandringar har dei tidlege menneska sikkert lagt merke til ulike planter, ulike produkt – blad, frukt, røter- og til ulike tider. Når dei kom igjen til ein tidlegare buplass kunne dei finne dei plantene dei lette etter på søppelplassane og etterkvart må dei ha starta å dyrke planter medvite. Vi veit kva planter som var dei første som vart dyrka. Fornufta tilseier at det må ha vore kornprodukt (bygg og kveite i Midt-Austen, hirse og sorghum i Vest-Afrika, ris og hirse i Aust-Asia, mais i Amerika), men vi kjenner også til at nytingsmiddel som sukker og tobakk kom tidleg i kultur. Det kan godt ha vore medisinske planter som var dei første kulturplanter. Det var viktig å ha medisin for handa når ein trong han.
Jordbruket kan nok ha oppstått på litt forskjellig vis, avhengig av klima, planteslag, jordsmonn og økosystemet rundt. Overalt har jordbruket gitt grunnlag for auke i folketalet og utvikling av kultur. Rikdommen frå jordbruket frigjorde både tid og krefter til andre sysler, landsbygder og seinare byar og spesialisering vart resultatet.
Kunnskap om plantedyrking vart overlevert munnleg, og ble sannsynlegvis ikkje verdsatt av kultureliten. Vi finn ikkje skriftlege kjelder om korleis ein skal dyrke planter før i Romartida. Dei første vitskaplege teoriane som vart utvikla, innan astronomi og matematikk, har sannsynlegvis i første omgang vore til bruk i jordbruket for å kunne forutseie avlingar, finne rett såtid og så vidare. Ein kjenner til fleire faktiske tekstar om faraoar som unngår svoltkatastrofe.
Når menneske blir bufaste vil dei ikkje kunne skaffe alt dei treng på staden. Handelen oppstår, og der er også plantene viktige. Over korte avstandar kan ein frakte korn i store mengder. Men livet treng også litt krydder. Krydder veks i fjerne land og handelen tek med seg både krydder, røykelse og andre lette og kostbare varer som silke.
Peppar og andre krydder kan berre dyrkast i tropene. Andre planter er lettare å flytte på. Ris har vore dyrka i Europa i fleire tusen år, sukkerrør har reist rundt heile verda. Oppdaginga av Amerika medfører at mange vekstar flyttar på seg. Mais og tobakk blir snart dyrka i Kina, sukker og kaffi flyttar til Amerika på store plantasjar.
Planter kan skaffe det meste vi treng, mat og drikke, nyting gjennom søtsaker og tobakk og ikkje minst fiber til kle og andre tekstilar. Fargestoffa kjem også i stor grad frå plantene. Den industrielle revolusjonen starta med spinning av bomull!
I dag dyrkar vi berre ein brøkdel av dei plantene som har vore viktige gjennom historia, men også i dag bruker vi langt fleire planter enn dyr.