I lyngen

Anne
Anne Erstad

I går var vi i Bulandet og Værlandet, Askvoll kommune. Då vi køyrde i land i Værlandet fekk den blomstrande lyngn meg til å tenkje på purpurlyng. Frå bilen var den vanskeleg å oppdage,

 og då vi gjekk rundt i Bulandet såg vi ikkje purpurlyng. Derimot såg vi kristtorn og forblåste tre og buskar av andre slag. 

Tilbake på Værlandet oppdaga vi rikeleg med purpurlyng. Den var ikkje avblomstra som klokkelyngen, og ser ut til å blomstre i ein periode mellom klokkelyng og røsslyng. Purpurlyngen er i slekt med klokkelyng, begge er i slekta Erica. Vanleg røsslyng er i slekta Calluna. På bildet ser ein at purpurlyngen har klokker som klokkelyngen, men mykje sterkare farge, også samanlikna med røsslyngen. 

Purpurlyng finn ein berre på dei ytste øyene på Vestlandet fordi den ikkje toler kulde om vinteren, i alle fall ikkje over lengre periodar. Det same gjeld kristtorn som vi likevel finn på fastlandet langs kysten opp til Sunnmøre.


Publisert: 15.08.2025, 11:29


Andre artikler