Liv og død

Anne Erstad
Levande vesen treng energi for å overleve og formeire seg. I tillegg må dei kunne verne seg mot ugunstige forhold. Det kan vere i fysiske miljøet (temperatur, nedbør, næringsstoff), eller i samspel med andre organismar, parasittar eller rovdyr. Det kan gå på livet laus, men planter har nokre særeigne triks for å overleve.
Evig liv
Med den uuttømmelege energien frå lyset kunne planter ha hatt det evige liv. Mange planter kan då også bli særs gamle. Det er ofte eit definisjonsspørsmål om ein kan seie at eit individ er dødt. Planter kan ha mange utløparar eller stammar, og så lenge ein av dei er i livet kan ein seie at individet lever. Med denne definisjonen er den eldste nolevande plante ca. 10000 år gamal. Ei gran i Sverige har sannsynleg levealder 9550 år. Dersom ein reknar også buskar eller treklynge som eitt individ finst ei treklynge av osp i Nord-Amerika som har eksistert i 80000 år, den har klona seg 47000 gongar. Den eldste busken finst også i Amerika og er ein kreosotbusk på «berre» 11000 år.
I den andre enden av skalaen har vi eittårige planter, som eigentleg berre veks i nokre veker i vekstsesongen. Dei har heller ikkje mangel på energi, men dei har tilpassingsstrategien om å unngå dårlege levekår og satsar alt på å gjennomføre syklusen med vekst og formeiring på eitt år (ein sesong). Mange andre artar må nå ein viss storleik før dei kan blomstre og sette frø og nokre dør etter frøsetting (Agave).
Evig ung
Ein annan karakteristikk for planter er at dei veks heile livet. Det blir danna nye røter, greiner og blad kvart år. Tre og buskar blir større for kvart år, staudane våre inklusiv gras veks kvart år på nytt frå grunnen av.
Menneske har god nytte av denne eigenskapen og har brukt han i lang tid. Skjering av buskar og frukttre for å få unge friske skot og gi rom for god fruktsetting. Unge skot er særs ettertrakta hos dyra også. Etter ein lang vinter med matmangel gir den nye veksten etterlengta energi.
Pil og selje vart hausta til vinterfôr med nokre års mellomrom og vi fekk dei karakteristiske styvingstre. Vi kuttar ned hekken eller stoveplantene når dei blir for store, men dei kjem igjen! Til vanleg tenkjer ein ikkje over at planter utanom tre er eller blir så gamle, men eg har nyleg realisert meg at vi har hatt dei same rabarbraplantene i alle år, dei røtene må vere gamle! I stova har eg ei gulranke som vert klipt ned kvart andre eller tredje år, slik som mor mi gjorde. Eg er usikker på om mi plante er ein avleggjar av mor si, i så fall er ho minst like gamal som meg. Eg har også fleire andre planter som er godt vaksne. Nokre av dei kjem kanskje snart på mote igjen sånn som gulranke!
