Triks frå planteriket

Anne Erstad
Planter seier ikkje noko, dei rører ikkje på seg, kan dei sanse? Korleis viser dei kjensler og korleis kommuniserer dei? Korleis reagerer planter på omgivnaden, og korleis vil dei klare seg med klimaendringane? Mange spørsmål som treng eit svar.
Vi kan ikkje lenger ta plantene for gitt. Artsmangfaldet er truga og det gjeld også plantene. Planter er ikkje kulissar for livet men er ein del av det. Vi kan snakke om planter etter at fotosyntesen oppstod, for 2,8 mrd år sidan omtrent. Dei første plantene var eincella, og utvikla seg etter kvart til algar, tang og tare. På landjorda kjenner vi også til algar, lav, mosar og bregnar. Blomsterplantene kom seint, men her i bloggen er det i hovudsak dei det handlar om.

Planter har spreidd seg over alle kontinenta, over heile jorda og frå fjord til fjell. Det er berre der det er is året rundt at ikkje plantene har etablert seg. Det gjer at levekåra er svært ulike, frå varm og fuktig tropisk regnskog, til ørken og til tundra med permafrost. Også jordsmonnet varierer frå næringsrik til næringsfattig og frå djup jord til berre nokre centimeter med mose og torv. Planter er levande vesen, men det er vanskeleg å definere kva liv er, ein kan i alle fall ikkje seie det med berre eitt ord. Det alle levande vesen treng er energi. Alt som skjer av vekst og utvikling, reaksjonar på ytre forhold og andre individ, og formeiring, danning av nye generasjonar, skjer gjennom kjemiske reaksjonar som krev energi. Den neste faktoren liv må ha eit forhold til er ytre faktorar, for planter er det vêr og vind, jordsmonn, men også andre planter og dyr som kan vere konkurrentar eller samspelarar. Levekåra kan endre seg og då er det kanskje ikkje nok å tilpasse seg, men det må dannast nye generasjonar som kan klare seg betre under dei nye vilkåra. Plantene har klart å vekse og trivst og formeire seg gjennom millionar av år. Dei har klart å tilpasse seg når istida kom og då ho gjekk igjen. Vi kjenner nokre artar som har vore på jorda sidan Karbontida og nokre nye som er kome til, og som til dels er menneskeskapt. I denne bloggen skal vi sjå på kva planter har gjort for å kunne tilpasse seg dei ulike levekåra og korleis dei har kome seg dit. Det er ikkje alle planter eller plantefamiliar som kan alle desse triks, men nokre har utvikla spesielle eigenskapar og dermed kanskje også gitt sjansar til andre planter.