Verdien av planter

Anne Erstad
Sist såg vi korleis ei plante skapte den første børskrisa i verda. Også før det har planter eller planteprodukt hatt stor verdi og blitt brukt som valuta.
Handel mellom menneske er urgamal, til og med jegerar og sankarar kunne ha litt bytehandel. Det var slik handelen starta, som bytehandel. Bytehandel går bra så lenge ein bytar likeverdige produkt og når begge partar ønskjer det den andre tilbyr. Av og til treng den eine t.d. stein til å lage øks, men den andre treng ikkje noko av det han får tilbod om. Då kan han få nokre nøtter som han kan bytte med nokre andre ein annan stad. Nøtter blir ein valuta fordi dei er eigna til det. Dei er små og lette å ta med seg, dei held seg friske lenge og har nokolunde eins storleik og vekt. Partane kan bli einige om verdien av ein sekk med nøtter og verdien held seg over store område. Før ein fekk mynter av metall var det nøtter og skjell som var brukt som valuta over store delar av verda. I Latin Amerika var kakaobønner brukt som valuta, dei har dei same fordelane som nøtter.
Planter som valuta held seg også etter at ein fekk mynter. Vi kjenner jo i dag (plante)kost og losji som vederlag for ei teneste. I gamle dagar var det meir vanleg å få utbetalt løn i natura. I Egypt i faraotida fekk dei som jobba med gravene gratis mat. I romartida var peppar blitt kjent og blei oppfatta som luksusvare, men ikkje verre enn at ein soldat i England kunne kjøpe seg litt peppar av og til.
Sjølv om peppar frå India kom vestover til Egypt og Roma var handelen austover mot Kina mykje større. Keisaren i Kina og fyrstar og kongar langs handelsrutene prøvde å slå mynt på krydderhandelen ved bruk av handelslisensar og eller tollsatsar. Keisaren innførte statsmonopol på handelen og fekk dermed enorme lager med peppar. Til slutt var peppar utbetalt som løn, og tenestemennene kunne selje mindre mengder peppar på marknaden. Egypt var framleis eit knutepunkt for handelen under arabarane og dei prøvde seg også med monopol fleire gongar. Hos Aztekarane var kakaobønner eit privilegie. Kongen hadde store lager og då spanjolane kom vart dei invitert som heidersgjestar og servert kakaodrikke. Kakaodrikkinga i Europa starta ved det spanske hoffet.
I dag er safran det dyraste krydderet med ein verdi av omtrent ein tiandedel av gullverdien.
Referanser:
Cobb M 2018 Black pepper consumption in the Roman empire. J. Economic Social History of the Orient.
Feinman G 2019 Interregional interaction in Ancient Mesoamerica.
Fischel WJ 1958. The spice trade in Mamluk Egypt: a contribution to the economic history of medieval Islam. J. Economic Social History of the Orient.
Fitzpatrick MP 2011. Provincialising Rome: The Indian Ocean trade network and Roman imperialism. J. World History.
Svizzero S 2014. Preneolithic economy. History of economic ideas.