Den første børskrisa

Anne
Anne Erstad

Samanbrotet på børsen i 2008 vert mykje samanlikna med krisa i 1929, som medførte ein langvarig depresjon med alle politiske konsekvensar. Går ein lengre attende i historia, er det den aller første børskrisa som også er den største til no. Denne fann stad alt i 1637 i Holland!

Ein kan samanlikne krisa i dag med den i 1637 på mange måtar. Det var spekulasjon i framtidige verdiar som ikkje hadde grunn i reelle verdiar og styresmaktene prøvde så godt dei kunne å løyse krisa. Spekulasjonsobjektet den gongen var tulipanlauk, som på det meste var verdt meir enn si vekt i gull!

Tulipanen

Tulipanen var komen til Vest-Europa ca. 1560. Då var han eit forskingsobjekt, vart dyrka i botaniske hagar og sendt mellom vitskapsmenn over heile Europa. Det var populært med samlingar av framande objekt og rikfolk tok til å plante tulipanlauk. Nokre få hollandske gartnarar byrja å formeire tulipanar frå 1592.Tulipanlauken må ha ein viss storleik før han kan bløme. No reknar vi omkrins eller diameter, den gong rekna ein vekt. Ein tyngre tulipan var meir verd. Gjennom ekstsesongen vert lauken brukt opp og ein ny vert danna til neste vår. Den nye lauken kan vere større eller mindre enn den gamle. Når planta i tillegg lagar fleire smålauk, vert hovudlauken ikkje så stor. Desse smålaukane må gjerne få vekse i nokre år før dei blømer.Dei mest ettertrakta tulipanane var dei som hadde eit flammemønster. Mønsteret er orsaka av eit virus. Virusåtaket kan variere frå år til år, og det er heller ikkje sikkert om viruset går over i smålaukane. Viruset reduserer dessutan vekstkrafta til lauken.Dersom du eig ein tulipan med fint flammemønster, kan du selje han dyrt, men kjøparen er ikkje garantert ein like fin blome neste år. I løpet av vinteren kan han få freistande bod om å selje denne fine tulipanlauken med vinst.   Bildet er henta frå referansen, teksten er: ein dåre og hans pengar er nesten åtskilde                                                                  

Tulipangalskapen

Gartnarane greidde etter kvart å produsere fleire laukar, og frå å vere eit statussymbol vart tulipanen eit luksusobjekt, som likevel kunne kjøpast av folk flest tidleg på 1600-talet. Frå cirka 1620 byrja spekulasjonane å ta overhand. Ein selde etter kvart ikkje laukar, men verdipapir som gav rett til ein lauk. Kjøparane såg ikkje lenger vara. Prisane auka, alt i 1624 kunne dei beste laukane koste 1200 gylden, eller 4 årsløner til ein faglærd. Arbeidarane hadde ikkje råd til tulipanar fram til 1630-talet. Då lånte dei ofte pengar med verktøyet sitt som pant. Fram til 1633 vart tulipan berre seld om våren og sommaren, men etter den tida vart tulipanar og seld om hausten og vinteren. Ein måtte stole på gartnaren. Ein finn mange rettsprotokoll frå den tida som handlar om strid om tulipanar. Så lenge marknaden var på veg opp, kunne ein selje papira med vinst. Ein lauk kunne skifte eigar opp til ti gongar i løpet av vinteren utan å ha blitt sett av nokon. Fattige kunne ikkje vere med på å gi bod på dei finaste tulipanane. Dei fekk tilbod om einsfarga, mindre laukar, og der vart prisen óg pressa oppover, i januar 1637 vart prisen på slike laukar 25-dobla

Krakket

I Haarlem om kvelden 3. februar 1637 vart eit parti einsfarga laukar tilbode for 1250 gylden. Seljaren fekk ikkje tilslag, ikkje ein gong då han senka prisen, først til 1100 og heilt ned til 1000 gylden. Ryktet spreidde seg fort gjennom byen, og frå den dagen var det slutt på tulipangalskapen i Haarlem. Også i dei andre byane fekk ein raskt vite om det som hadde skjedd, men salet heldt fram nokre dagar. Kunstmålaren Jan van Goyen kjøpte den 4. februar nokre svært dyre laukar. Han angra nok resten av livet. Sjølv den 5. februar var det mogleg å selje tulipanlaukar til nye rekordar. Kroverten og enkemannen Wouter Winkel hadde starta tidleg med handel i tulipanlaukar, og tent mykje. Han døydde sommaren 1636, og etterlèt 7 små barn. Formynderiet selde ut buet den 5. februar og fekk seld dei 70 laukane til ein gjennomsnittspris på 1000 gylden. Nokre enkeltlaukar vert seld for 3-5000 gylden, prisen til eit stort bustadhus den gongen. Etter 5. februar var det definitivt over.

Styresmaktene

Både kyrkja og staten hadde tidleg åtvara mot spekulasjonane. Ein likte ikkje at mykje av handelen gjekk føre seg i kroer og vertshus, og at kjøparen som regel måtte spandere drikkevarer på seljar og vitne. Det vart utstedt plakatar med åtvaringar og forbod mot sal på termin, men mykje av handelen fann stad utanom dei vanlege børsane, til og med i kyrkjene! Staten var svak i forhold til dei mektige byane, og mange lurte på korleis staten kunne hjelpe. Produsentane sjølve tok det første initiativet. Ein ville slette alle kjøp etter 31.oktober 1636. Det ville vere opp til den enkelte kjøpar om han ville gjere krav på kjøp etter den 1. november, og då måtte han gjere opp 10 % av den opphavlege kjøpesummen. Byråda i dei største byane støtta denne ordninga og Staten godkjente ho i april. Mange vart berga av denne ordninga, ofte hadde dei vore både kjøpar og seljar og dei innsåg vel og at utan panten, som ofte var verktøy, kunne ikkje skyldnaren gjere opp for seg. Nokre var uheldige, som Jan van Goyen, som ikkje kom til eit forlik med sine långivarar. Resten av livet måtte han på nytt måle landskap, og han døydde fattig.

Ei lærepenge?

I utlandet var ein forundra over det som skjedde i Holland. Verdien av tulipanane vart redusert til 1 % av toppverdien, og i mange tilfelle hadde ein ingenting igjen. Men interessa for tulipanen var vekt, og i åra etter 1637 kom eksporten i gong og med det vart grunnlaget lagt for Holland – tulipanland. Hundreåret etter vart sviblane svært populære og ein fekk ein oppgang i omsetnaden som kan samanliknast med tulipangalskapen. Nøyaktig hundre år seinare i 1737 kom krakket med sviblane, men det var ikkje så stort som det første krakket i historia.

Kjelde: In en uit de kap. Pamfletten naar aanleiding van de tulpenwindhandel in 1636/1637 http://www.fransmensonides.nl/tulp/h2.htm


Publisert: 05.09.2025, 10:46


Andre artikler