Kva er ei plante?

Anne
Anne Erstad

Planter kan vere så mangt, frå algar i sjøen til svære tre. Frå planter som berre veks nokre veker til dei som blir tusen år gamle. Likevel har dei nokre fellestrekk. Fotosyntesen er alt nemnd, eit anna fellestrekk er at veksten er uavgrensa. Det veks ut nye blad kvart år, når ei plante missar greiner kan nye vekse ut. Det er fordi ei plante har mange vekstpunkt. Cellene i vekstpunktet kan dele seg og lage nye skot eller rot. Etter at plantene erobra landjorda laga dei ei arbeidsdeling. Røtene står for vassforsyning og mineralopptak, skotet har fotosyntesen som skaffar energi til både skot og rot. To separate røyrsystem sørgjer for transport av vatn oppover og sukker nedover.

Det startar med to vekstpunkt i frøet. Planteembryoet i eit frø er ei plante i miniatyr. Ho har eit vekstpunkt i toppen, som skal bli til skotet og eit vekstpunkt i botn som skal bli til rot. Mellom dei er stengelen med ein karstreng som bind vekstpunkta saman. Når frøet spirer strekkjer stengelen seg, og rota byrjar å vekse nedover. Etter kvart blir det danna fleire vekstpunkt som utviklar seg til siderøter med sine vekstpunkt i spissane. Skotet dannar eit eller to frøblad og vekstpunktet blir pressa oppover. Ved kvart blad blir det danna eit nytt vekstpunkt som kan bli til sideskot. Etter kvart som stengelen veks blir det danna fleire blad, heile tida med nye vekstpunkt. På denne måten sikrar planta seg og livet sitt. Om eit skot blir øydelagt er det eit nytt vekstpunkt som kan ta over. Om alt det overjordiske forsvinn kan rota sende opp eit nytt skot. Omvendt kan stengelen slå rot når han finn ein eigna stad.

Planter er utsett for mange farar, både i naturen og i samspel med menneska og deira husdyr: beiting, slåing av gras, klipping av buskar og tre, stormfall, lyn, oversymjing, åtak av skadelege insekt osv. Då er det greitt å ha fleire vekstpunkt som gjer det mogleg å overleve. Ikkje alle vekstpunkt skal vekse ut med ein gong, og planta må verne om vekstpunkta. Vekstpunktet blir verna av nokre blad som legg seg over sjølve vekstpunktet, det blir danna ein knopp. Sjølve vekstpunktet sit under huda, men rundt vekstpunktet blir det danna bladanlegg som legg seg over vekstpunktet som ekstra vern. Når knoppen treng å overleve vinteren er det ofte nokre harde knoppskjell ytst, som gir ekstra vern mot kulde og snø. Knoppen som bryt har ferdig det nye skotet med blad, og treng berre å strekkje seg.

I nokre av våre grønsaker kan vi sjå vekstpunkta og veksemåten spesielt godt. Desse er foredla slik at vekstpunkta blir større og fleire samla. I blomkål har vi mange vekstpunkt i hovudet. Hovudet består av samanvakse stenglar med nakne vekstpunkt i toppen. I eit slikt hovud er det tusenvis av vekstpunkt, og eit tre med alle sine greiner og kvistar har då også tusenvis av vekstpunkt. Rosenkål syner godt korleis det er ein knopp i kvart einaste bladhjørnet.

Bilde frå Pixabay

Det er både indre og ytre forhold som styrer kven av knoppane som bryt. Mange knoppar er i dvale, og dei bryt når det trengs. Mange lauvtre dannar rotskot etter hogst. Når vi klippar bærbuskar og frukttre stimulerer vi danning av unge friske skot. Mottoet for planter synest å vere: så lenge det er liv i eit vekstpunkt er det håp. Derfor er mange av tiltaka plantene har mot dårlege levekår retta mot å verne vekstpunkta.

Dette innlegget begynte med embryoet i frøet som blir til ei plante. Seinare skal vi sjå på kva planter gjer for at frøet skal spire og den nye planta skal vekse. Så ser vi på planteveksten og korleis planta klarer seg gjennom året før vi ser på korleis neste generasjon blir danna og nye frø skal spire.


Publisert: 17.10.2025, 10:40


Andre artikler