Triksar ved frøspiring

Anne
Anne Erstad

Eit planteliv startar med frøet som har ei plante i miniatyr i seg. Frø kan vere bittesmå, med fleire tusen frø pr. gram eller ganske store som avocadosteinar.

Frøet er som oftast ein ny generasjon, med andre eigenskapar som påverkar sjansen til å overleve. Det er viktig at frøet ikkje spirer til feil årstid eller på feil stad. Alt på dette stadiet er det trong for nokre triks for å overleve.

Sjølve frøet består av frøkimen, rot og frøblad. Reservenæringa kan ligge i frøblada som hos erter og bønner eller i frøet, som i korn. Reservenæringa kan vere karbohydrat som stivelse eller litt sukker, eller feitt. Kornsortane er rike på stivelse, nøtter er rike på feitt. Som regel er det også noko protein i frøet. Spiringa startar ved at rota bryt ut og veks. Viss rota finn vatn og næring blir dette brukt til å utvide cellene i heile frøplanta. Rota festar seg og banar veg nedover mens frøbladet eller blada presser oppover mot dagslyset. Først då kan fotosyntesen starte og gi energi til vidare vekst både over og under jorda. 

Det krevst heilt ulike forhold for å få frøet til å mognast og å få det til å spire. Derfor må frøet som regel gjennom ei lang ventetid, med kulde og snø hos oss, eller med varme og ein tørr sesong lenger sør.

Triks 1 Eit hardt panser

Mange frø har eit hardt skal, det skal verne mot eting av både dyr og mikroorganismar, men og mot frost og drukning. Frøet ligg i jorda gjennom vinteren og blir utsett for kulde og mykje snø og regn som gjer at jorda er metta med vatn. Skalet er vasstett, men blir likevel over tid brote ned. Då kjem det væske til embryorota som byrjar å vekse og bryt ut av skalet. Også toppen har stor vekstkraft, som løvetanna som bryt gjennom asfalten er eit døme på.

Hos nøtter er det frukta som har det harde skalet. Nøtter veks på tre som hasselnøtt eller valnøtt, men også korn er ei nøttefrukt, frøet ligg inn i frukta og har berre eit tynt skal. Hos steinfrukt, kirsebær eller fersken er det sjølve frøet som har eit hardt skal, som ei lita nøtt.

Triks 2 Vårfornemmelse

Signalet for frøet om at våren kjem er temperaturauken. Likevel må ikkje frøet spire for tidleg, som i ein varmare periode om vinteren. Derfor har mange frø dvale, og denne dvalen må vere ferdig før frøet kan spire. Som regel er det nokre stoff i frøet som hemmar spiring. Dette stoffet brytast ned gjennom vinteren og då kan frøet spire når våren kjem. Når veksten er i gang let den seg ikkje stogge, derfor er det viktig med rett timing. Mange frø kan ligge i jorda i fleire år før spiring.

Frøkvile er vanleg hos ville planter og vi finn det også hos prydbuskar og tre som blir produsert i planteskule. Då menneska starta dyrking av planter for 10-12000 år sidan hadde også korn og erter frøkvile. Det var upraktisk og moderne korn og ertesorter har ikkje frøkvile lenger. Det er eit teikn på domestisering, som gjer planter og menneske gjensidig avhengig av kvarandre. 

Klimaendring er ei utfordring for plantene med frøkvile. Vi opplever stadig oftare varme periodar midt på vinteren, som kan lure frø til å spire. Når kulda kjem tilbake dreper den spiren. Her er det forskjell mellom planter som er vane med eit kontinentalt klima og dei som veks langs kysten. Langs kysten er det meir vanleg med milde periodar om vinteren og dvalen varer som regel lenge. I Sibir er det jamt kaldt heile vinteren og dvalen kan vere over i januar. Det er ikkje farleg fordi det ikkje blir varmt før på våren og frøet blir ikkje lurt. Men når vi sår slike frø i eit klima med større variasjon gjennom vinteren kan dei bli lurt.

Frøsal i botanisk hage i St. Petersburg


Publisert: 30.10.2025, 10:41


Andre artikler