Ja til merking av GMOmat

Anne
Anne Erstad

I Noreg er det ikkje lov å dyrke genmodifiserte planter. Men det er lov å selje kjøtt og fisk som er produsert med genmodifisert fôr utan å merke dette. Dette kom fram i Nationen i førre veke. Så langt er det berre importert kjøtt som kan vere produsert med genmodifisering. Lobbyen for å innføre GMOmat og å tillate produksjon og forsking på dette i Noreg er sterk og bastant i sine påstandar, og dei er aktive i valkampen. Dei ønskjer ikkje at norsk kjøtt og fisk (les laks) skal merkast når dei er fora med genmodifisert fôr, fordi det er heller ikkje utanlandsk produsert kjøtt. 


Som på mange andre område er Europa og Noreg heldigvis meir restriktive med innføring av ny teknologi. Men også innad i Europa er det sterke kreftar som ønskjer frislepp for genmodifisering. 

GMOnettverket (gmonettverket.no) samlar den norske motstanden mot genmodifisering. Det er både vitskaplege og etiske argument mot genmodifisering. I beste fall greier ein å endre på eitt gen. Men dei fleste eigenskapane til planter og dyr er styrt av fleire gen eller av samspelet mellom genet og resten av eigenskapane. I forhold til planteproduksjonen kjem i tillegg at denne er avhengig av været og jordsmonn. Det hjelper lite med ein modifisert plante som toler tørke det året det regner for mykje. 

Det hadde vore fint om vi med genmodifisering kunne hindre plantesjukdommar. Det var argumentet for 50 år sidan. Det som er skjedd er at det var enklare å gjere plantene motstandsdyktige mot sprøytemiddel. Då fekk ein seld både frø óg sprøytemiddel!

Eg vil gjerne vite om kjøttet eller fisken eg kjøper er produsert med genmodifisert fôr. Å overføre gen frå ein annan organisme (gjær eller alger) som her i raps skapar ubalanse i planta og det er heller ikkje sikkert at genet uttrykker seg på same måten som i algen. Vi anar heller ikkje kva konsekvensar det får for laksen sin helse og til slutt for vår eigen helse.


Publisert: 25.08.2025, 11:31


Andre artikler